Eit hundreårsminne for Telemark folkehøgskule på Utsund

 

Slik såg folkehøgskulen ut på 1930-talet

Slik såg folkehøgskulen ut på 1930-talet

 

I 1914 blei Telemark folkehøgskule flytt frå Seljord til Kviteseid. Det var Jakob Naadland som var rektor på skulen på denne tid. Skulen hadde halde til i Seljord frå 1885 med Viggo Ullmann som rektor.
I 1902 blei Viggo Ullmann amtmann i Bratsberg amt (Fylkesmann i Telemark fylke), og då overtok Jakob Naadland som rektor ved skulen.

 

 

 

 

 

 

Jakob Naadland

Jakob Naadland

Etter ei tid blei det strid mellom Seljord kommune og Jakob Naadland, dette enda med at han kjøpte garden Utsund i Kviteseid og bygde opp skulen her. Dette var ein svært fin skulestad. Sundbygdi i Kviteseid låg sentralt til i dei dagar med båtferdsla på Vestvatna. Sundbygdi var også tidleg ute med elektrisk straum, noko som var ein stor fordel for skule- og internatdrift.

Frå starten og ut heile mellomkrigstida dreiv skulen godt, og mange var dei ungdomane som såg attende på tida si ved folkehøgskulen på Utsund som den finaste tida i livet sitt.

Under krigen blanda dei styremaktene som rådde då, seg stadig inn i drifta. Det var bare året 1940/41 som det var nokolunde normal drift.

28. september 1943 opna NS ein frontkjemparskule som skulle vera eit undervisnings­tilbod for dimitterte frontkjemparar. Denne var i drift til april 1945.

9. mai 1945 oppretta Heimefronten hovudkvarter på skulen. Først om hausten 1945 kunne skulen takast i bruk som folkehøgskule.

Etter krigen endra tidene seg, elevtalet minka, økonomien blei dårleg og i 1954 blei skulen til slutt lagt ned etter 40 års drift.

 

 

 

Her vil du finne litt av kvart frå soga til Telemark folkehøgskule på Utsund

Bilete frå folkehøgskulen vil du finne på biletsida vår. Sjå under: Bilete – Skulebilete – Andre skulebilete

Du kan også søkje på: Utsund eller Folkehøgskulen i søkefeltet

 

Les om: Då Telemark folkehøgskule vart vigsla  – Frå avisa «Norig», lagt til rette av Tor J. Skarprud

Les om: Jakob Naadland av Aslak Torjussen  – Frå Årbok for Telemark 1968

Les om: Krigsminne frå Telemark folkehøgskule av Ingrid Naadland

Les om: Telemark folkehøgskule av Vilhelm Naadland – Frå VTB 10.07.1986

 

Frontkjemparskulen
28. september i 1943 blei frontkjemparskulen på Utsund opna av politiminister Jonas Lie.
På Youtube finn du Filmavisa nr 66. Denne har ymse innslag frå ulike arrangement som NS stod for i 1943.
Om lag 5 min. ute i denne filmavisa kan du sjå eit lite innslag frå då Jonas Lie opna denne skulen.
Sjå dette: http://www.youtube.com/watch?v=VGpJgLr3_yI

 

Heimefronten
Heimefronten oppretta hovudkvarter på skulen i mai 1945.
Her er område 1635 samla ved Utsund i mai 1945.
(Biletet er henta frå: «Me ville vera med»)

Område 1635 HV samla ved Utsund i mai 1945 b