Bort i mot 80 frammøtte fylde salen på misjonshuset i Kviteseid

Torsdag 29. november var det lansering av «Gamalt frå Kviteseid 2018» på misjonshuset i Kviteseid. Bort i mot 80 frammøtte fylde heile salen. Stemninga var god og forsamlinga fekk høyre om Aslak Kolbu som både emigrerte til Amerika, var med i første verdskrigen og kom heim att og slo seg til rod i Kviteseid. Han var også ein habil skihoppar på dei tider. Barnebarnet Kjell Kolbu fortalde om han. Elles blir Anne Jorgrav frå Kilen trekt fram i boka. Ho var ein svært god eventyrforteljar som sat inne med mange eventyr. Rikard Berge fekk samla mange av desse. Jon Berge teikna eventyret Gullfuglen og Johannes fortalde. Elles gjekk loddsalet og boksalet godt, og folk kosa seg med kaker, kaffi og med gode røur.