av John Skarprud – Gamalt frå Kviteseid 1990

 

Ein sprakande kald januardag køyrde den unge Dyre Vaa frå Midtigard Uppsund til Neset. Med seg i sleden hadde han fyrste modelleringsarbeidet sitt, eit hovud av Dante. Han vart godt motteken av professor Utsond. «Du skal prøve deg med leire, plastilin er så gjenstridig,» sa professoren. Ikkje lenge etter kom den unge mannen att, denne gongen med ein læande munk modellert i leire. «Du har talent,» var komentaren. Så løyste Utsond opp litt gips og gjekk i gang for å lære han å støype. Det var rørande kor hjelpsam han var, fortel Dyre Vaa.

Medan han heldt på, fortalde han om kunstnarkallet. «Nå kan du få vite hva en Sisyfos er,» sa han. «Du håper og tror, og tror og håper at denne gang skal det store skje. Men nei, det ble ikke denne gang heller. Og så håper du på neste gang. Men ved veiens slutt oppdager du at den neste gang aldri kom.» Om den unge mannen skulle skræmast frå lystene sine er ikkje godt å vita. Den gode sideren gav den unge kunstnarspira mot til å spørje: «Trur du eg kan lære å bli kunstnar?» Svaret var karakteristisk: «Kunstner er man, eller er man ikke. På et akademi kan du lære å lage et bilde av den figuren du ser foran deg. Det er nyttig, men kunstner er du i denne dag, i denne time.»

Gunnar Karenius Utsond kom til verdi den 31. august 1864 på Nordgarden i Lundevallsgrendi. Faren, Olaus Svenkesen frå Gjerpen, kom til Kviteseid i 1859. Same året gifte han seg med Hæge Nordbø frå Vrådal. Ho var av Mandt-ætti. Dei budde på Nordgarden i fleire år, men seinare flytte familien til Utsund, og borni tok namn etter den garden. Frå fyrst av gjekk utdaningi til Gunnar i reint praktisk lei. Han tok tannlækjar-eksamen i 1887 og praktiserte eit par år i Kviteseid og Larvik.

Ein gong fortalde han til far frå den tid han gjekk i tannlækjarlære i Kristiania, som byen heitte den gong. Han ville heim til påske, men var mest pengelens. Skiføret var bra, så han spende skiene på og la i veg. Overnatting og mat prøvde han å ordne på billegaste måte. Siste ferdadagen kom han til Hesteskodiket i Brunkeberg. Det var seint på kvelden, og penge­pungen var heilt tom. Men der fekk han husrom og mat gratis. «Eg kjenner Svenkesen, far din,» sa mannen på Hestskodiket. «Du vet far var forsiktig når det gjaldt valuta,» la professoren til.

Men alt medan han gjekk i tannlækjarlære var han elev ved Teikneskulen frå 1881 til 1885. I tre år studerte han skulptur i København. Fyrste gong han stilde ut var på Haustutstillingi i 1894 med skulpturen «Spikkende gutt». Han var ærleg nok til å seia frå at figuren var avstøyping etter levande modell, men sjølvsagt hadde han seinare arbeidd med materialet og gjeve det sin eigen kunstnarlege form. Då braut striden ut. Folk skreik opp i avisene om svindel og fusk, og figuren vart fjerna frå utstillingi. Christian Krogh og Gunnar Heiberg forsvara han og slo fast, som sant var, at kva midlar ein bilethoggar brukte var likegyldig når berre resultatet vart kunst.

For å vise at han kunne modellere, laga Utsond ein mannsfigur i overnaturleg storleik. Det var ein Tubalkain med lyft hamar. Den kom inn på utstillingi i 1895. Figuren er no borte og ein kjenner han berre etter skildringar av kritikarane.

Frå 1897-1900 dreiv Utsond studiar ved Académie Julian og Académie Colarossi i Paris. Her møtte han den franske bilethoggaren Auguste Rodin. Det fekk avgjerande innverknad på Utsond og kunsten hans. Frodin var på denne tid rekna som den leiande mellom europeiske bilethoggarar. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at Rodins kunst måtte gjera eit sterkt inntrykk på ein mann med Utsonds huglynde. Her fann han den uttrykks-krafti og den dramatikken som han kjende budde i honom sjølv. Også Rodin hadde i 1877 vorte skulda, men seinare frikjend for direkte avstøyping av modellen i det store arbeidet «Bronsealder».

