Frå «Bilethoggaren Gunnar Utsond» av John Skarprud – Gamalt frå Kviteseid 1990

 

Helhesten ved Sjømannsskulen på Ekeberg

Helhesten ved Sjømannsskulen på Ekeberg

Skulpturen Helferd fekk gullmedalje på Verdsutstillingi i Paris i 1900. Rodin, som var jurymann, interesserte seg sterkt for Utsonds verk. Motivet er henta frå norrøn mytologi med Balder og Nanna på hesteryggen i susande tansprang mot nord – nord og ned ligg Helvegen – og over Gjallarbrui. Kvinna klamrar seg til mannen som held armen vernande kring henne. Men det som fangar interessa mest er den meisterleg forma hesten som heng fritt frå ei støtte i sida. Støtta har form av ein bergnabbe og blir det statiske, det faste og rolege i komposisjonen. Dette framhevar endå meire den konsentrerte spennkrafti som går gjennom heile hestekroppen frå hovud til halespiss. Her er kvar muskel under kontroll. Det ser ut som hesten sviv fritt framover bergnabben.

 

 

 

 

 

 

 

Utkast til Helferd i mindre storleik.

Utkast til Helferd i mindre storleik.

Jens Thiis slo fast at «Helferd» var ein av dei verkeleg store skulpturar i nyare europeisk bilethoggarkunst. «Og for en hest,» set Einar Østvedt i. «En mer overlegent utført hesteskulptur er ikke laget av noen billedhugger i Norge.» Om bakgrunnen for «Helferd» fortalde Gunnar Utsond til far, som mange gonger var på gjesting til Neset. Det går attende til barndomsåri på Nordgarden i Lundevallsgrendi. Den gamle Nørsterudbrui over Dala-åi vart i barnefantasien til Gjallarbrui. Det er som ein også høyrer ein dirrande óm av «Draumkvædet», som hadde vore kjær lesnad for Utsond. Der vegen svingar ut på brui var det «Helferd» var tenkt. Denne svingande rørsla går att i skulpturen. For fantasien hans fekk hovslagi på Nørsterudbrui ein symbolsk, ja mytologisk klang og tyding. Ja, slik fortalde han. I 1921 vart monumentet sett opp framfor Sjømanns-skulen på Ekeberg – altfor bortgøymt etter manges meining.