Av Sigurd Rødsten (Årbok for Telemark 1984)

 

Opplysningstida

Ideala frå opplysningstida i andre halvdelen av det 18. hundreåret forplanta seg raskt til Danmark og Noreg. I Kristiansand stift hevda den danskfødde biskop Peder Hansen at «Kundskab er for den menneskelige Siel, head en sund og nærsom Spise er for Legemet», samstundes som han gjorde vellukka forsøk på å realisere ideane til beste for almugen. På dei flittige reisene sine i prestegjelda oppmuntra han kyrkjelydane til å skaffe seg små samlingar av nyttelege bøker for å starte det han kalla «Selskater til Oplysning og gode Sæders Udbredelse». Sjølv til-skreiv han sokneprest Peder Ludvig Lund i Valle i Setesdalen æra for i 1798 å ha vore den fyrste i stiftet til å opprette eit slikt selskap.

Leseselskapet av 1802

Etter ei visitasreise i Vest-Telemark vende biskopen seg i mars månad 1801 til prost Niels Windfeldt i Kviteseid med tilbod om støtte til å skipe eit leseselskap i prestegjeldet. Dette ville eventuelt føye seg inn som det 35. i rekkja av fungerande leseselskap i stiftet, noka som fortel særs mykje om kva biskopen tydde som inspirator og igangsetjar. Allereie året etter fekk leseselskapet ein heldig start. Det vart høgtideleg innstifta i kyrkja – og ifølgje reglane som det kongelege Danske Cancellie hadde approbert for slike selskap, utarbeidde Windfeldt sjølv både ein plan for leseselskapet, katalog og innretning av utlånsprotokoll. Leseselskapet vart delt inn i rodene Sundbygd, Flåbygd, Dalene, Morgedal, Åsgrend, Vrådal og Nissedal. Utlån av bøker skulle skje ved kvart kvartalsskifte. Etter at dei hadde vorte lese igjennom til ei fastsett tid, skulle dei leverast til skulehaldaren som sende dei vidare til Windfeldt.

Boksamling på 58 bind

Protokollen til leseselskapet var delt i fire avdelingar. Den fyrste inneheld liste over låntakarar – den andre liste over bokgåver og innkjøpte bøker med opplysningar om prisen. I tillegg skulle det førast oversikt over inntekter frå utlån, noko som fortel av leseselskapet gjennom denne ordninga må ha finansiert bokinnkjøp. Ei tredje avdeling skulle innehalde fordelingslister, der kvar bok fekk sin eigen folio med opplysningar om dato for utlån og innlevering. Kva som elles gjekk føre segpå kvart kvartalsmøte skulle førast inn i ei fjerde avdeling.

Biskopen syntes sjølv å ha hjelpt til med å skaffe bøker – som mellom anna vart skjenkt av ymse bokhandlarar i København. Berre få år etter skipinga var boksamlinga på 58 band. Kor lang tid denne gyldne boksamlinga tente sine soknebarn veit ein ikkje. Det var likevel truleg ikkje lenge, då ein veit at Magnus Bostrup Landstad i 1836 kunne fortelje at det « – er længe siden ophørt».

Landstad som initiativtakar

Landstad, som var sokneprest i Kviteseid i åra 1834 – 1839, hørte også til den rasjonalistiske straum som hadde vorte grepen av tankane frå opplysningstida, og som ikkje minst såg det som ei nasjonal oppgåve å medverke til spreiing av kunnskap blant almugen.

