Korleis Birgit frå Dalane kom på 1914-minnemynten

Mor Norge fotografert på lager i Utsondhalli

Mor Norge fotografert på lager i Utsondhalli

 

Av Tore Skaug frå ”Gamalt frå Kviteseid 2014”

Ein treng ikkje absolutt vera adeleg, kongeleg eller ha eit kunstnarnamn for å få kontrafeiet sitt på pengesetlar eller myntar, sjølv om det kjem godt med. Husmannskona Birgit Haugen frå Dalane i Kviteseid blei av bilethoggar og professor Gunnar Utsond utnemnd til «Mor Norge» og kom til å figurere på sylv-tokrona som blei støypt til 100-årsjubileet for grunn-lova i 1914. Nå er det gått nye 100 år, og det gjer det naturleg å fortelje historia om Birgit og minnemynten.

Då det blei lyst ut ei tevling om korleis minnemynten skulle vera, kom det inn ikkje mindre enn 90 forslag. To av utkasta blei av juryen dømt som like gode, men da dommen blei offentleggjort, oppsto det eit livleg ordskifte. Jus-professor og internasjonalt kjend numismatikar (mynt-samlar) Bredo Morgenstierne kom med skarp kritikk av juryen, og i ein lengre artikkel i tidsskriftet Samtiden kom han med grunngjevinga.

Han skriv: «Da jeg gaar ut fra at kun forsvindende faa av «Samtiden»s lesere besøkte utstillingen av utkastene, kan det litet nytte her at forsøke en kritisk gjennomgåelse av dem. Nogle almindelige bemerkninger faar være nok. Det rent karikaturmessige vil man jo altid finde en del av ved helt aapne kunstneriske konkurranser, men her bredte deg seg i betænkelig grad. Og det middelmaadige eller av forskjellige grunde helt ubrukelige endnu mere. Men det værste var at virkelig gode eller brukbare momenter dannet de sjeldne undtagelser. Opgaven laa aabenbart helt utenfor eller yderst i periferien av vore kunstneres interesse og evne.»

Og vidare: «Hovedfeilen ved de aller fleste utkast var den at opgaven var misforstaat, idet man hadde lavet en medalje istedenfor en mynt. Jeg er sikker paa at resultatet for de aller fleste av de konkurrende kunstnere var blit det samme om der hadde været forlangt tegning til en jubilæumsmedalje og ikke som nu til en minde-tokrone.»

 

«Træsnit-karakter»

Den eine av premievinnarane, Dagfin Werenskiold, hadde etter Morgenstiernes oppfatning levert eit utkast som verken var mynt eller medalje. Det hadde ein utprega «træsnits-karakter» og var «nærmest i slegt med Gerhard Munthes kartoucher og friser til Snorre-utgaven.» «Til prægning», heldt Morgenstierne fram, «det være sig som mynt eller medalje, er det helt uskikket.»

Bilethoggaren Ingebrikt Vik hadde signert det andre premierte utkastet. Etter Morgenstiernes syn hadde dette enkelte gode sider, men «adversen med sin symbolske persongruppe har en utpræget medaljekarakter.»

I tida rundt 1914 hadde landet vårt manifestert seg solid som Kongeriket Norge, og i «ethvert monarki skal guldmynterne og de største sølvmynter bære monarkens portræt paa adversen, en regel som i vore dage er omtrent undtagelsesfri. En løsning vilde det derfor være (…) at man lod aarene 1814 og 1914 repræsentere ved de to kongeportræter. Og vilde man ikke dette, gaves der naturligvis ogsaa andre løsninger,» skreiv Morgenstierne.

Mor Norge mynt side 1Mor Norge mynt side 2Og løysinga blei altså Gunnar Utsonds minnemynt med portrettet av den høgreiste Birgit Haugen frå den vesle plassen Haugen i Dalane. Her ser ein, i følgje Wikipedia, «en høyreist eldre kvinne framstilt i helfigur, iført en enkel middelalderdrakt og skuende som en kjempe utover et vidstrakt skog- og fjellandskap med høy himmel. På framsida har mynten riksvåpenet over tretopper i barskog.» Mynten kom ut i eit opplag på 3,2 millionar. Etterkvart er mesteparten inndregen, men mynten er framleis i omløp som suvenir og kan kjøpast på nettet.

