Av Enok Opsund – Årbok for Telemark 1958

 

Fyrste gongen eg møtte Gunnar Utsond, var ein haustdag under fyrste verdskrigen. Eg var student den gongen og sto på toppen av Brokefjell ein sundags ettermiddag med utsyn over den vakre Kviteseid-bygda og elles mest over halve Telemark. Då kom det eit par framom eit halvt hundre meter beint under nuten, dei hadde hund og børser og var ute på veiding.

Eg huva ned til dei, og ein stutt samtale kom i gang, om ver og vind, jakt og anna. Det vart meir samroping enn samtale på grunn av fråstanden.

Då eg spurde kven dei var, vart det svara at det var professor Gunnar Utsond og kona. Ein liknande førespurnad frå dei vart send opp, og ned att kom dette merkelege svaret: «Å, eg er berre ein vanleg turist eg.»

Seinare, då eg råka Gunnar Utsond i heimen hans på Neset i Kviteseid, eller på atelieret hans i Oslo, hadde han mykje moro av å koma attende til denne fyrste samrøda vår. Han hadde ei kjensle av at han hadde slege meg heilt ut med professor-titelen sin, og at her var det berre å gjera seg over utan motmæle.

Det var i åra mellom 1909 og 1921 Gunnar Utsond var professor ved Kunstakademiet i Oslo. Det Førde med seg ei spalting i tilværet hans, vinterhalvåret i Oslo og sumarhalvåret i Kviteseid, og han kunne ikkje seia seg velnøgd med dette dobbeltlivet. Best lika han seg heime på Neset, der det trugne «fylgjet» hans, husfrua Gunhild og dei to døtrene, gjorde livet triveleg for han og hjelpte han på alle måtar. Der var det og han ytte det beste i skapande kunst som bilethoggar.

 

Gunnar Karenius Utsond vart fødd på Nordgarden i Kviteseid 31/8-1864. Far hans, Olaus Svenkesen, var byggmeister og kom som innflyttar til bygda frå Gjerpen i 1859, og vart same året gift med Hæge Nordbø frå Vrådal. Huslyden flutte seinare frå Nordgarden til Utsond, og derifrå tok borna namnet sitt.

Gunnar gjekk på Latinskulen i Skien, og på skulevegen, har han fortalt, fekk han ein tokke av den skarpe motsetnaden som då rådde mellom byen og Telemarksbygdene. Telemålet var ofte opphav til svivyrding frå byungdomen, og rett som det var, fekk han hædingsnamnet «bo’en» slengt etter seg. Far min, som kom til Skien frå Kviteseid på same tid, gjorde same røynsla, med di han titt vart kalla «Eg» når han for framom flokkar med byungdom. Det skulle ikkje meir til enn at ein bymann som hadde vore oppe i bygdene ei tid, vart utsett for same hædinga. Eg minnest sjølv frå ikring hundreårsskiftet at politimeister Christophersen, som hadde vore sakførar i Kviteseid før han kom til Skien, fekk namnet «klibo’en fra Kviteseid» slengt etter seg under det kjende oppstyret på «Roligheten». — Under slike tilhøve var det ikkje så lett å halda på heimemålet sitt i den tida, og som så mange andre gjekk Gunnar Utsond over til bokmålet for framtida. Han vart dessverre med åra driven meir og meir over i motsetnadstilhøva til målrørsla, og eg minnest mangt eit kvast ordskifte når vi kom inn på målstoda i landet vårt. Men han gløymde ikkje Kviteseid-målet sitt. Det kunne vera ei frygd å høyra på han når han med logn humor nytta det med meisterskap i samtale med bygdefolk. Bokmålet hans var elles sers forseggjort og både fint og naturleg, for han hadde eit «konversjonstalent» som eg mest aldri har høyrt maken til.

