Velkomen

.. til nettunet til Kviteseid historielag!Kommunehuset speglar seg i dei gamle vindua på biblioteket (Foto: Siri Johannesen)

Tunet har mange vindauge til fortid, med von om at det du ser
skal vere til nytte i notida og framtida. Å take vare på røynslene,
gode og mindre bra, gjer ein betre rusta til å take gode val for
ein sjølv og andre og dei som tek over!

Bli med i historielaget og form framtida …!

Bygdenamnet Kviteseid har fått ymse tolkingar millom dei lærde; men dei fleste meiner no namnet skriv seg frå den kvite, glitrande fjorden som ein støtt har for auga, (oldn. Hvitstir).

Stadnamn på data!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjå: https://www.edd.uio.no/navneregistrering/aapen/hovedside.html

Her ser du korleis du kan finne fram:

Fyll ut søkekriteria i felta til venstre i bildet og trykk på søk-knappen – hugs å fylle inn kommunenamn og Gards-/bruksnr.
Bruk eventuelt ‘norgeskart.no’ for å finne gards- og bruksnummer på aktuell eigedom.
Merk at stadnamn som er plassert i veg eller elv har fått gardsnummer ‘0’ ved registrering.
Bruk karakteren * som ‘wild card’ når du vil spesifisere søket.

Send gjerne ei melding/epost til historielaget viss du treffer på namn som er feilplassert.

Bruk denne:
stadnamn@soge.kviteseid.no

Treng du hjelp/rettleiing, ring historielaget v/Stein Larsen 92012639

Årsmøte i Kviteseid historielag

Tore og Ane får gåvebrev på måleri av Jon Bakken. Dei har stått for 20 utgåver av Gamalt frå Kviteseid

Tysdag 5. mars hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafe i Kviteseid. Over 20 medlemer var møtt fram. Årsmøtesakene gjekk som vanleg greitt unna. Det blei små endringar på dei tillitsvalde i styret. I 2019 har historielaget dette styret: Leiar Johannes Skarprud. Styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Svein Straumsnes.
Varamedlemer: Hans Øy, Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen.
Redaksjonsnemn: Jørgen Moen, Gunnar Ruud og Johannes Skarprud
Etter å ha vore redaktør for dei siste 20 utgåvene av «Gamalt frå Kviteseid» takka Tore Skaug for seg. Som takk for langt og truge arbeid fekk han og kona Ane eit måleri av Jon Bakken, som takk for innsatsen i alle desse åra. Det er Ane som i alle desse åra har stått for utforminga av boka.
I året som har gått har det vore arbeidet med stadnamnsamlinga etter Thor Wraa som har vore det store arbeidet. Saman med Vest-Telemark Museum har laget, særleg då Stein Larsen og Sverre Bakken, saman med ei stor mengde grendefolk gjort eit imponerande arbeid med å få desse namna kartfesta på digitalt kart.
Etter årsmøtesakene var det sjølvsagt kaffe og kaker og utlodding. Kvelden blei avslutta med ein konsert med Ragnhild Knudsen.

Ættesoga er no dobbelt så stor

Ættesoga innheld no over 100% fleire personar ‎(47.700)‎ enn i den trykte ættesoga til Loupedalen frå 1954. Tal familiar har auka med 78%.

Det har og kome over 195% fleire hendingar knytta til personar og familiar. – Og i tillegg er feil retta …

Så, Hipp, hipp, hipp, hurra, til alle som har vore med !!!
100%


PS. I snitt har det kome 7 nye personar kvar dag sidan 2010 ‎(9år)‎ 🙂

Stadnamn engasjerer

Botolv Helleland heldt eit engasjerande innlegg om stadnamn og tyding av slike namn. (Foto: Anne Sofie Tresland)

Helleland drog fulle hus på Waldenstrøm kafe torsdag 17. januar.
Bort i mot 80 personar møtte fram, men alle fekk kaffe og kaker.
Tema var stadnamn.
Prosjektet er digitalisering av stadnamn i Kviteseid.
Arbeidet går med stormskritt framover noko som ein kan takke Per, Stein og Sverre for, og no også ei stor gruppe andre som er med å får namna inn på digitalt kart.