Riddervolds plass ligg som ei grøn lunge i ein travel by. Her ser vi Marius Grønsdal syng «Ved Rondane» for dei frammøtte.

Riddervolds plass ligg som ei grøn lunge i ein travel by.
Her ser vi Marius Grønsdal syng «Ved Rondane» for dei frammøtte.

Eit av hovudverka til biletkunstnaren Gunnar Utsond frå Kviteseid er Welhavenmonumentet på Riddervolds plass i Oslo ikkje langt frå statsministerbustaden. Monumentet var avduka i 1908, og hadde no blitt sterkt merkt av «tidens tann».

Eit omfattande restaureringsarbeid er gjennomført, og på tysdag 27. mai blei det høgtidleg markert at monumentet var ferdig restaurert.

Arbeidet med restaureringa er utført i regi av kulturetaten i Oslo, og det er stiftinga Sat Sapienti som har gjeve pengar til arbeidet.

Frøy Hovland Holtbakk og Marius Grønsdal frå Barratt-Due institutt sang. Det blei også gjeve ei orientering om kunstnaren Utsond, diktaren Welhaven og om restaureringsarbeidet.

I år er det 150 år sidan Gunnar Utsond blei fødd, og det passa då særs fint at dette monumentet fekk ei oppfrisking.

Welhavenmonumentet til Gunnar Utsond vann første premie i ein konkurranse i 1903, og stod ferdig i 1908. Utsond kalla utkastet sitt for: «Der er en bitter Kvide».

Dagbladet skreiv den 21. september 1903 mellom anna:

«Det er en karakter som er herdet gjennom skuffelse og lidelse som taler ut av dette ansikt med faste trekk og dype alvorlige øyne».

Det er eit ganske omfattande restaureringsarbeid som er gjort. Innvendig rust og korrosjon er fjerna, rustne innfestingar er bytta. Overflata er reinsa for skorper og skadeleg korrosjon, og no er det lagt eit vernande lag på utsida slik at ureining og grafitti lett kan vaskast av.

I tillegg til dette er sokkelen, og heile området rundt restaurert. Nye buskar er planta bak, og nye blomsterkasser er sett opp.

Monumentet står på Riddervolds plass, ei lita grøn lunge i området bak slottet i Oslo, med gamle bygardar og travle gater rundt.

Gunnar Utsond har fast utstilling i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun. I samband med 150-årsminnet for Gunnar Utsond i år, blir denne utstillinga fornya og opnar 15. juni.