Tore og Ane får gåvebrev på måleri av Jon Bakken. Dei har stått for 20 utgåver av Gamalt frå Kviteseid

Tysdag 5. mars hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafe i Kviteseid. Over 20 medlemer var møtt fram. Årsmøtesakene gjekk som vanleg greitt unna. Det blei små endringar på dei tillitsvalde i styret. I 2019 har historielaget dette styret: Leiar Johannes Skarprud. Styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Svein Straumsnes.
Varamedlemer: Hans Øy, Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen.
Redaksjonsnemn: Jørgen Moen, Gunnar Ruud og Johannes Skarprud
Etter å ha vore redaktør for dei siste 20 utgåvene av «Gamalt frå Kviteseid» takka Tore Skaug for seg. Som takk for langt og truge arbeid fekk han og kona Ane eit måleri av Jon Bakken, som takk for innsatsen i alle desse åra. Det er Ane som i alle desse åra har stått for utforminga av boka.
I året som har gått har det vore arbeidet med stadnamnsamlinga etter Thor Wraa som har vore det store arbeidet. Saman med Vest-Telemark Museum har laget, særleg då Stein Larsen og Sverre Bakken, saman med ei stor mengde grendefolk gjort eit imponerande arbeid med å få desse namna kartfesta på digitalt kart.
Etter årsmøtesakene var det sjølvsagt kaffe og kaker og utlodding. Kvelden blei avslutta med ein konsert med Ragnhild Knudsen.