Han fekk utdaning som tannlækjar og praktiserte ei tid, serleg i Kviteseid og Larvik. Men kunstnaren vart etter kvart for sterk i han, og han skjøna snart at det var som bilethoggar han ville få nytta ut kunstnargivnaden sin. På utanlandsferder fekk han sterke tildriv til å slå inn på denne vegen. Han vart truleg sterkt påverka av franskmannen Rodin, mellom andre, men elles kan ein trygt seia at han vart ein sjølvlærd mann som kunstnar i faget sitt. Til å byrja med eksperimenterte han seg fram, og det vekte mykje oppstuss då han i 1894 stilte ut eit arbeid i Oslo av ein gut som sat og spikka. Det synte seg nemleg at gipsfiguren var støypt over levande modell. Ein kvass strid ikring namnet hans tok til etter dette, og han loga opp att tre år etter, i 1897. Då stilte han ut ei kolossal-gruppe som hadde til emne det bibelske motivet i Openberringa om havet som gav tilbake dei døde. Han vart då, med urette, skulda for plagiat etter den engelske målaren Leighton, og det vert fortalt at ein av venene til Gunnar Utsond knasa heile kunstverket for å fri han frå dette ansvaret. Er dette tilfellet, så var det stor synd, for det var eit storfelt verk etter det kunnige folk har sagt etter sjølvsyn, truleg det beste han har skapt. Når eg ein gong imellom orda frampå med han om lagnaden til dette kunstverket, vart han heller tagal, og med ein sår smil føyde han gjerne samrøda inn på noko anna.

Men så kom det fulle kunstnarlege gjennombrotet hans med «Helhesten». På Paris-utstillinga i 1900 fekk verket gullmedalje og mange lovord, og her heime gjorde det med eitt slag slutt på striden om namnet hans. Alle var samde om at ein stor kunstnar hadde løyst ei stor oppgåve på ein framifrå måte. Det var rørsle og kraft i kunstverket og samstundes eit livsalvor som verka hugtakande på alle. Det har som kjent fått plassen sin framføre Sjømannsskulen på Ekeberg i Oslo.

Etter dette fekk Gunnar Utsond fleire store oppgåver å løysa, serleg når det gjeld biletstytter av kjende nordmenn. Mellom dei kan ein nemna Welhaven-monumentet i Oslo frå 1903, og i seinare tid stytta av Sam Eyde på Rjukan. Noko av det beste han har laga, er Vinje-stytta i Skien, eit kunstverk som gjev eit uvanleg levande bilete av ferdamannen med fjellstaven og skreppa. Han var ein meister til å få fram portrettlikskap og sermerkte karakterdrag hjå dei han skapte med hendene sine. Andre velkjende døme på det er Ullmann-bysten i Seljord og den av Tormod Borgejordet i Kviteseid.

Livsverket til Gunnar Utsond som skapande kunstnar er merkt av fantasi og varm kjærleik til emnet, samstundes som utforminga er folkeleg og realistisk i kvar minste detalj. Mykje av det beste i «Det gøymde Noreg» sprang klårt fram i dagen gjennom livsverket hans, og Telemark, som fostra han, har ikkje minst æra for dette. Då han døydde i 1950, hadde to andre teler alt stige fram for å føra den gamle kulturarven vidare: Anne Grimdalen og Dyre Vaa. Det er i sanning mykje desse tre telene har gjeve oss av «Gamle Noreg nørdst i grendom».

 

Som menneske var Gunnar Utsond eit av dei merkelegaste og likaste eg har møtt på livsvegen min, ein uvanleg sterk, rik og mangslungen personlegdom, som ein vart nøydd til å lika, trass i sider som det kunne vera vanskeleg å godtaka. Eg trur nok dette er inntrykket til storparten av dei som møtte han, og det er sikkert mange som har ugløymande gode minne om samvera med han.

«Du er ein selskapskar av dei fyrste, Gunnar», sa ein sambygding til han på ein vellukka tur vi hadde ein gong til Flekstveit, fjellgarden hans oppe i Lårdal. Denne folkelege domen trur eg dei fleste vil vera samde i, om dei ikkje nettopp ville ha sagt det beint til han.

