Av Tore Skaug

Den 17. juni 2006 var ein festdag i Kviteseid. Da blei 150-årsjubi­leet for telemarkskyri feira med landbruksministeren på første rad. Til jubileumsdagen utarbeidde Målsmia på oppdrag frå Kviteseid kommune ein brosjyre som me her gir att hovudinnhal­det av:

Bygdene i Kviteseid har lange og rike tradisjonar innan husdyrbruk. Alt på 1700-talet finn ein opplysningar om telemarksfeet. «Det var gode kyr i Kviteseid, og folk visste om at dei var gode», står det i byg­desoga. Kyrne gav kjøt og mjølk og var såleis svært viktige for den daglege føda. I 1808 var det 1305 kyr og kviger på 144 kviteseidgar­dar, og sjølv om det på den tid ikkje vart drive systematisk avl, visste bøndene godt at somme kyr var betre enn andre.

            «Til dømes gjekk det lenge gjetord om ei overlag gild ku som kom frå Østenå i Fjågesund til Utgarden i Seljord i 1799, då Åse Østenå gifte seg med Svein Halvorsson Utgarden. Denne kua, som vissnok var ei kolle, blei stammor til det i si tid vidkjende «Gyllros-slaget», som sidan skulle skaffe Utgardsfolket dyrskupremiar i årrekkjer.» (Kviteseid bygdesoge, kultursoga)

Telemarkskyri blir til

Det var fesjået i Kviteseid i 1856 som for alvor definerte telemarksky­ri som ein eigen og særprega rase. Dette første rasefesjået i landet «var grunnleggjande for det arbeidet som no byrjar for aa utvikla det heimealne feet i Telemark til ein sjølvstendig og sermerkt ferase. Det er Lindeqvist som tek upp dette arbeidet og fører det langt framover og som difor hev knytt namnet sitt uløysande e til soga aat telemarksfeet», skriv fylkeslandbrukssjef Ambros Sollid i boka «Telemark Landbruksselskap i dei hundre fyrste aari 1777- 1877».

            Før 1856 fanst det både svarte og rauddroplete kyr i fjøsa i Øvre Telemark, men på bakgrunn av framlegg frå den svenskfødte stats­agronomen Johan Lindeqvist blei det semje om at telemarkskua skulle vera slik:

            «Let og fint Hoved med store fremstaaende Øine, flin Hals, og lang­strakt Krop. De maa have fiine, fremad, udad og opad bøiede Horn. Af Farve maa de være rødsidede, lyst brandsidede eller vakkert røddroplede, samt have fint rødspraglet Hoved med enkel rød Farve omkring Øine og Mulen».

Svensken som stod fadder for telemarkskyri

Johan Lindeqvist (1823-1898) har som få andre sett spor etter seg i norsk landbruk. Den svenske veterinæren og agronomen  kom først til Telemark som vandrelærar og omreisande agronom, og i 1855 blei han tilsett som ein av tre statsagronomar som skulle få fart på den norske husdyrbruket. Det skulle vise seg at Lindeqvist blei ein føregangsmann i husdyravlen – og særleg la han sin elsk på kyrne han fann oppover i Øvre Telemark:

            «I Telemarksfeet har jeg funnet en rase som i Mælkerigdom neppe overtræffes af de berømteste Mælkeracer, i Forhold til sin Størrelse, og Mængden av det fortærede Foder, i Særdeleshed da de tidlig giver fed Mælk.»

            Lindeqvist var med på å utvikle fjøskontrollen som er eit sentralt element i alt storfehald, og han gjorde sjølv opptaket til det første rasefesjået her i landet i Kviteseid i 1856, og han la ned grunnsteinen til Dyrsku’n i Seljord, ei husdyrutstilling med ubroten tradisjon frå 1866.

            Men han kom etter kvart på kant med norske styresmakter, og i 1872 braut han opp frå Noreg som ein bitter og vonbroten mann og slo seg ned som gardbrukar i Värmland. Det skulle gå 110 år frå dyrskuet i Kviteseid før Lindeqvist fekk oppreising. Da vart eit minnesmerke over han avduka på Landbrukshøgskulen på Ås.

