Gunni Kyrdalen Mjaaland fortel

Utdrag frå ein artikkel i «Gamalt frå Kviteseid 2003»

St. Olavskjelda ligg ved Vigdesjå i Brunkeberg, i eit dalføre mellom Skogsodd i nord og Kolltveiteggen i sør. Kjelda skal ha fått namnet etter at Olav den heilage på si ferd gjennom landet stansa ved kjelda, og skal ha drukke seg utyrst. Etter den tid heitest det at folk som var sjuke eller leid av andre svakhetar, skulle verta friske att, dersom dei og drakk av denne kjelda. Det vart sagt at ein kunne finne krykker i ura på andre sida av vegen, som folk hadde kasta etter at dei hadde blitt friske att. Kjelda er og nemnt av biskop Jens Nielssønn under hans vistitasreiser i Telemark i 1590-åra. Også Magnus B. Landstad og fru Mina skal ha vori opptekne av dette livgivande kjeldevatnet på reisene sine mellom Kviteseid og Seljord,

            Vegen gjekk frå gamalt av like ved kjelda, men det var då ein veldig bratt bakke like vest for kjelda. Da ferdafolket, og sikkert kløv, hadde kome til toppen av bakken, var det vanleg med ei kaffekvil, bakken vart derfor kalla «Kaffebakken» Ein kan enno sjå att gamle «stabbestein» etter vegen som i dag er godt som attgrodd.

            Den dag i dag frys det ikkje is på kjelda. Den er open heile vinteren. Det er varme strøymingar som renn ut i vatnet (Vigdesjå) ved sida. Noko som ein høyrer om i «Vigdesjåvisa»

            I den samanheng vart det dikta ei vise om Vigdesjå eller Bruretjønn, eit namn som og har vore nytta opp gjennom tidene.

Visa skal vera skriven av bygdediktaren Andres Meinstad i siste halvdel av 1700-talet.

 

Vigdesjåvisa

 

Det var so ven ei brureferd, – ja, so gjeng segni enn
Som kom frå Brunkeberg kyrkje på veg til Gjelstadgrend
Og som dei kom på Bruretjønn strauk spilemannen upp ein slått,
og ut på isen håle det gjekk med leik og lått.
 

Dei drakk av djupe sylvstaup den sterke mjød og vin,
Og svinga seg i dansen på isen blank og fin.
Og springardansen vill og kåt så mjukt frå fela steig,
Og tankedraumar tunge over gut og gjente seig.
 

Bruri, bleik og hugtung svinga seg i dansering,
Ho syntest den breie vigselsring brende på sin fing,
For ho heldt so av ein annan gut, men tvinga av sin far
Til å gifte seg med guten på den store Gjelstadgard.
 

Og med at kyrkjeklokka over Brunkebergskogen klang,
Sat det ei husmannsgjente med barnet sitt på fang,
Ho gret so sårt og lenge, for klokka bod ho bar
At den rike Gjelstadguten, so stygt ho svike har.
 

Og slåtten sår og hugtung frå felestrengen rann,
Den bleike vettersoli i gull og sylvstas brann.
Eit sukk i gjennom skogen den kalde vetterdag,
og fela gret og gav seg for kvart eit bogedrag.
 

Og brudgomen han svinga seg i kåte hallingkast,
Og braka til – og isen under brurefylgjet brast.
Og alle sokk i djupet, so gleda var forbi. 
Bare spilemannen på strondi sat att med fela si.
 

At isen var so veike, det grunna seg der på:
Sankt Olavskjelda renne eit stykke derifrå.
Den strøymer varm um vetteren, men sval ved sumarstid.
Eingong eit kongeandlit hev spegla seg deri.
 

Og det var Heilg Olav, som i bygdi enn gjekk snakk,
Han for forbi um sumaren og vatn av kjelda drakk.
So vart det ei heilag kjelde, som strøymer frisk og klår,
Til helsebot for mange, som kom der sjuk og sår.
 

Men denne trui minka etter kvart hjå møy og mann.
Med tidi også gløymest der Olavs kjelda rann.
Ho ligg nok under almannveg. Der opp i urdi bratt,
– skal enn finnast krykkjor som halte der la att.