I november månad 1836 gav skulekommisjonen etter initiativ frå Landstad sin tilslutnad til å opprette eit nytt leseselskap i prestegjeldet. Rett etterpå stila Landstad eit brev til Kyrkjedepartementet der han bad om eit tilskot på 50 spd. av Opplysningsvesenets Fond. Beløpet, saman med det som eventuelt måtte kome inn ved ei subskripsjonsliste i prestegjel­det, ville bli nytta med omhug av skulekommisjonen etter ein plan utarbeidd av Landstad. Etter denne skulle skulekommisjonen vere forstandarskap for boksamlinga, mellom anna bestemme innkjøp av bøker og frå si eiga midte velje ein styrar for tre år av gongen. Styraren skulle ulønna ta vare på boksamlinga samt føre forskjellige avgjerder, lister og rekneskapet i ein protokoll. Alle som budde i prestegjeldet kunne låne bøker mot å betale 1 skilling for kvar veke ei bok var utlånt. På dette viset skulle ein kunne finansiere utviding av boksamlinga.

Argumentasjon

I søknaden til Kyrkjedepartementet argumenterte Landstad med at øvre Telemark var eit av dei distrikta som frå naturen var minst favorisert og som mest hadde merkt «de senest hensvundne Tiders Tryk». Utan å vere blygsam gav han telemarksbonden både ros og ris, og heldt fram at «denne er udrustet med godt naturligt Anlæg og med megen Lærelyst». Ei boksamling for almugen ville difor vonleg bli flittig brukt. Men til skipinga ville det av naturlege og kjende årsaker neppe kome inn store tilskot frå almugen, dels på grunn av svak økonomisk evne, dels på grunn av manglande «Sands» for tiltak som ikkje straks gav nokon materiell føremon.

Innbydingsskrift

I innbydinga til å yte tilskot, subskripsjonslista, som sirkulerte blant almugen i løpet av januar månad 1837, gav Landstad ei individ- og nasjonalorientert grunngjeving for tiltaket. Han hevda at det særleg var dei eldre medlemer av kyrkjelyden som ivra mest etter å lese. At det ikkje var mogleg å låne bøker rekna han for skadeleg, då det ikkje minst for ungdomen hindra framgang på opplysningsområdet. Etter at ungdomen hadde slutta i skulen fekk dei sjeldan sidan høve til å utvide sine kunnskapar, sjølv om mange hadde både lyst og tid. Som det trugande alternativ stod ofte lediggang – « – og Søndagen tilbringes af Mangel paa hensigtsmessig Aandsbeskjeftigelse i alskens utilbørlig Bedrift».

Med overtydande kraft slynga han ut at statsforfatninga vår attpåtil kravde opplysning for «Landets Held og Hæder». Også økonomisk ville det vera uverdig å overlate til staten «at gjøre Alt for os, og intet gjorde selv». Han var patetisk i bodskapen sin – som tala han frå preikestolen eller agiterte: «Medborgere! Lade os ikke alene trælle for det timelige Livs Næring. Lade os heller ikke anvende det ved vor Flid og ved Guds Velsignelse Ervervede alene til sandselige Nydelser og Beqvemmeligheder». Det skulle vere ei plikt å utdanne og utvikle ånda i mennesket, ei plikt vi skulda « – os selv, vore Medborgere og vort Fædreland».

80 bidragsytarar

Korleis stilte øvrigheita seg til planen til Landstad? Både prost Schive og stiftsdireksjonen tilrådde opprettinga – sjølv om sistnemnde meinte at ein skulle vente med søknaden om tilskot inntil resultatet av subskripsjonen låg føre. Like eins slutta ordførar Blom seg oppglødd til. Berre prokurator Pettersen uttrykte seg i misantropiske vendingar, idet han hevda « – men paa Tællebonden bider intet». Kva hjelpte no det, når subskripsjonslista til slutt inneheldt namna på 80 bidragsytarar som an­ten gav pengar, bøker, aviser eller tidsskrifter.

 

Kjelder og litteratur:

Kviteseid prestearkiv, diverse pakkesaker nr. 8

S. st., kopibok nr. 3, 15. des. 1836

A. Faye: Christiansands stifts bispe- og stiftshistorie, Chra. 1867, s. 436

Archiv for Skolevæsenets og Oplysnings Udbredelse i Christiansands Stift, 1. bd., Kbhn. 1800, s. 93, 97 ff.

S. st., 2. bd., Kbhn. 1803, s. 105 ff.