• Gjer eit søk:
  • Syn tema: (Klikk på eit bilete)
Bertold-bygningen i Brunkeberg - #KvH 04-172 b
Bertold-bygningen i Brunkeberg - #KvH 04-172 b Denne bygningen stod først i Morgedal ved Byggland og var reist i samband med gruvedrifta der. Den blei så flytt til Kosi i Brunkeberg i 1912. Her var den både posthus, landhandel og bustadhus. På 1960-talet blei den flytt til Rue av Tarjei Svolsbru. Heile soga til dette litt uvanlege huset kan du lesa i "Gamalt frå Kviteseid 2010". Styrkår Berge har skrive den. Dette biletet er truleg frå 1930-talet. Ungdomshuset Skjoldborg ser ein bak til høgre.
Brunkeberg frå Kyrkjenuten omlag 1960 - #KvH 04-053 b
Brunkeberg sett frå frå Kyrkjenuten omlag 1960 - #KvH 04-053 b
Brunkeberg kyrkje - #KvH 04-071 b
Brunkeberg kyrkje - #KvH 04-071 b Postkort Brunkeberg. Truleg frå før 1920
Brunkeberg omlag 1950 - #KvH 04-054 b
Brunkeberg omlag 1950 - #KvH 04-054 b Postkort Brunkeberg Oppigard Groven, Staulen og Kosi, og med kyrkja bak til høgre.
Brunkeberg på 1930talet - #KvH 04-057 b
Brunkeberg på 1930-talet - #KvH 04-057 b Postkort Brunkeberg
Brunkeberg postkort - #KvH 04-079 b
Brunkeberg - #KvH 04-079 b Postkort Brunkeberg. Her ser vi Groven uppigard med Staulen og kyrkja til høgre. Oppe i venstre hjørna ser vi Landhandelen til Gunnar Kvålset. Seinare kalla Håtveitbui. Biletet må vera frå tidleg 1900-talet.
Brunkeberg postkort 12 18071955 - #KvH 04-145 b
Brunkeberg postkort 12 - #KvH 04-145 b Fotografert 18.07.1955
Dølehalli i Morgedal 30 - #KvH 04-055 b
Dølehalli i Morgedal 30 - #KvH 04-055 b Dølehalli stod ferdig i 1904. Kan dette biletet vera frå om lag 1930?
Dølehalli i Morgedal 33 - #KvH 04-056 b
Dølehalli i Morgedal - #KvH 04-056 b Her blir Dølehalli bygd på. Huset blei bygd i 1904, og 1931 vedtok UL Dølen og gjera eit påbygg. Aslak Kleiv tømra dette opp med dugnadhjelp frå bygdefolket.
Eidstå Vrådal - #KvH 04-048 b
Eidstå Vrådal - #KvH 04-048 b Ukjent årstal. Er det nokon som kjenner meir til dette?
Eidstaaen - #KvH 04-163 b
Eidstaaen - #KvH 04-163 b Eit tidleg postkort frå Eidsto. Truleg bare halve kortet.
Fjellheimstoga i Brunkeberg - #KvH 04-070 b
Fjellheimstoga i Brunkeberg - #KvH 04-070 b Tid og folk er ukjende.
Furuheim hotell Vraadal - #KvH 04-049 b
Furuheim hotell Vraadal - #KvH 04-049 b
Håtveitbui i Brunkeberg - KvH 04-064 b
Håtveitbui i Brunkeberg - KvH 04-064 b Postkort Brunkeberg Her står to karar i full puss utanfor Håtveitbui i Brunkeberg. Pakkbuveggen blei bruka til plakater med opp lysningar om ting som skulle skje i området. Bilete må vera gamalt etter kleda å døme.
Kviteseid Sanatorim m kurhall - #KvH 04-063 b
Kviteseid Sanatorim med kurhall - #KvH 04-063 b Distriktslege Johan Marius Heidenreich tok opp arbeidet med å få til ein tuberkuloseheim, sanatorium, i Kviteseid. Han fann ei høveleg tomt i granskogen bortom øvre Midtsund. Dei kjøpte tomta for 500 kr av Tor Vaa og huset stod ferdig i 1914. Det blei plass til 16 pasientar. I 1950 blei Granlien lagt ned som sanatorium, og det blei etter kvart heim for psykisk utviklingshemma kvinner fram til HVPU-reforma kom på 80-talet. Sanatoriet var utstyrt med røntkenapparat, og då det ikkje var langt i frå doktor- kontoret på Øvre Midtsund blei folk med brotskader sendt dit for å ta bilete. Vaktmeisteren Bjørndalen tok seg av den jobben i seinare år.
Loftet på Midtbøen 1920 Tov Tone Toralf og Olav Midtbøen -#KvH 04-179 b
Loftet på Midtbøen i Ordal 1920  -#KvH 04-179 b Framfor loftet står frå venstre: Tov, Tone, Toralf og Olav Midtbøen
Lønnegraf Misjonsheimen - #KvH 04-044 b
Lønnegraf Misjonsheimen i Vrådal- #KvH 04-044 b Bygd om lag 1890. Brann ned 20. februar 1979.
Lønnegraff i Vraadal Postkort - #KvH 04-161 b
Lønnegraff i Vraadal Postkort - #KvH 04-161 b
Misjonsheimen Lønnegraff Vraadal Postkort - #KvH 04-162 b
Misjonsheimen Lønnegraff Vraadal Postkort - #KvH 04-162 b
Moen landhandel på Flatin - #KvH 04-060 b
Moen landhandel på Flatin - #KvH 04-060 b Moen Landhandel på Flatin i Kviteseid. Theodor Knutsen dreiv her i mange år, seinare Johannes Oppheim til 1947. Dette bilete er frå den tida Oppheim dreiv. Erling Ståland er på besøk og har parkera bilen sin ”Blåen” utanfor. I 1947 overtok han landhandelen og dreiv den vidare. Nå held Kviteseid Rørhandel til her.