Vel heimkomen gjekk Utsond i gang med det fyrste store gruppearbeidet sitt. Motivet var henta frå Openberringi 20. kapitel og 13. vers. «Havet gjengir sine døde» kalla han gruppa. Ideen fekk han i kyrkja ein messesundag, fortalde han. Det er ei framstelling av når dei drukna står opp til den siste domen. Frå dei skumkvite bylgjene reiser menneskjeskapnadene seg. Nedst ved havflata lyfter den eldste i slekti det viljesterke andletet trassig mot ljoset. Vidare oppover kjem den mogne kvinna og den purunge jenta. På toppen og frigjort frå bylgjene står faren med redsle i andletet for den lagnaden som er i vente. Sonen klamrar seg til han. Einar Østvedt har nokre interessante tankar om denne skulpturen som fyrste gong var stild ut i Dioralokalet i 1896. Ibsens drama «Når vi døde vågner» kom ut i 1899. Det handlar om bilethoggaren Rubek. I skulpturen «Oppstandelsens dag» held han domedag over sitt eige liv. Ibsen har utan tvil kjent til Utsonds storverk og samanhengen mellom skulptur og diktverk er tydeleg, meiner Østvedt.

På Verdsutstillingi i Paris i 1900 fall det mange lovord over denne skulpturen frå franske autoritetar. Utsond hadde fleire skulpturar på Verdsutstillingi, men vanta pengar til å få dei største heim att til Noreg. Dei vart ståande utan tilsyn. Ein dag vart det kjent i Kristiania at «Havet gjengir sine døde» hadde blitt øydelagt. Straks vart det etter opptak av Christian Krogh samla inn pengar som berga «Helferd» frå same lagnaden. Utsond kunne aldri forsone seg med tapet. Det er sagt at han vart still når talen kom inn på dette, og med eit sårt smil førde samtalen inn på andre emne.

Men «Helferd» vart berga. Skulpturen fekk gullmedalje på Verdsutstillingi i Paris i 1900. Rodin, som var jurymann, interesserte seg sterkt for Utsonds verk. Motivet er henta frå norrøn mytologi med Balder og Nanna på hesteryggen i susande tansprang mot nord – nord og ned ligg Helvegen – og over Gjallarbrui. Kvinna klamrar seg til mannen som held armen vernande kring henne. Men det som fangar interessa mest er den meisterleg forma hesten som heng fritt frå ei støtte i sida. Støtta har form av ein bergnabbe og blir det statiske, det faste og rolege i komposisjonen. Dette framhevar endå meire den konsentrerte spennkrafti som går gjennom heile hestekroppen frå hovud til halespiss. Her er kvar muskel under kontroll. Det ser ut som hesten sviv fritt framover bergnabben.

Jens Thiis slo fast at «Helferd» var ein av dei verkeleg store skulpturar i nyare europeisk bilethoggarkunst. «Og for en hest,» set Einar østvedt i. «En mer overlegent utført hesteskulptur er ikke laget av noen billedhugger i Norge.» Om bakgrunnen for «Helferd» fortalde Gunnar Utsond til far, som mange gonger var på gjesting til Neset. Det går attende til barndomsåri på Nordgarden i Lundevallsgrendi. Den gamle Nørsterudbrui over Dala-åi vart i barnefantasien til Gjallarbrui. Det er som ein også høyrer ein dirrande óm av «Draumkvædet», som hadde vore kjær lesnad for Utsond. Der vegen svingar ut på brui var det «Helferd» var tenkt. Denne svingande rørsla går att i skulpturen. For fantasien hans fekk hovslagi på Nørsterudbrui ein symbolsk, ja mytologisk klang og tyding. Ja, slik fortalde han. I 1921 vart monumentet sett opp framfor Sjømanns-skulen på Ekeberg – altfor bortgøymt etter manges meining.

I 1903 gifte Gunnar Utsond seg med si Gunhild. Far hennar var brukar på Bulid den gong, fortalde Torjus Dalen. Gunnar tok sykkelen fatt opp Dalane når han var på gjesting. Her fekk han auga på den staute, ramalege Bergit. Ho budde på husmannsplassen Haugen like ovom brui ved gamlevegen opp Haugejuvet. Utsond kom inn og såg både lenge og vel på henne. Det enda med at han fekk Bergit til å stå modell til «Mor Norge». Under arbeidet heldt han til på «Frankrike» har Torjus høyrt. Gipsmodellen står i Utsondhalli. Bergit Haugen er også modell på minnetokroningen som kom ut i 1914.

