Historiske bilete frå Kviteseid.

Kviteseid historielag arbeider aktivt med å få ei fotosamling som kan ha interesse for folk både i og utanfor Kviteseid.
Har du bilete som kan ha interesse, høyrer vi gjerne frå deg. Ta kontakt med laget.
Dei fleste bileta våre kan du også kjøpe. Vi vil selje dei som digitale filer av god kvalitet (høg oppløysing).
Pris vil vera 100 kr pr stk. Nokre få av bileta våre er ikkje til sals, fordi vi ikkje har fulle rettar til  dei.