31. august 2014 er det 150 år sidan Gunnar Utsond blei fødd. I samband med dette jubileet samlar vi ein del stoff om han på denne sida.  

Bilethoggar Gunnar Karenius Utsond i arbeid 02

Gunnar Utsond i arbeid

Han blei fødd 31. august 1864 på Nordgarden i Lundevallsgrendi. Far hans heitte Olaus Svenkesen og kom frå Gjerpen i 1859. Han gifte seg same året med Hæge Nordbø frå Vrådal. Familien budde på Nordgarden i fleire år, men seinare flytte familien til Utsond, og borna tok namn etter denne garden.   Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege i 1887. Han gjekk på Teikneskulen frå 1881 til 1885. I tre år studerte han skulptur i København. Han debuterte i Christiania Kunstforening i 1894, med «Spikkende gutt». Frå 1897 til 1900 studerte han i Paris. I 1903 gifte han seg med Gunhild Øyan.      

 

 

 

 

 

 

 

 

Neset på 20talet

Neset på 1920-talet

I 1907 kjøpte han Neset og budde der seinare. I 1909 blei Gunnar Utsond professor i skulptur ved Kunstakademiet og pendla mellom Kviteseid og Kristiania. Han sa opp denne stillinga i 1921. Gunnar Utsond døydde 27. januar 1950. Etter at Gunnar Utsond var død, gav familien heile skulptursamlinga hans til bygdetunet. I 1979 kom det opp ein skulpturhall til denne samlinga – Utsondhalli.      

 

 

 

 

 

 

Noko av det som er skrive om Gunnar Utsond.

Noko om arbeida hans. 

Litt av kvart