av Tilman Hartenstein

 

«SE HVOR DEN FARER OG HVOR DEN FALLER!»              

Gunnar Utsond sine arbeid høyrer inn under dei tre store moderne straumane i biletkunsten mellom 1850 og 1910 – realisme, naturalisme og symbolisme.

Realismen var ei rørsle som vende seg mot romantikken. Realismen skulle vise mennesket slik det verkeleg levde – i kvardagen sin – oftast i fattigdom. Målaren Christian Krohg er eit døme på dette. Det handla mellom anna om å vise menneskekroppen slik den verkeleg såg ut.

Naturalismen var realistisk i forma, men ville vise dei store tema i menneska sin lagnad: kjærleik, kamp, håp, svik, sorg og død. Blant dei norske bilethoggarane etter 1890 var Gustav Vigeland den mest kjende naturalisten. Dei var inspirerte av den store franske bilethoggaren Auguste Rodin.

I symbolismen nærma kunsten seg romantikken att, men nå ved å vise det umedvitne i mennesket. Stilen var naturalistisk, men det handla ikkje lengre om situasjonar frå verkelegheita. Symbolistane dyrka draumeverda, mytologi og eventyr. Edvard Munch er ein av dei mest kjende.

Sjølv om Gunnar Utsond heilt klårt var naturalist, har hans mest personlege verk sterke symbolistiske trekk. Dette kan ein sjå alt i hans to store tidlege og mest prisløna verk, båe er domedagsvisjonar:

OG HAVET GA TILBAKE SINE DØDE (1896). Figurgruppe som viser ei domedagsscene frå bibelen (frå Johannes» openberring), inspirert av Rodin og eit måleri med same tittel av den engelske målaren Fredric Leighton. Verket blei stilt ut på verdsutstillinga i Paris 1900, der det fekk stor merksemd.

HELFERD (1897) – ei scene frå norrøn mytologi som blir rekna som Utsond sitt hovudverk, inspirert av hans lærar Stephan Sinding. Det er Hermod som er på veg til Hel (dødsriket), for å hente den døde bodbringaren Balder attende. Med seg har han Balders enke Nanna. Verket blei vist på verdsutstillinga i Paris 1900 og fekk ei gullmedalje.

I ein begeistra omtale av «Helferd» skriv målaren Christian Krohg i 1909:

«Det har vært sagt at den ikke burde stå opp på Victoria Terrasse. (…) Men midt i det larmende liv er det nettopp man skal tale om døden. (…) Se hvor den farer og den faller! (…) Man taler om naturalisme og man taler ondt om den. (…) Og dog ser man her at endog til mytologiske emner er den ikke å forakte. Nettopp illusjonen og den frapperende naturefterligning framkaller en underlig følelse av at man selv, tilskueren, er revet ut av sin ramme og hen til hin tids miljø, i det man står og ser dødshesten passere. (…) Jo lengre man ser på Utsonds mesterverk, jo mer fylles man av harme over hvor lenge det har vært skjult, aldeles glemt og hvor lett det kunne være gått helt til grunne. (…) Den skal opp på Victoria Terrasse!»

Utsond laga mange portrett i form av byster og statuar. Dei beste er meistarleg realistiske: J.S. Welhaven, A.O. Vinje, Camilla Collett. Men han vann ikkje fram med fleire symbolistiske verk, til trass for suksessen i Paris. Gustav Vigelands naturalistiske skulpturar var meir i tida sin smak. Dette gjorde at Gunnar Utsond etter kvart trekte seg attende frå kunstlivet.

På 1930-talet, på Neset i Kviteseid, laga han ei rekkje symbolistiske og særs groteske figurar, som «Drøm» (1933), «Kveld» (1934), «Centaurer» (1934), «Tingenes ende» (1935). Dei spegla nok hans livskjensle på den tida, men også ein lengsle etter ein kunst han aldri fekk fullført.

«Du tror og du trur at neste gang skal det skje, det store – men så, ved livets slutt, oppdager du at den neste gang, den kommer aldri» siterer Arne Vinje Gunnar Utsond i sin biografi om Dyre Vaa.

