• Gjer eit søk:
  • Syn tema: (Klikk på eit bilete)
Alfred Myrann med folk og lastebil - #KvH 09-097 b
Alfred Myrann med folk og lastebil - #KvH 09-097 b Her er den fyrste lastebilen til Alfred Myrann. Bilete teke rundt 1935. Fv. Gudrun og Alfred Myrann, Olav G. Tveit, Sigrid Halvorsen og Peder Dale. Framme fv. Bjørg og Kari Myrann.
Andreas Holte (Nordheim) - #KvH 09-064 b
Andreas Holte (Nordheim) - #KvH 09-064 b Andreas O. Holte (Norheim) var både målar og spelemann. Her ser vi han står og målar ute på Norheim (Nordre Oppebøen) der han budde.
Andreas Holte på Nordheim - #KvH 09-065 b
Andreas Holte på Nordheim - #KvH 09-065 b Andreas O. Holte (Norheim) var både målar og spelemann. Her ser vi han i tunet på Norheim (Nordre Oppebøen) der han budde.
Andreas O Holte - #KvH 09-063 b
Andreas O. Holte - #KvH 09-063 b Andreas O. Holte (Norheim) var både målar og spelemann. Her er han på Holte der han hadde namnet sitt frå.
Anne Homme Anne Templen Brunkeberg - #KvH 09-109 b
Støtta på Brunkeberg tidleg 1920-tal - #KvH 09-109 b Frå venstre: Anne Homme og Anne Templen
Åse Sveinung Otto Knut Bjørg-Hilde Vegard 02 - #KvH 09-130 b

Blide ungar i Lundevallsgrendi - #KvH 09-130 b

Frå venstre: Åse Kristin Berger, Sveinung Lundevall, Otto Eilevstjønn, Knut Eilevstjønn, Bjørg Hilde Dalen og Vegard Lundevall.

Aslak Fjellheim Hans Kilen Brunkeberg - #KvH 09-110 b
Aslak Fjellheim og Hans Kilen på Brunkeberg - #KvH 09-110 b Biletet truleg frå midt på 1920-talet.
Aslak Herrefoss- Andreas Blikom - #KvH 09-049 b
Aslak Herrefoss- Andreas Blikom - #KvH 09-049 b Her står Handelslagsbestyrar Aslak Herrefoss utanfor Kviteseid Handelslag saman med fast og dagleg kunde gjennom fleire tiår Andreas Blikom. Det nye inngangspartiet har nett kome. Bilete er frå først i 60 åra.
Bergit Skogheim på Kvinandalen - #KvH 09-082 b
Bergit Skogheim på Kvinandalen - #KvH 09-082 b Bergit Skogheim sat på staulen i Kvinnandalen i mange år. Her har ho fått besøk ein dag i 30 åra. Frå høgre: Karoline Jakobsen (Vesla Syftestad), Astrid Dalen (Seland) og to ukjente.
Bil utfor vegen 1958 - #KvH 09-073 b
Bil utfor vegen 1958 - #KvH 09-073 b Her studerer Johannes Bakken bilen sin etter at den trilla utanfor vegen i Haukomgrenda. Han hadde stoppa for å prate med ein annan mann, og hadde ikkje sett på handbremsa. Dermed tok bilen avstad på eiga hand, og hamna på jordet på Midtsund.
Bil verkstaden Bensinstasjonen i Fredheim kjellaren - #KvH 09-085 b
Bilverkstaden og Bensinstasjonen i Fredheim-kjellaren - #KvH 09-085 b Ludvig Nilsen kalla “Danske-Nilsen” var elektriker og arbeidde ei tid på Kviteseid Elektrisitetsverk, han sto også for drift av eit reparasjonsverkstad i Fredheimkjellaren med salg av bensin, parafin mm. Ivar Kosi og Johs. Bakken arbeidde der ei tid. Danske-Nilsen flutte seinare til Lunde og stod for drifta av eit kraftverk der. Her ser vi Arne Kosi og Tarald Sundet framfor Fredheim-kjellaren.
Bilberging 1 - #KvH 09-051 b
Bilberging 1 - #KvH 09-051 b I slutten av femtiåra køyrde Arne Heimdal tømmerbilen til Olav Breidalen, han køyrde ut på isen ved bryggja og leste av utanfor Kviteseid Bruk. Der fekk han skade på bilen og etter ei tid var han på veg tilbake over isen. Meieriet hadde eit avløpsrør som kom ut i fjorden innafor der isen brast og ein meina det var det som hadde gjort isen svak. Arne merka at noko var gale og opna døra og kom seg ut, bilen sokk på 16 meters djup. Bileta syner korleis ein fekk bilen opp att.
Bilberging 2 - #KvH 09-052 b
Bilberging 2 - #KvH 09-052 b I slutten av femtiåra køyrde Arne Heimdal tømmerbilen til Olav Breidalen, han køyrde ut på isen ved bryggja og leste av utanfor Kviteseid Bruk. Der fekk han skade på bilen og etter ei tid var han på veg tilbake over isen. Meieriet hadde eit avløpsrør som kom ut i fjorden innafor der isen brast og ein meina det var det som hadde gjort isen svak. Arne merka at noko var gale og opna døra og kom seg ut, bilen sokk på 16 meters djup. Bileta syner korleis ein fekk bilen opp att.
Bilkø 1953 - #KvH 09-048 b
Bilkø 1953 - #KvH 09-048 b Bilkøen var lang då vegen blei stengt på grunn av flaumen som øydela vegen ved Bjørknesbrua i 1953, bilete er teke ved Utsund (no Kvitsund).
Bjørneskinnet til Jon Århus - #KvH 09-122 b
Bjørneskinnet til Jon Århus - #KvH 09-122 b Jon Århus frå Vrådal var siste bjørneskyttaren i Kviteseid i 1923. Her ser vi bjørneskinnet hengt opp på bergknatten like bak husa på Århus.
Bondeheimen Brunkeberg 1940talet - #KvH 09-105 b
Bondeheimen på Brunkeberg, 1940-talet - #KvH 09-105 b På tavla til høgre på verandaen står dagens meny. På trappa eit skilt med: Drikk Asina.
Brakandalsnuten med Riselåmi og Brakandalshytta til høgre - KvH 09-159 b

Brakandalsnuten med Riselåmi og Brakandalshytta til høgre - #KvH 09-159 b
Det er Olav Lauve som er kjentmann og peikar mot Brakandalshytta.

Brunkeberg omlag 1950 - #KvH 09-101 b
Brunkeberg omlag 1950 - #KvH 09-101 b I huset til høgre heldt Samvirkelaget til på byrjinga av 1950-talet til dei flytte inn i eige hus på andre sida av vegen. Bak kan ein sjå Bergtun kafe som Anna Nord dreiv.
Brunkeberg omlag 1950 Olav Lauve Åse Kilen - #KvH 09-104 b
Brunkeberg omlag 1950 - #KvH 09-104 b Dette biletet er teke før Samvirkelaget (no bruktbua) blei bygd. Olav Lauve t.h. og Åse Kilen.
Brødrene Hauglid landhandel omlag 1950 - #KvH 09-094 b
Brødrene Hauglid landhandel omlag 1950 - #KvH 09-094 b I 1939 blei det bygd landhandel på Skogly, ei utskild tomt frå Hauglid i Dalane. Bak frå venstre: Olav Moen, Marie Hauglid, Tuva Lie. Framme frå venstre står Jon Hauglid. Heilt til høgre står Karen Orre, syster til Marie.