Den krosskyrkja som står der i dag blei vigsla 20. oktober 1790. Dette er den tredje kyrkja på Brunkeberg.

     Fire år etter kyrkja vart bygd blei den måla av Aslak Osmundsen Nestestog. Det er særleg takmålinga som skil seg ut. Til motiv nytta han bibelord og hendingar i Bibelen, og laga desse som ein mellomting av måling og teikning. Bibelorda måla han ved sida. Det var kraftige hendingar han fekk fram.

    Sokneprest Holst lika bileta så ille at han fekk måla over dei. Dette hende i 1870-åra. Det store auga i midtkvelven, blei ikkje overmåla. Kanskje han tykte det trongs noko til å sjå etter kyrkjelyden.

     Under restaureringa kring 1940 vart kalken teke burt og dei fekk fram att den opphavlege målinga. Det gjekk godt å få av den gamle målinga og finne dei rette fargane. Altartavla frå 1860 vart sett over altaret, og tavla frå 1920 flytt vekk. I taket framfor altaret, heng ein dåpsengel som var i bruk fram til 1846. Engelen som bar dåpsvatnet blei fira ned før dåpshandlinga. Dåpsengelen blei flytt innatt.
Restaureringsarbeidet var ferdig i 1941, og blei vigsla av bisp Maroni den 31. august.
     I 1846 gav Aasmund Nordgård døypefonten til kyrkja. I døypefonten har han lagt eit brev med gotisk skrift og er datert 1846. Her fortel han om seg sjølv og tida han lever i.
     Den fyrste presten ein veit namnet på i Brunkeberg er Sira Arne. Vi veit han var prest der i 1357, bare 6-7 år etter Svartedauden herja. Då var det både kyrkje, prestegard og prest i Brunke­berg.

     Første kyrkja var ei stavkyrkje og var truleg oppført midt på 1200-talet. Etter ein «besiktelse» i 1668 var «Bruggaberga kirkja a Bulandi» frå øvst til nedst tekt med spon, den hadde mange skruv og var ei særmerkt kyrkje. Denne kyrkja brann, omkring 1680

    Tidene var tronge og det gjekk seint med å bygge ny kyrkje. Tydeleg kom dette fram i den nye kyrkja som var reist og som var både lita og klein. Over utgangsdøra var det spikra eit trebrett med årstalet 1685. Truleg det året ho var ferdig.

    Folketalet auka sterkt framover 1700 talet og kyrkja blei såleis for lita, og vart rivi då dei skulle bygge den nye krosskyrkja som altså stod ferdig i 1790.
    Det var to små kyrkjeklokker i tårnet. Truleg hadde desse vore i kyrkja som vart rivi. Det var i alle fall mykje kluss med dei. Då den eine sprakk i 1880, sende dei båe to til Nauen klokke­støyperi for å støypast om til ei klokke. På klokka blei dette støypt inn: «JEG FRYD DIN LYD KALDE FOLK I KIRKEN IND AT HØRE ORD FRA GUD».

Gamle verdfulle ting
Det er funne svært lite verdfulle og gamle ting her i jorda, både i kyrkjetuftene og i kyrkjegarden. Sveinung Opsund, som i mange år var gravar, fann nokre småting, m.a. ein liten grønaktig rund stein med hol gjennom. Den kan vera frå ein rosenkrans.

    Men inne i kyrkja er det ein del gamle, verdfulle ting. Domenico Erdmann, som i 1935 granska kyrkja, skriv m.a.: « – det var unektelig en overraskelse finne den beste (ting) gjemt i alterbordet, nemlig en 63 cm høi bronsefigur på løveføtter. Praktfull og sjelden». « – Ligeså sjelden er også et middelaldersk messehakel. Brodert med fremstilling av St. Olav, Maria med barnet, og Kristus på korset, overført på sort fløiel med gullgrammer frå slutten av 1700 årene».
    Messehakelen er for lenge sidan overført på tykk, handvoven silke.
Denne messehakelen blei bruka i høgtidsmessene, som jol, påske og pinse til ikkje lenge sidan.
     I himlinga i midtkvelven heng ei to­rada messing ljoskrone med 7 armar i kvar rad. Jacob Aall gav ljoskrona til Brunkeberg kyrkje i 1799.
     To ljosestakar av messing frå 1750 står på alteret. Krusifikset frå mellomalderen heng på altertavla. Ein bibel trykt i 1738 og med påteikning av sokneprest Windfeld ligg på alteret.
Det er mange soger og segner som er knytt til Brunkeberg kyrkje.