«EN BITTER KVIDE»

Gunnar Karenius Utsond vart fødd i 1864 på Nordgarden i Kviteseid (Lundevallsgrend) som son av byggmester Olaus Svenkesen og Hege Dale Nordbø. Seinare flytta familien til Utsond og tok namn etter staden.

Alt tidleg i ungdomen laga han figurar i tre og andre materiale. Han utdanna seg til tannlækjar, men gjekk samstundes på «Den kgl. Tegneskole» i Kristiania. I 1889 drog han til København for å studere bilethoggarkunst hjå blant anna Stephan Sinding.

Sinding var ein norskfødd bilethoggar (1846-1922) som var svært kjend i utlandet. Han hadde ei stilutvikling som liknar mykje på Utsond, berre ein generasjon tidlegare: med ei klassisk utdanning i skulpturteknikk i botn, blei han sterkt påverka av dei moderne straumane i bilethoggarkunsten – realismen, naturalismen og til slutt symbolismen.

I 1897 fekk Gunnar Utsond eit stipend som gjorde at han kunne bu tre år i Paris for å studere vidare. Der møtte han kunsten til den verdsberømte Auguste Rodin, ein stor naturalist som blei eit førebilete for svært mange bilethoggarar i Europa eit godt stykke inn på 1900-talet.

Utsond fekk stor suksess på slutten av sitt opphald i Frankrike. Ved tusenårsutstillinga i Paris 1900 fekk han rosande omtale av sjølvaste Rodin for «Havet gjengir sine døde», og gullmedalje for «Helferd».

Men begge verka blei skadd på heimtransporten til Noreg, «Havet» så mykje at det blei heilt øydelagt.

«Helferd» blei lagra i eit skur utanfor Nasjonalgalleriet, og det tok så mykje som 21 år før den blei reist i bronse utanfor Sjømannskulen på Ekeberg (i dag BI) der den framleis står i dag.

I dei følgjande tiåra laga Utsond ein rekkje byster og statuar av kjende nordmenn. Nokre var tinga, nokre vann tevlingar. I tillegg til «Helferd» er det desse som framleis minner om Utsond i det offentlege rom i dag:

J.S. Welhaven («Det er en bitter kvide») kviler på sin hagebenk på Riddervolds Plass i Oslo (restaurert 2014). A.O. Vinje står støtt med sin fjellstav ved Fylkeshuset i Skien. Sam Eyde ruvar på Rjukan. Av bystane kan Viggo Ullmann (Seljord), Gunnar Knutsen (Borgestad), Torjus Sølverud (Nes i Sauherad) og Tormod Knutsen Borgejorde (Kviteseid) nemnast.

Den meistarlege statuen av Camilla Collett med armane i kross blei aldri reist – her vann Gustav Vigeland konkurransen, som mange gonger elles når dei to tevla om oppdrag.

I 1903 blei Utsond gift med Gunhild Øyan, og i 1907 kjøpte dei den gamle garden Neset i Kviteseid der Utsond bygde eit atelier oppe på den godt synlege toppen.

Då Statens Kunstakademi blei skipa i 1909, blei Gunnar Utsond ein av tre professorar ved skulen. Han var i stillinga i 12 år før han plutseleg trekte seg, i protest mot avgjerda til Kristiania kommune om å bygge eit atelier spesielt for Gustav Vigeland slik at han kunne fullføre sin store skulpturpark.

I 1922 blei Utsond inspirator for bilethoggaren Dyre Vaa som i ein alder av 19 år vitja han med eit hovud av diktaren Dante han hadde laga. Utsond oppmuntra Dyre og lærte han å støype i gips.

På 1930-talet trekte Utsond seg meir og meir attende, samstundes som han laga nokre av sine mest særprega verk. Forteljingar vitnar om ein nokså uforsonleg mann som utan tvil følte seg forbigått. Han ville ikkje delta i kunstnarane sin boikott av kulturadministrasjonen under NS-tida, noko som blei tatt opp særs ille etter krigen. Han døydde i Kviteseid i 1950.

FOSSEGRIMEN SPEL FRIDOMSHYMNA

Gunnar Utsond kan med rette kallast ein omstridt og tragisk figur i norsk kunsthistorie. I Noreg var det på hans tid to andre kunstnarar med liknande bakgrunn frå København og Paris: Ingebrigt Vik og Gustav Vigeland. Det skulle bli mange år med rivalisering mellom desse tre.

