Arkiv for kategorien Temakveld

Gamalt frå Kviteseid 2018 er her

Bort i mot 80 frammøtte fylde salen på misjonshuset i Kviteseid

Torsdag 29. november var det lansering av «Gamalt frå Kviteseid 2018» på misjonshuset i Kviteseid. Bort i mot 80 frammøtte fylde heile salen. Stemninga var god og forsamlinga fekk høyre om Aslak Kolbu som både emigrerte til Amerika, var med i første verdskrigen og kom heim att og slo seg til rod i Kviteseid. Han var også ein habil skihoppar på dei tider. Barnebarnet Kjell Kolbu fortalde om han. Elles blir Anne Jorgrav frå Kilen trekt fram i boka. Ho var ein svært god eventyrforteljar som sat inne med mange eventyr. Rikard Berge fekk samla mange av desse. Jon Berge teikna eventyret Gullfuglen og Johannes fortalde. Elles gjekk loddsalet og boksalet godt, og folk kosa seg med kaker, kaffi og med gode røur.

No er «Gamalt frå Kviteseid 2016» her!

Aage Haatveit hadde med blomar til Arvid Syftestad (t.v.) og Tore Skaug (t.h.) som takk for artikkelen dei har fått inn i årboka om han.

Aage Haatveit hadde med blomar til Arvid Syftestad (t.v.) og Tore Skaug (t.h.) som takk for artikkelen dei har fått inn i årboka om han.

Tysdag 22. november blei «Gamalt frå Kviteseid 2016» lansert på Sundvang. Mellom 50 og 60 var tilstades, og dei fekk ein triveleg kveld saman med Inger Nordal som fortale om blomar og planter frå Kviteseid. Ho tok særleg for seg blomane i fjellsidene langs Bandak, og ikkje minst Blytts hage. Botaniker M.N. Blytt var på minst to turar i Telemark i første halvdel av 1800-talet. Han blei særleg oppteken av blomane langs Bandak. Han har fått seg eit fint ettermæle i Kviteseid med Blytts hage.
Elles var sjølvsagt årboka i sentrum. Alle som hadde betalt kontingenten for 2016 fekk med seg boka heim. Som vanleg har denne eit rikt utval av stoff.
Kvelden blei avslutta med loddsal og trekking av mange fine gevinstar.
Medlemer som ikkje var på Sundvang denne kvelden, vil snart få boka si i postkassa.

Byvandring i Erik Werenskiold sine fotspor

Foto: VTB - Line Omland Eilevstjønn

Foto: VTB – Line Omland Eilevstjønn

Sundag 16. oktober var det byvandring i Kviteseidbyen. På tross av litt småregn og hustre vær samla det seg meir enn 70 personar på Waldenstrøm kafè som ville vera med på vandringa. Gunnar Ruud var vegvisar og fortalde om Erik Werenskiold og hans tid i Byen.

Vandringa stoppa i hagen til Ruud si forretning og her på Vest-Telemark største storskjerm (på veggen til det tidlegare handelslaget) blei det vist bilete frå liv og lagnad i Kviteseidbyen. Innimellom desse bileta blei det også vist bilete som Werenskiold har måla og teikna frå Kviteseid.

Gamalt frå Kviteseid 2015 er her

Ottar Kåsa fortel for eit interessert publikum.

Ottar Kåsa fortel for eit interessert publikum.

Tysdag 17. november møtte meir enn 80 menneske opp til lanseringa av Gamalt frå Kviteseid for 2015. Ottar Kåsa kjend spelemann og felemakar var og fortalde om Karl Rui og felene hans.
Han spela også fleire slåttar både på «gammal» fele og ny fele.
Loddsalet gjekk godt, og kaffi og småkaker smaka, så det blei ein triveleg kveld i novembermørkret.