            «Norske bønder bør alltid minnast han for det banebrytande arbeid han utførte her hos sitt broderfolk», sa fylkeslandbrukssjef Karsten Baardseth i avdukingstala.

« – vakre telemarkskjør i de mangfoldigste farver»

Fesjået på Moen i Kviteseid den 19. september 1856 var omfatta med stor interesse i Kviteseid og dei omkringliggjande bygdene, og avisa «Correspondenten» prenta ein omfattande og livleg rapport frå tilskipinga:

            «Kl. 9 var alle dyr på plads. Der var 200 kreaturer og 4-500 mennesker, hvoriblandt mange fruentimmer. Klart vejr. Den udvalgde samling af vakre telemarkskjør straalede i de mangfoldigste farver. Kjørnes brølen og bjeldeklangen samt de i nationaldragter høitidsklædte tilskueres muntre vrimmel gav det hele et meget vakkert og behageligt udseende.»

            Dommarane hadde ei vanskeleg oppgåve. «Her fandtes et saa stort antal vakre og indbyrdes temmelig ligeartede kjør, saa at en absolut rigtig præmiefordeling fordrede meget omtanke og god tid.» 15 kyr og ein okse blei funne verdige til premie, og av premielista ser ein at raudt og kvitt i ymse kombinasjonar alt er dominerande:

Præmieliste

1ste pr. (2 sølvskeer af værdi 4 spd.)

Nr 62 Oleros, røddroplet, 8 aar, tilh. Ole Holten, Hvideseid.
Nr 93 Vaarlin, hvit med rødbrundroplede sider, 3 aar, tilh. Gunleik Ormbrek, Høidalsmo.

2. pr. (1 sølvske af værdi 3 spd)

Nr 27 Stadskol, brundroplet, 10 aar, tilh. foged Christensen, Seljord.
Nr 44 Mairos, rødsidet, 8 aar, tilh. Aslak Gadeholt, Hvideseid.
Nr 52 Adelin, roddroplet, 8 aar, tilh. proprietær Munthe.
Nr 85 Dukrei, hvid, 8 aar, tilh. S. Knudsen, Kirkevold.
Nr 91 Sigeros, røddroplet, tilh. Eivind Homme, Laardal.

3. pr. (1 sølvske af værdi 2 spd.)

Nr 41 Staskold, røddroplet, 5 aar, tilh. Guttorm Skaret.
Nr 84 Heimrei, blaasidet, 4 aar, tilh. S. Hemmingstveit.

4. pr. (2 teskeer af værdi 1 1/2 spd.)

Nr 20 Donigard, hvid og brun, 4 aar, tilh. jomfru Crøger, Seljord.
Nr 22 Thearos, rød og hvid, 9 aar, tilh. captein Dietrichson, Hvideseid.
Nr 50 Haugros, rødsidet, 4 aar, tilh. husmand Halvor Johnsen Husstøyl.
Nr 75 Dramsi, sortsidet, 6 aar, tilh. Eivind Høyesen Hesteskodiket.

 

For Qvier uddeles 2 præmier, for hver 1 sølvske af værdi 2 spd., nemlig til:
Nr 100 Gogjæv, droplet, 1 3/4 aar, tilh. Thorbjørn Gjervold.
Nr 105 Solekold, rødspraglet, 2 1/2 aar, tilh. Jørgen Øiene.

Kun 1 tyr, nr 4, rødsidet, 11/2 aar, tilh. Kittil Tarjesen Moen, fandtes værdig til at erholde præmi, nemlig 3. pr. (1 sølvske af værdi 2 spd.) 1. og 2. pr. for tyre uddeltes isteden til kjør, ligesaa de for faar og svin bestemte præmier, da ingen af de udstillede dyr av disse slags fandtes præmieværdige.

