Her på denne sida vil vi prøve å samle stoff som kan ha interesse i samband med feiringa av 200-års jubileet for grunnlova.

Kviteseid var på denne tid eit viktig sentrum i Øvre Telemark. Her var det ein del personar som fylgde godt med, og det var eit sentrum for politisk interesse og aktivitet.

Vi vil gjerne få innspel om ting som bør vera med på denne sida.

Viktige personar i denne tida:

P. J. Cloumann av Aanund Olsnes, (frå Kultursoga)
Peter Jørgen Cloumann av Olav Botnen (Frå Varden 28.04.1978)

Ole Bjørnsen ,
Ole Bjørnsen av  J. L. Qvisling

Marcus Henrik Florentz av Aanund Olsnes, (frå Kultursoga)
Roeid og «Gamlefuten» av Olav Botnen (Frå Årbok for Telemark 1974)

Aasmund Norgaard – Sjølvbiografi frå døypefonten i Brunkeberg kyrkje
Aasmund Norgaard – frå Tokke Historielag , Årsskrift 1987/Kviteseid historielag, Årsskrift 2001

Jens Zetlitz– av Einar Østvedt (Frå Årbok for Telemark 1969)

 

Om fire bønder i Kviteseid og området omkring.

Gunnar Bolstad har skrive ei masteroppgåve om dei politiske hendingane i 1814 knytt til Kviteseid og området omkring.
Fire viktige menn i dette spelet er: Ole Blom, Ole Bjørnsen, Aasmund Norgaard og Talleiv Huvestad.
Oppgåva heiter: «Der blev dygtig politiseret ..» – Politisk kulturdannelse i Øvre Telemark rundt 1814.
Les heile oppgåva.

 

Anna som kan knytast til denne tida

 

Kort historikk:

  • Kilfreden blir underteikna 14. januar
  • Etter Stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814 sende Prins Kristian Fredrik den 19. februar ut eit brev til alle landets prestegjeld om at det skulle veljast representantar til ei grunnlovgjevande forsamling som skulle møtast på Eidsvoll den 10. april.
  • 18. mars blei det vald to valmennene frå Kviteseid som skulle møte på Fossum gard ved Skien den 23. mars.
    Desse to fekk med seg ei fullmagt som viste at dei var lovleg valde av «bygdas beste menn».
    Dei som møtte frå Kviteseid var: tidlegare fut P. J. Cloumann frå embetsstanden og  Hølje Zachariasen Gjervold (Høye Sakkariasson) frå bonde­standen.
  • 23. mars blei Bratsberg Amts sine tre eidsvollsmenn valde.
    Dette var:  Severin Løvenskiold, Peder Jørgen Cloumann frå Kviteseid og Talleiv Huvestad frå Lårdal.
  •  Grunnlovforsamlinga på Eidsvoll – 10. april til 19. mai.
    P. J. Cloumann var den eldste representanten på Eidsvoll, 67 år. Aanund Olsnes seier det slik om tida hans på Eidsvoll:
    ….. men saka var vel at gamlefuten var for gamal til å gjera seg gjeldande – langt mindre kjenne seg heime – i riksforsamlinga, som ikkje utan grunn har blitt kalla eit «ungdomsopp­rør». For han var altso forsamlinga på Eidsvoll ein heidersplass meir enn ein arbeidsplass. Men slik han hadde arbeidd i yngre år, var det vanskeleg å hevde at denne plasseringa var ufortent.
    Talleiv Huvestad (frå Norsk biografisk leksikon) var eidsvollsmann frå Telemark og ein av dei fremste bøndene i riksforsamlinga.
    Båe desse to var i Unionspartiet på Eidsvoll.
  • Krigen mot Sverige og Mossekonvensjonen. ( 30. juli 1814 –  14. august 1814)
  • Det omframme stortinget (overordentlige storting) blei samla 7. oktober 1814
    Frå øvre Telemark (landdistriktene i Bratsberg amt) møtte Aasmund Norgaard og futen M. H. Florentz.
  • 4. november var den nye grunnlova ferdig og Karl den 13. av Sverige blei vald til konge av Noreg.
    Han blei Karl den 2. i Noreg.
  • 29. november drog norske utsendingar til Sverige (framme 11. desember) for å overlevere den norske grunnlova og valakta. Aasmund Norgaard var ein av desse. Desse utsendingane var i Stockholm nesten ein månad.