Ein av dei gamle bjørneskyttarane.

Av Johannes Skarprud

Frå Fylkesavisen – Søndagsposten – 26.02.1933

 

Ein av ei mest kjende bjørneveidarane for ein 80-100 år sidan er sikkert Andres Meinstad frå Kviteseid. Andres vart fødd på husmannsplassen Meinstad på høgdi millom Sundkilen  og Bandak, så vidt eg veit.[1] Årstalet veit eg ikkje så plent, men han vart ut­kommandera då «engelske krydsere stengte hver havn», og Karl Johan gjekk mot Noreg med 40.000 mann.

Andres livde til upp mot det hundrad åri på Meinstad – sist vart han blind, so dei laut leida honom. Men fortelja kunde han. Serleg veidesogor og frå den tidi han «låg på grensa».

— Me hadde ein kaptein so eitrande sinna, me kalle han eitermauren millom oss. Ein gong skul­de han gjeva ein syllater svolk av ein stokk, då gjekk herdi hans or led.

 — Uf for satan! skreik han og barma seg, men da lo me innven­des, sa han Andres.

Me blanda krut i maten for å verta modige når det barst i ota. Med krigen drog det i langdrag. Me låg og leida oss til slutt. Me venta mest kvar dag på at dei svenske blåbæri kom susande. Og so ein kveld vart det liv i leiren – svenskane  kom! vart det fortalt. Då kjende me oss liksom so undarlege. Eg vart ikkje redd heller, sa Andres, men det var no krig då. Men det barst ikkje laust den gongen. Me låg endå i venting nokre dagar. Men so kom kaptei­nen og ropa at no laut me i elden. De har vel fengekruet turrt! sa han. Då høyrde me ei dynjing og ei susing aust i åsane. Me drog oss gjenom skogar og yver myrar.

— Der har vi fienden, sa kapteinen lågt, og no såg eg at han skalv på handi.

— Skyt! kommandera han. Og me skaut. Ladde og skaut. Då kom det ei svensk kule og såra sidemannen min. Men han ladde og skaut like gale… Svenskane drog seg attende um ei stund. Men då hadde me feldt mange av deim.

Ein sundag det var våpenkvild gjekk eg og ein av kameratane mine burt på ein ås ein 4-5 hundrade alner aust um leiren. Der var so godt utsyn frå denne åsen. Der såg me tri svenske syllaterar som kom gangande og vilde ned til ein bekk og drikka. Hatet mot svenskane og Karl Johan var so sterkt at me skydde ingen ting. Tenk, me «la an» og sikta på tvo av deim. Eg hev trega sårt på det sidan. Den eine fall. Og dei tvo andre tok og bar han med seg til svenskelægeret.

            På  det vesle stabburet på Meinstad stod spikra ein bjønnehaus yver døri. Han var der endå for ein 40-50 år sidan. Det var liksom skiltet som synte at her budde bjørneveidaren yver alle.

            I Andres Meinstads tid var det bakladning dei bruka. Flintebyrsa dei kalla. Det gjekk ikkje i ei handvending å la um att i dei dagar. Råka ein ikkje «blinken» med fyrste skotet var det ofte so at bjørnen la på ein, og då var det å slå frå seg med langrifla eller eit anna handdivle. Anders hadde vore ute i meir enn ei ota.

Ein gong, det var um våren, han var upp i Hurrungsheidi på bjørneveiding. Der nord med Lidstaulnuten skremde han upp ein «grastrask». Andres skaut, men det var so ille tjukt med holt og bar at han såg berre skimten og råka ikkje. Anders ladde att og gjekk heim mot Vårbudlid. Der råka han i tvo bjørnar. Ei binne og ein stor hanbjørn. Andres skaut på hannen og felde honom. Men so kom binna med gapande kjeft på tvo bein og vilde glefsa honom. Anders fekk krabba seg upp på selstaket. Då rusla binna sud i skogåsen. Men no ladde Andres langrifla att, krabba ned av taket og tok vegen heim myrane frå Vårbudlid. Men no var det utgjort reint, – der kikka bjørnar fram frå knattar og bekkefar og holt. Ikkje mindre enn sju stykke i alt.

– Det var med det verste eg hadde vore ute for i mi tid, sa Andres. Dei hadde plent «samansvore» seg um å taka meg. Og det er den einaste gongen eg laut gjeva upp. Eg sprang for livet heim steane, framum Nystaul, Midtstaul og Nubbskyrkja. Og då eg kom til straumen var eg mestum sprengd. Ein vår kom Andres fram på nuten uppum Hytta. Ein støyl lengre sud på heidi. Graset hadde teke til grønska på denne vårbølte staulen, og ende nedum selsveggen gjekk ein diger bjørn og snusa på groren. Andres la byrsa på ein stuv og brende laust. Og bjørnen stupte. Men i det same bamsen fall small det tvo skot samstundes, eit nordum staulen og eit frå lidi under Hyttenuten. Ja, han Andres skunda seg ned lidi best han vann, og då han kom ned mot bjørnen stod det tvo karar der. Han kjende deim godt, det var venene og sambygdingane hans, Andres Nordskog og «Strømstad’n».

Men no vilde dei hava bjørnen. Det var deira kulor som hadde lagt han nedpå, meinte dei. Og Meinstad’n meinte det var kula hans som hadde gjort det.

Og  etter di dei ikkje kunde einast um dette, laut dei velja seg ein uppmann. Men domen fall soleis, at det var kula hans Andres Meinstad som hadde felt skogkongen. Men Andres var sopass til mann, at han gav dei tvo andre ogso ein part i bjørnen.

Andres hadde, sovidt eg hev høyrt, skote 20-30 bjørnar.

På Meinstad låg han «for glugg» og skaut skrubb og rev. Det var visst ikkje tal på alle dei pelsane han radde upp der år um anna. Men gildaste var det likevel då vårsoli tok til å vinna upp med snøen i heidane, då tok han Andres til å stella istand langrifla. Kruttet laut vera turrt, og rundkulone godt smurde med sautalg. So var det den store lærskreppa «Husebøa», som laut ettersjåast. Og eg kan liksom sjå dei smilande augo på den uredde krigsvetteranen med han for yver Meinstadkleivi  med langrifla yver herdi og skreppa på ryggen. Men den gongen hadde mebjørn i skogane våre. Og romantikk. Men ogso mannsmot og vilje var det i dei tider på bygdene.

 


[1]Han var truleg fødd på Bandaksøy i 1791, og kom truleg til Meinstad like etter 1814, og budde der resten av livet. Han døydde i 1875.