Havde man haft flere præmier at disponere over, vilde prisdommerne ogsaa have tildelt præmie for følgende kjør:

Nr 5 Anelind, tilh, landhandler Wiborg, Laardal. Nr 12 Frølind, tilh. Kittil Øverland, Seljord. Nr 72 Rosekold, tilh. lensmand Albrechtsen, Hvideseid. Nr 106 Qvie: Ormros, tilh. Guttorm Skaret, Hvideseid.

«Melkeproduktionen en hovedsag»

Statsagronom Lindeqvist heldt foredrag på fesjået i Kviteseid, og av Correspondenten’s referat ser ein at han teiknar omrisset til telemarksrasen som ikkje berre var Lindeqvists personlege favoritt, men som skulle bli populær og ettertrakta over store delar av landet:

            «For øvre Telemarken passer smaa kreaturer bedst, omtrent som de middels store ved dagens udstilling. At sætte store kreaturer paa knappe, vidtløftige og ulændte beiter er ifølge sikker erfaring blandt de største misgreb en landtruger kan begaa. Den store ko bliver meget mismodig paa et vidtløftig, magert beite, medens den lille ko er kvik i sine bevægelser, flittig med munden og slutter ikke gjerne et dagsværk førend den blir mæt!»

            «Han antok for givet at melkeproduktionen altid skulde blive hovedsag i Telemarken», skriv Correspondentes utsende medarbeidar. Dermed var konklusjonen klar:

            «Paa grund af det anførte antog taleren at for Telemarken passede bedst en liden letfødd, haardfør og melkerig race, som derhos burde være saa velformet og kjødrig som det var mulig at forene med overveiende mælkerighed, og han troede at telemarksracen gjennem planmessigt udvalg af avlsdyr, god fodring og røgt kunde bringes til at opfylde alle billige fordringer i henseende til de nævnte vilkaar…»

Telemarkskua i Kongens fjøs

I 1860- og —70-åra fann ein telemarkskyr langt utanfor fylket — og i kongsgarden på Bygdøy. Kong Carl XV heldt telemarkskyr frå 1868, og her blei det ført rekneskap over avdråtten. Gardsstyraren var svært nøgd med buskapen til kong Carl:

            «Thelemarksracen er de senere Aar gaaet fremad paa Grund af den vaagnede Sands for Udvalg af Stamdyr og forbedret Stel.»

            Unionskongen skaffa seg også telemarkskyr til kongsgarden sin ved Stockholm, og morgedalsbonden Hallvard Midtbøen reiste den lange vegen til rikslandbruksmøtet i Göteborg i 1871 med to kyr som også blei selde til kongen.

            Ikkje minst var Dyrsku’n i Seljord viktig når det gjaldt å skape interesse for telemarkskyri. Folk drog lange vegar for å handle krøter der. Fram mot hundreårsskiftet blei ho sett på som eit nasjonalsymbol, og mange bønder hadde i det minste ei telemarksku i fjøset, sjølv om det elles kunne vers få av denne rasen i distriktet.

Den store 100-årsfesten

I 1956 blei 100-årsjubileet for telemarksfeet feira med pomp og prakt, først på Moen i Kviteseid, så i Seljord, der tilskipinga også var ei markering av at Dyrsku’n fylte 90 år. Kronprins Olav som da var regent, var æresgjest, og i Kviteseid såg han først det historiske opptrinnet. Det starta med buferd og tusseferd med Jonny Eikland som hulder med kvit kyr henta frå nedre Telemark. Helga Utsond kom med geiteflokken sin, og kviteseidungar, blant dei Olaf Kjell Lie, Bjørg Kaasi, Harald Holte, Anders og Kåre Kilen, jaga på. Så følgde dømming og prisutdeling med statsagronom Lindeqvist, amtmann Aall og fesjåtale av diktar og bladfyk Aasmund Olavsson Vinje. Deretter stilte 4H-ungdomar frå Kviteseid opp til æresvakt, og nå kunne kongen koma fram og avduke minnesteinen som framleis er å sjå ved gamle Moen skule.