Gjestfridom var eit av dei mest sermerkte draga i karakterlivet hans. Eg var så heppen å få nyta godt av denne gjestfridomen som student i Oslo 1915-20, under dei triste krigsåra, då eg alltid var velkomen på det heimkoselege atelieret hans i Universitetsgata. Trass i den store aldersskilnaden — han var mest tretti år eldre enn eg — vart ein venskap knytt som fekk mykje å seia for meg både då og seinare. Kunstnarvenene hans lika seg og godt der på atelieret, menn som Nils Kjær, Arnulf Øverland, Thoralf Klaveness og ikkje minst Sigurd Mathiesen, ein av dei beste venene hans, som det alltid fylgde fest med når han av og til kom på vitjing frå Langesund.

Ei samrøde med Gunnar Utsond kunne vera ei merkeleg oppleving på mange måtar. Samrøda er kanskje noko sterkt sagt, for det var nå helst han som førde ordet, og som nemnt var han ein meister i det. Han var levande interessert i alle moglege emne, hadde god kjennskap til mykje, og i timevis kunne han leggja ut om det som låg han på hjarta. Då vart ein førd inn i ein herleg ordflaum, som hadde kjeldene sine i inspirasjon, men som nok av og til kunne verka kvævande. Det var ikkje heller alltid så originalt det han hadde å fara med, og ein del oppattaking kunne det nok vera, men det vart framført med ei slik overtyding og med så mange originale kraftordlag og løglege meiningsløyser at det var ei frygd å Tyda på det mange gonger. I heimbygda hans vert det hermt mange løglege paradoks etter han som han skal ha late falla som kommentar til ymse hendingar i bygda.

Noko av det som verka sterkast i samvera med han, var den breie og samstundes logne folkelege humoren som låg og dirra på botnen av sjelelivet hans. Han var ein open natur, tok seg sjølv aldri høgtidsamt og kunne gle seg som ein gutunge mange gonger. Han hadde så lett for å sjå det som var løgleg både hjå seg sjølv og andre og samstundes firma så råkande uttrykk for det at det var berre å gjeva seg over til skjemten på nåde og unåde. Det var nok mykje dette han tenkte på sambygdingen då han kalla han «selskapskar». Eg har sjeldan råka på eit menneske med så djupe kjelder av folkeleg humor. Med den kunne han titt taka brodden av heller harde ordleggingsmåtar om folk og tilhøve. Det kunne vera krut i han Og, som hadde lett for å eksplodera når verda gjekk han imot og han meinte seg urettvist motarbeidd. Då kunne han taka heller hardt imot dei det galdt. Men uveret varde vanlegvis ikkje lenge, for langsint var han ikkje. Etter eit torever kom det atter skyfri himmel, og folk lika han for dette. Jamvel dei som kunne ha vore i sin gode rett i ein strid med han, skreiv det berre på kontoen til kunstnargemyttet.

I livsføring og åtferd var Gunnar Utsond så ulik andre menneske ein møter, at det er vanskeleg å finna nokon «bås» til han i eit ettermæle. Men det var kanskje nettopp dette som gjorde at alle som kom i samband med denne sermerkte mannen, vart levande interessert i han, at så mange kom til å lika han, og at dei som kom han nærare inn på livet, vart nøydde til å halda av han, nettopp av di han var seg sjølv, trass i alt. For attom den noko uvyrdne og fjellsterke yta fann ein kjenslevare og varme menneskelege drag, som gjorde samvera med han til ei rik oppleving. Undring over livet i all sin rikdom og skiftande ovringsmåte kunne i inspirerte stunder gjera han til noko av ein vismann og diktar, og då kom det gjerne eit sorgmildt drag over det sterke og vakre andletet hans. Difor er det biletet av ein god ven eg sit att med i minnet, merkt av livsalvor attom styrken, liksom «Helhesten» hans.