Eidsvollmonument 02

 

Fridomshymnen

 Frå Gamalt frå Kviteseid 1990 – Av John Skarprud

 

I 1915 laga professor Utsond i samarbeid med arkitekt Adolf Jensen ein modell til Eidsvollmonument. Det var eit stort prosjekt: Ein høg obelisk der toppfiguren var Harald Hårfagre og rundt eit stort firkanta vassbasseng med fabelfigurer. Tanken var at det skulle setjast opp ein stad mellom Stortinget og Nationaltheatret. Fleirtalet i monumentkomiteen godkjende utkastet, men det fall på grunn av nådelaus kritikk frå avismeldarane. Kring 1920 hadde Utsond eit nytt utkast ferdig. «Frihetshymnen» kalla han det (gips, Utsondhalli). Det er ei søyle som er mest heilt dekt med eit relieff av nakne menneske. Rundt foten av søyla står ein ring av symbolske fridomsfigurar. På toppen av søyla sit eit vette, det er den ekstatiske Fossegrimen som lokkar mennesket med spelet sitt. Dette utkastet drog Utsond attende frå konkurransen i protest mot at Kristiania kommune hadde bygd atelier for Gustav Vigeland. Bilethoggarane kunne ikkje lenger tevle på like vilkår. Dette var nok også ei årsak til at han sa opp professorstillingi ved Kunstakademiet. Utsond skal sjølv ha halde «Frihetshymnen», som sitt kjæraste verk.

 

Frå norsk biografisk leksikon:
Utsond fremkom 1915–20 med to utkast til eidsvollsmonument. Det ene hadde Harald Hårfagre sittende på toppen av en søyle og eidsvollsmennene i ring rundt basen og et vannbasseng med fabeldyr. Det andre forslaget, Frihetshymnen, var mer originalt og hadde i likhet med Vigelands monolitt et relieff av nakne mennesker som stiger oppover søylen. På toppen sitter Fossegrimen og spiller frihetshymnen.