Nå seier ikkje kjeldene noko om korleis Morgenstierne såg på Utsonds versjon, men Utsond er ikkje åleine om å ha nytta «Mor Norge»-symbolet i kunstnarleg samanheng. Ein kan t.d. nemne krigsminnesmerket ved Gjerpen kyrkje, der Dyre Vaa har skapt «Mor Norge» med eit barn på fanget.

 

Birgit frå Bø

Kven var så denne kvinna som Utsond såg som «Mor Norge»? I gardssoga les me om plassen Haugen under Haugerud at dei siste som budde der, var Gunnar Aasmundsson som var gift med Birgit Olavsdotter frå Bø. «Ho var modell til kvinna Utsond laga på minnetokroningen frå 1905. (Her tek altså forfattaren feil og gjer 1914 til 1905.) «Et særpreget ansikt», sa Utsond om Birgit. Ho sat fyrst modell i «Frankrike», men måtte seinare ned til Utsond, fortel bygdesoga.

I gardssoga kan ein også lese seg til at Gunnar og Birgit budde på plassen Gunleiksrud under Gjersund før dei kom til Dalane, og Gunleiksrud-plassen finn me meir informasjon om i «Attlagde plassar i Morgedal (Gamalt frå Kviteseid 2011). Her fortel Johans Sollid, lærar både i og mange år utanfor Kviteseid, om Gunleiksrud: «Den siste som budde på Gunleiksrud, var Gunnar Aasen, bror til Aslak Høgelid. Han var fyrst gift med ei som dei kalla Margit Jakkeskreddar av di ho var så flink til å saume av desse gamle, kvite jakkene som dei bruka her i Morgedal i gamal tid. Dei budde fyre på Høgetveit, kom seinare til Aasen nede ved Omtveit. Her døydde Margit. Um nokre år gifte Gunnar seg att med ei gjente frå Bø som heitte Birgit, og Birgit og Gunnar var so i Gunleiksrud nokre år til dei kring 1880 flutte til Dalane og budde på Haugen.

Eg kom som lærar til Dalane i 1886, og då budde desse folki på Haugen, den vesle bustaden like uppe på Landsverkfossen. Denne Birgit var eit stort, drusteleg kvinnfolk, sterk som få, so eg tenkjer meg det var `kje moro setja upp med henne, um det skulde bli tale urn det. Gunnar måtte visst lystre henne. Det var i ei likferd på Landsverk, vert det fortalt. Det leid utpå notri, og Birgit fann at no var det på tide å gange heimatt. Gunnar hadde fenge i toppen og lika seg godt i laget, men fylgde då med Birgit ut. Då dei var komne ut på tunet, bad Gunnar: «Å, må eg innatt Birgit, eg skal sitja so still, eg skal’kje teva ein gong!» Dei hadde ein son som heitte Olav. Denne gjekk på skule for meg til han var konfirmere. Då han var framsleppen, trefte eg mor hans som sa: «Eg må takka deg for du hev sett so mange gode skruvar i hue på gutungen min.» Olav stakkar — drukna under timmerfloting burte i Flatdal.» I Kleivhylen året 1907, seier gardssoga, der me får vite at Gunnar døydde på Haugen i 1904 og Birgit på gamleheimen på Moen i 1914.

 

Mor Norge Gunhild, som seinare vart kona til Gunnar Utsond, budde på plassen Bulid. Gunnar sykla opp Dalane når han var på gjesting dit, og her møtte han den staute og drustelege Bergit Haugen. Utsond baud seg inn til henne og seinare vart Bergit modell for denne skulpturen — «Mor Norge,» som vart laga i 1911.