I 1903 vann Utsond fyrste premie i konkurransen om eit Welhavenmonument. Det var ein uttrykksfull heilfigur av diktaren med motto frå verset «det er en bitter kvide». Det kviler einsemd og melankoli over Welhaven, der han sit med hand under kinn i tankar og minne om Ida Kjerulf som døydde frå han berre 23 år gamal. Han gløymde henne aldri. Monumentet vart reist i bronse på Riddervolds plass i Kristiania i 1908.

Utsond kjøpte den gamle embetsgarden Neset i 1907. Her budde han seinare i alle år. Han døydde 27. januar i 1950. I 1909 vart Utsond professor i skulptur ved Kunstakademiet og pendla mellom Kviteseid og hovudstaden. Vinterhalvåret var han i byen og sumarhalvåret i Kviteseid. Enok Opsund, som sjølv var kviteseiding og student i hovudstaden under fyrste verdskrigen, skriv at han alltid var velkomen i det heimekoselege atelieret i Universitetsgata. I 1921 sa Utsond opp stillingi som professor. Ein grunn var at han vart trøytt av pendlingi.

Utsond tok seg også av Einar Olavson Bakkane, naturtalentet frå Eidsborg, som enda i sinnssjukdom. Det var kring 1912 dei vart kjende. Ein gong var Bakkane på Neset i fleire månader. Han har sagt at her opplevde han «dei lukkelegaste dagar i livet». I 1913 laga Bakkane treskulpturen «Menn med skjold til Helheims drott». Det er ikkje utenkjeleg at Utsonds «Helferd» har inspirert han, skriv Einar østvedt i biografien om Bakkane. Handlingsinnhaldet er eit anna, men båe hentar ideen frå mytologien. Fire vikingar til hest i full rustning er på veg til dødsriket. Mest fester ein seg ved dei barske krigarandleta, der alle likevel har sine individuelle serpreg. Utsond vitja Einar Bakkane etter at sjukdomen vart verre, og han vart lagd inn på Faret. Det er ein kunstnartragedie som med Lars Hertevig og Mathias Stoltenberg.

I 1915 laga professor Utsond i samarbeid med arkitekt Adolf Jensen ein modell til Eidsvollmonument. Det var eit stort prosjekt: Ein høg obelisk der toppfiguren var Harald Hårfagre og rundt eit stort firkanta vassbasseng med fabelfigurar. Tanken var at det skulle setjast opp ein stad mellom Stortinget og Nationaltheatret. Fleirtalet i monumentkomiteen godkjende utkastet, men det fall på grunn av nådelaus kritikk frå avismeldarane. Kring 1920 hadde Utsond eit nytt utkast ferdig. «Frihetshymnen» kalla han det (gips, Utsondhalli). Det er ei søyle som er mest heilt dekt med eit relieff av nakne menneske. Rundt foten av søyla står ein ring av symbolske fridomsfigurar. På toppen av søyla sit eit vette, det er den ekstatiske Fossegrimen som lokkar mennesket med spelet sitt. Dette utkastet drog Utsond attende frå konkurransen i protest mot at Kristiania kommune hadde bygd atelier for Gustav Vigeland. Bilethoggarane kunne ikkje lenger tevle på like vilkår. Dette var nok også ei årsak til at han sa opp professorstillingi ved Kunstakademiet. Utsond skal sjølv ha halde «Frihetshymnen» som sitt kjæraste verk.

Han var ein kresen kunstnar som ikkje slepte ein skulptur frå seg før han meinte han heldt mål. Det er likevel ikkje lite han fekk frå hand. Her vil me taka for oss personar med tilknyting til Telemark som han kom til å laga statuar eller portrettbyster av. Portrettbysta hans av stortingspolitikaren og folkehøgskulemannen Viggo Ullmann blei reist i Seljord i 1914. I 1920 fekk han i oppdrag å laga monumentet over direktør Sam. Eyde, grunnleggaren av Hydro. Det vart reist i bronse på Rjukan. Det er ein sjølvsikker og myndig, men også levande og humørfylt herremann som står på sokkelen. Her ser ein eit nytt døme på kor dyktig ein handverkar Utsond var. På Borgestad står ei bronsebyste av statsminister Gunnar Knudsen som Utsond har laga, og ei byste i bronse av stortingsmann Torjus Sølverud vart avduka i Sauherad i 1935.