I Noreg var det ikkje mange som forstod seg på moderne bilethoggarkunst. Då Utsond for fyrste gong stilte ut ein skulptur, «Spikkende gutt», i Kristiania Kunstforening i 1894, blei han skulda for «fusk og humbug» – fordi han hadde teke avstøyping av eit levande modell. Verket blei fjerna frå utstillinga og sett attende først etter at målaren Christian Krohg påviste at dette var ei vanleg arbeidsmetode i utlandet.

Til trass for gullmedaljen i Paris i 1900 blei også «Helferd» møtt med motstand. Etter heimkoma blei verket plassert i eit skur. I 1908 vart det stilt ut på nytt og freista plassert på Viktoria Terrasse i Kristiania. Men initiativet blei skrinlagt på grunn av store protestar i avisene. Verket blei så vist på nytt på den store jubileumsutstillinga i Frognerparken i 1914, men først i 1921 vart det reist i bronse ved Sjømannsskulen på Ekeberg.

Den kunstnariske visjonen Utsond hadde med seg frå Paris, var ein symbolsk naturalisme lik den Rodin var blitt så kjend for, med tema frå mytologi, draum og eventyr. Men Utsond fekk aldri gjennomslag for sin visjon – i motsetnad til Gustav Vigeland, som også måtte kjempe, men til slutt vann fram med ein mindre mytologisk, men like fullt dramatisk naturalisme.

Eit døme på dette er historia kring «Frihetshymnen». Det var Utsond sitt bidrag til ein konkurranse i 1920 der oppgåva var å lage eit monument over Grunnlova og Eidsvollsmennene som skulle bli sett opp utanfor Stortinget. Utsond sitt utkast viser ei søyle bygd opp av tallause menneskekroppar kringsett av ein ring med Eidsvollsmenn. – Det er i dag vanskeleg å finne ut kven av dei, Utsond eller Vigeland, som først hadde idéen med ei søyle av menneskekroppar. Men likskapen med monolitten i Frognerparken viser at dei arbeidde ut frå ein svært liknande estetikk.

Men det som folk ikkje likte ved Utsond sitt utkast, det var Fossegrimen som sit i gigantisk storleik på toppen av søyla og spelar på ei usynleg fele. Påfunnet blei håna og latterleggjord i avisene. Eit fridomsmonument som hylla Grunnlova med Nøkken på toppen? Utsond trekte utkastet attende frå konkurransen. Ingebrigt Vik fekk 1. premie – men heller ikkje hans utkast blei realisert.

Som professor ved Statens Kunstakademi 1909-1921 lærte Utsond opp mange studentar i teknikkar i steinhogging. Likevel fekk han ikkje stor innverknad på unge kunstnarar – som i aukande grad tok avstand frå naturalismen. Han trekte seg til slutt frå stillinga i protest mot favoriseringa av Vigeland, og flytta til Neset for godt. Der dyrka han sin symbolisme i fleire mindre verkutkast.

Blant kollegaene til Utsond ved akademiet var målaren Halvdan Strøm (professor samstundes med Utsond) og Wilhelm Rasmussen (Utsond sin etterfølgjer). Dei høyrde til eit miljø som ikkje tok avstand frå det NS-styrte kunstlivet under okkupasjonen. Rasmussen var medlem av Nasjonal Samling alt frå 1933. Var det dei som til slutt var attende til å støtte Utsond?

Fakta er at velmeinande vener sytte for at Utsond fekk tildela Statens kunstnarløn (medan Arnulf Øverland mista si) og ein kulturpris i 1943, saman med bl.a. Halvdan Strøm.

Etter krigen blei Utsond skulda for landsvik – men ikkje dømd. Det blei ikkje ført bevis for at han hadde vore medlem av NS. Men han blei ekskludert frå BKS (Bildende Kunstneres Styre). Ein tragisk slutt på eit kunstnarskap som var alt anna enn politisk.

Det blei stilt rundt kunsten til Gunnar Utsond etter krigen. I mange standardverk om norsk bilethoggarkunst er han berre så vidt nemnt. Korleis ville det ha vore utan denne stilla?.