Desse skulpturane finn du i Utsondhalli

 

  1. Øgle
    Mot slutten av livet vende Gunnar Utsond seg meir og meir mot det ein kan kalle grotesk symbolisme. Han var mellom anna oppteken av å kombinere trekk frå dyr og menneske i same skulpturen, dette for å skape ein særskilt effekt. Legg merke til kontrastane mellom dyr og mennes­ke i denne skulpturen.
  2. Mor Norge
    Gunhild, som seinare vart kona til Gunnar Utsond, budde på plassen Bulid. Gunnar sykla opp Dalane når han var på gjesting dit, og her møtte han den staute og drustelege Bergit Haugen. Utsond baud seg inn til henne og seinare vart Bergit modell for denne skulpturen — «Mor Norge,» som vart laga i 1911.
  3. Centaurer
    Skulpturen er frå 1934. Motivet er inspirert av gresk mytologi. Kentaurar er dei rå og ville vesena med menneskehovud og hestekropp me møter i samband med dyrkinga av Dionysos.
  4. Rytteren
    Relieff laga 1941/42. Verket er frå dei seinare åra av Utsond sitt virke som bilethoggar. På denne tida kjende Utsond seg isolert og gløymd. Var ikkje han ein stor kunstnar? «Jeg fryser ihjel her på Neset,» kunne han seia. Men lysta til å arbeide hadde han framleis.
  5. Johan Sebastian Welhaven
    I 1903 vann Utsond tevlinga om eit minnesmerke over diktaren Johan Sebastian Welhaven. Utsond framheva det melankolske og drøymande ved Welhaven. Som motto nytta han ei strofe frå diktet: «Der er en bitter kvide». Bronsestatuen står i eit parkanlegg ved Camilla Collets vei på Briskeby i Oslo.
  6. Aasmund Olavsson Vinje
    Diktaren og vandringsmannen A.O. Vinje står her med fjellstaven i handa og skreppa på ryggen. Tankefull ser han utover landet. Skulpturen vart laga i 1916 og monumen­tet vart støypt i bronse og reist framfor Fylkeshuset i Skien i 1925.
  7. Gunnar Knutsen
    Gunnar Knutsen var den store høvdingen i partiet Venstre og statsminister i periodane 1908 – 10 og 1913 – 20. Med bakgrunn som ingeniør, skipsreiar og industrimann, leia han landet som ein bedriftsherre. Denne bysta er støypt i bronse og står på Borgestad i Skien.
  8. Frihetshymnen
    Skulpturen vart laga som eit utkast til Eidsvolds­monument framfor Stortinget. Nakne menneske krinsar søyla, som ein uordna hop nedst, men mot toppen strek­kjer dei seg meir og meir oppover. På toppen av søyla sit eit monster av ein felespelar — Fossegrimen, som lokkar menneska med spelet sitt. Rundt foten av søyla står ein ring av symbolske fridomsfigurar. Dette utkastet trekte Utsond tilbake frå konkurransen i 1920 i protest mot at kommunen hadde gjeve eit stort atelier til Gustav Vigeland. Bilethoggarane kunne ikkje lenger konkurrere på like vilkår.
    Frihetshymnen til Utsond minner om Monolitten til Vigeland. Skulpturen til Utsond vart laga fyrst, og Utsond meinte Vigeland hadde stole hans ide.
  9. Kommandør Chr. Christensen
    Kommandør Christen Christensen (1845-1923) var industrimann og skipsreiar i Sandefjord. Best kjend er han for å ha vore banebrytar for den norske kvalfangsten i Antarktis.
  10. Helferd (a,b og c)
    Hesten rir mot det underjordiske med eit par på ryggen. Menneska i skulpturen ser lagnaden i augo; mannen med resignert melankoli, kvinna med angst. Hesten stuper framover med villskap i kroppen. Kontrasten er stor jam­ført med roa i augo til ryttaren. Ein tykkjer hesten liksom svevar over bakken med lyfte hòvar. Dette er helveteshes­ten sjølv. Motivet til Helferd har Utsond henta frå Balders og Nannas ritt til Helheim i det norrøne diktet Voluspå; nord og ned ligg Helvegen — over Hjallarbrui.
    10 A er hestehovudet i full storleik, 10 B og 10 C er utkast til heile skulpturen i mindre storleik. Bronsestatuen står ved Sjømannsskolen på Ekeberg i Oslo.
  11. Gutt som spikker
    Utsond debuterte i Christiania Kunstforening med denne skulpturen i 1894. Dette er ein så detaljert imitasjon at Utsond vart skulda for å ha teke ei gipsavstøyping av guten. Fleire av kunstnarkollegaene hans fekk statuen fjer­na frå utstillinga grunna dette. Dei hevda at det ikkje var nokon kunst berre å ta ei avstøyping. Utsond medgav å ha bruka avstøyping av ein levande modell i arbeidet, men skulpturen hadde han sjølvsagt gjeve si eiga kunstnarlege form.
  12. Gunnar Utsond
    Dette er eit portrett av Gunnar Utsond, laga i 1982 av kunstnaren Tor Vaa. Skulpturen er ei gåve frå Kviteseid Bondekvinnelag.
  13. Camilla Collett i sin alder 60 år
    I tevlinga om skulptur av Camilla Collett vann Utsond 2. prisen. (Gustav Vigeland vann tevlinga.) Utsond har skildra Camilla Collett som ein myndig og majestetisk person. Camilla Collett var ein litterær banebrytar som inspirerte ein heil generasjon av realistiske diktarar, sam­stundes var ho ein naturleg førar for kvinnekampen i Noreg.
  14. Holger Danske
    Dette er ein dansk segnhelt. Han skal ha sove i kjellaren under Kronborg slott og vakna i tide for å redde landet i naud. Bakgrunnen for forteljinga er truleg Ogier le danois, motstandaren av Karl den Store, som ein kan lesa om i franske riddardikt frå I 200-talet.
  15. Drøm
    Skulpturen er frå 1933. Legg merke til andleta i kontrast til dei aldrande kroppane. Arbeidet kan stå som eit døme på grotesk symbolisme.
  16. Grevinne Rosenørn
    Grevinne Rosenørn var blant dei danske venene til famili­en Utsond. Bysta er laga i 1937. Dette arbeidet er veldig vart og personleg gjort.
  17. Kveld
    Ein spinkel, forvridd og samansunken mann. Skulpturen speglar Utsond sine idear kring det forgjengelege og døden, eit tilbakevendande tema i motivkrinsen hans på 1930-talet. Skulpturen er frå 1934.
  18. Tingenes ende
    Eit godt døme på den groteske symbolismen i dei seinare arbeida til Utsond. Laga i 1935.
  19. Drøm – liten skisse
  20. På havskjæret – liten skisse
  21. Tingenes ende – utkast