Widerøe’s flyveselskap har gjennom mange år tatt flyfoto frå alle kommunar i landet.

Kviteseid kommune kjøpte på 1980-talet dei som var tatt frå Kviteseid frå før 1970. Fram til i dag har desse lege på lager. Tidlegare i år gjorde kommunen og historielaget ei avtale om at historielaget kunne skanne desse og bruke dei som sin eigedom. Dette har vi no gjort, og no ligg det ute nesten eitt tusen bilete frå nesten alle delar av kommunen. Nesten 500 svart/kvit- bilete og om lag like mange i fargar.

Desse bileta er av svært god kvalitet. Men dei som ligg på heimesida vår har ikkje så høg oppløysing. 
Bileta kan ein kjøpe av historielaget som elektroniske filer med svært god oppløysing.

Bileta kan også brukast til andre ting, slik som utstillingar, framsyningar og liknande. Ta kontakt med historielaget dersom du har ein ide.

Vi håpar du vil finne desse bileta interessante.