            Den store steinen var eit biprodukt av nybrottsarbeidet til Aslak Storgaard. Etter at steinen var funnen verdig til å bli minnestein, sytte Knut Sandland og Torjus Dalen for å få han frakta ned til Moen. Der tok Tarjei Gotuholt over, opparbeidde området og fekk steinen på plass. Det var formannskapet som vedtok at steinen skulle liggje der. Alternativet var tinghaugen ved ungdomshuset, ei plassering som i ettertid kanskje hadde vore klokare, men feiringa ved skulen blei ein stor suksess. Alle dei større avisene og alle telemarksavisene var fulle av stoff både før, under og etter 100-årsfesten, og det blei tatt opp film som er tilgjengeleg den dag i dag og som gir eit levande bilete av bygda den gongen — før fjernsynet kom og gjorde verda mindre.

 

På jubileumsfeiringa i Kviteseid i 1956 blei 1856 fesjået rekonstruert. På dette biletet frå prisutdelinga ser ein trompetar/tambur Tov Dalen (Harald Oppebøen) til venstre. Vidare skienslæraren Klaus Auråen som spela statsagronom Lindegvist og hausta stor applaus for svenskesvipen sin. Auråen som døydde i 1976, var aktiv i amatørteaterarbeid innan Noregs Ungdomslag og hadde regien for den historiske framsyninga i Kviteseid. Deretter Øyvind Ytterbø frå Gjerpen — også han aktiv i amatørteaterrørsla — som amtmann Aall. Bunadkledde kviteseidkvinner, ei av dei er Ingebjørg Naadland, kjem med blomekransar, og i bakgrunnen dei lokale prisdommarane Halvor Selstad, Hans Omland og Gunnar Omland.

(Foto frå Dyrsku’n Arrangement AS)

Ein brusande fargesymfoni

«Kunne salig Lindeqvist titta fram og sett Telemarkskua av i dag, er vi sikker på at han ville smilt med seg sjølv og vore godt tilfreds med frøet han sådde for 100 år sidan. Programmet for sjået var lagt storfelt opp. Vakrare syn enn den tusentallige forsamlinga på Moen er det sjeldan ein opplever. Den trolske natur, flagg på alle stenger burtover bygda, haustfargane som gylte i den mørke barskogen stemte folk til fest. Aldri har vel folk og natur smelta meir saman i ein einaste brusande fargesymfoni. Men så var det nå Telemarkfeet sin festdag, og då skal bringesylv lyse og skjelve i solglansen…»

(Reportasje frå 100-årsjubileet i Bonde og Småbrukar)

Nedgangstider

Feiringa i Kviteseid og Seljord kom midt i ei brytningstid for norsk storfehald. I etterkrigsåra voks krava om større effektivitet. Som betaling for auka import av kraftfôr ville styresmaktene ha meir mjølk og ikkje minst meir kjøt. Det verka inn på avlsarbeidet, og N(orsk)R(audt)F(e) blei den nye koden. På 50-talet blei kunstig inseminasjon meir og meir vanleg, og da fryseteknikken kom for alvor på 60-talet, var det heilt slutt med å ta kua med til oksen. Dette var også med på å framskunde rasjonaliseringa i storfenæringa.

            Ved jubileet i 1956 kunne heradsagronom Halvor K. Sondbø i Kviteseid slå fast at kyrne i bygda hans var nr 1 i avdrått i Telemark —føre Seljord. Telemarkskua er ein typisk mjølkeferase, men kombinasjonen kjøt/mjølk går også bra. Ho er svært uthaldande og har lang produksjonstid. Det har mykje å seie når oppdrettsutgiftene er store, sa Sondbø som også var leiar i Avslaget for Telemarksfe

            Men kanskje såg han alt da skrifta på veggen. Den større NRF-kua hevda seg godt både som «mjølkemaskin» og ikkje minst som kjøtfe, og seks år etter 100-årsfeiringa var det ein noko resignert Sondbø som i eit brev til statskonsulenten kom med dette hjartesukket: «Hadde NRF berre halde fingrane av fatet i Telemarkfeet sitt raseområde…» Sjølv med ei samanslåing av dei norske rasane, trudde Sondbø det var vanskeleg å stoppe «den raude arme», som han skreiv.