Utsond fekk også oppdraget med å lage ein skulptur av A. O. Vinje. Det vart eit ruvande monument som vart reist framfor Fylkeshuset i Skien i 1925. Her står Vinje med fjellstaven i hand og skreppe på rygg og ser tankefull utover landet. Det var også naturleg at Utsond kom til å laga byste av bygdediktaren og stortingsmannen Tormod Borgejordet. I 1935 vart denne bronsebysta avduka. Ho står nedom Kviteseid Sparebank som Tormod var med og grunnla. I 1943 fekk Utsond Statens kulturpris.

Enok Utsond skriv: «Som menneske var Gunnar Utsond eit av dei merkelegaste og likaste eg har møtt på livsvegen min, ein uvanleg sterk, rik og mangslungen personlegdom, som ein vart nøydd til å lika trass i sider som det kunne vera vanskeleg å godtaka.» Han var uvanleg gjestfri. Den som kom til Neset vart flust traktert, ikke berre med den vidgjetne sideren hans. «Han var ein selskapskar av dei fremste,» var eit uttrykk far brukte. Men det var krut i han, og stundom kunne bråsinnet koka over som ein vulkan. Langsint var han likevel ikkje. Det lever mange replikkar og soger etter han på folkemunne den dag i dag.

Ein bygdemann synte fram den nye, blanke motorsykkelen sin og med lysande augo la han ut om hestekrefter og fart. Då kom det tørt frå professoren: «Ja, med en slik kan en raskt kjøre seg inn i evigheten.» Men det hende han kom i lag med munnrappe sambygdingar. Han og ein annan skulle setje ut garn. Utsond tykte ikkje den andre rodde som han skulle og fræste til: «Jeg har ikkje vært på vannet med en sådan idiot noen gang!» «Ikkje eg hell,» svara den andre kjapt.

Det var i eit større lag. Ved bordet fall rønne om så mangt, og folkehøgskulen kom inn i talen. Utsond blanda seg lite inn i røa frå fyrst av. Ein bygdemann reiste seg. Det var ein meinlaus mann, men ikkje klokare enn det trongst, skaut forteljaren inn. Etter ei lang lovtale om høgskulen enda han slik: «Men det veit eg at hadde eg ikkje gjenge på Telemark Folke­høgskule, så hadde eg ikkje blive den eg er!» Då kom det stutt frå Utsond: «Hva er du for noe, da?»

Gunnar Utsond tala bokmål. Då han gjekk på Latinskulen i Skien fekk han merke motsetnaden som då rådde mellom byen og Telemarksbygdene. Han fekk hædingsnamnet «bo’en» slengt etter seg, og var nok ikkje den einaste landsguten som ikkje tolde presset. Far hans hadde røynt det same. Det hende han vart kalla «Eg» når han gjekk framom ein flokk byungdomar. Enok Opsund fortel frå hundreårsskiftet at politimeister Christophersen, som hadde vore sakførar i Kviteseid før han kom til Skien, fekk namnet «klibo’en fra Kviteseid» slengt etter seg under det kjende oppstyret på «Roligheten». Men doktor Olav Utsond, bror til Gunnar, var traust målmann. Han var mykje brukt som domar på tråvkøyringane. Under tråvjubileet i 1933 kom han med framlegg om at namnet på laget måtte endrast frå Kviteseid Travselskap til Kviteseid Tråvlag. Gunnar Utsond tala kvast i mot, men framlegget gjekk gjennom med stort fleirtal, fortalde Frode Torp Hansen.

Det er sagt at utviklingsgangen i Gunnar Utsonds kunst tok til i nyromantikken. Då viste han sterk sans for naturalismen. I neste steg kom han inn i symbolismen og fekk ei friare haldning til komposisjonen. I seinare år kom det inn meir av det ein kan kalle grotesk symbolisme. Gipsutkast av denne typen finn ein fleire av i Utsondshalli. Fossegrimen, som var tenkt til toppfigur på «Frihetshymnen», kan stå som eit døme. Dei mest personlege, sermærkte og inspirerte arbeid til Utsond vart til i slutten av nittiåri. På ein måte kan ein vel seia at «Havet gjengir sine døde» vart tragedien og «Helferd» triumfen i Gunnar Utsonds kunstnarliv.