            Og pendelen svinga — så å seie heilt over. Så langt at telemarkrasen var på nippet til å døy ut.

Johans mot straumen

Somme let seg likevel ikkje rive med. Johans Homme (1911-96) på det veglause småbruket Løkslid på heia mellom Kviteseid og Morgedal dreiv på den gamle måten — med telemarkskyr på båsen. Han og systera Åshild (1895-1983) mjølka for hand, separerte og kinna smør som Johans bar på ryggen og leverte på meieriet i Kviteseid.

            Å koma til Løkslid var som å reise attende i tida. Syskenparet var gamaldagse i måten å vera på, og Johans trudde nok litt på tussane, fortel vinjebonden Gunnar Haugo, ein av dei som har gått i bresjen for å berge rasen. Han høyrde gjete småbrukaren i Kviteseid då han på 80-talet ville byggje opp ei besetning av telemarkskyr. Mor av Johans fekk ei kyr då ho gifta seg, og kalven som Haugo fekk kjøpt av Johans i pinsehelga 1986, stamma frå henne. Etterkomarar av denne kalven er i dag å finne i ein buskap med telemarkskyr.

            Alt arbeid på Løkslid blei gjort med handmakt, og Johans hadde god hjelp i kjempekreftene sine. Folk minnest han enno der han ruggar av garde heimover med ein femtikilos sekk under kvar arm.

            I 1960-åra var det ikkje att mange telemarkskyr på båsane i Kviteseid. Men nokre få såg verdien av å verne om rasen og hadde att ei eller to Telemarkskyr. Torleif Golid på Mevastaul i Åsgrend hadde telemarkskyr så lenge som opp mot år 2000, sjølv om han også etterkvart blanda inn nokre NRF-fe. Han hadde framleis ei kolle og kyrne Lauvros og Heimros av telemarksrasen då han ved århundreskiftet gjekk over til berre NRF. Men blodet frå Mevastaul lever vidare, då den siste kalven til Lauvros blei selt til Aslak Snarteland i Fyresdal og døypt Brulin. Avkommet etter henne i tredje generasjon, Sylvana, står nå på båsen i Fyresdal og skal levere mjølk til Telemarkskyri Meieri som hausten 2006 er under etablering.

Ein truga rase

Sjølv om fleire og fleire nå slår ring om telemarkskua, er ho framleis ein truga minoritet. I følgje Nina Hovden Sæther i genressursutvalet for husdyr finst det i dag berre mellom 300 og 400 hodyr over 2 år av telemarksrasen. Etter FAO (FNs organisasjon for landbruk) sine retningslinjer må ein opp i 1000 dyr før ein er på den sikre sida, så kyri er framleis i faresona. At interessa for telemarksrasen nå er aukande, ikkje minst i Telemark, er positivt, men det er også motkrefter, mellom anna krav om ytterlegare rasjonalisering i landbruket, så det er ingen grunn til å kvile på laurbæra, seier representanten for genressursutvalet.

Bondens lykke, kongens gull —
Atter på beite i Kviteseid

Til årets jubileumsfeiring kom det ut ei praktbok om telemarkskua. Det er valdresbonden og skribenten Jan Erik Kjær som har skrive boka om «Bondens lykke, kongens gull» som blei lansert for pressa og sentrale aktørar i Kviteseid. I tillegg er det eigne artiklar som forsterkar det lokale tilsnittet, og forordet er skrive av landbruksminister Terje Riis Johansen. Her kan ein lese heile den til dels dramatiske historia om utviklinga i norsk storfehald gjennom dei siste 150 år, illustrert med flotte bilete, mange av dei frå våre trakter.