av Jan Hansen
i samband med avdukinga av minnestein 9. juni 2003.

 

Nå som Åsgrend Grendelag avdukar eit minnesmerke over Maren Olavsdotter Ramskeid her i Åsgrend, vil eg av den grunn no sjå litt nærare på historia til denne personen som no skal få den merksemda ho fortener.

Den mektige heilagvisa «Draumkvedet» blei ein kulturskatt som vi var stolte av. «Ein song frå stordomstida i Noreg, som hadde levd sitt løynde liv i fjellbygdene i mest hundre år», skriv mellom anna Michael Barnes i 1974. Draumkvedet har blitt forska på og debattert både når det gjeld tidsfesting og dikting i snart 150 år. Mange er no dei bøkene som er skrivne om denne mystifiserte balladen. Til og med folkloristar i Sverige grov seg ned i dette underlege materiellet. Blant anna dukka professor Bengt Jonsson ned i balladen og skreiv ei avhandling om Draumkvedet. Det blei forska både fra norsk og svensk side om Draumkvedet er ekte norsk eller eit omforma utanlandskgods. Ein såg det etter kvart som mest truleg at Draumkvedet har blitt dikta i Noreg, eller av ein nordmann i utlandet. Den før nemde professoren her, Bengt Jonsson, presiserer også at balladen er dikta i Noreg. Det blei til og med ein debatt om det er slik at det står ein diktar bak Draumkvedet, eller om det har vakse fram over tid med rekkjer av gamle-stev. Men ein konklusjon av mellom andre Michael Barnes og Ade Blom seier at slik Draumkvedet kjem til uttrykk i Maren O. Ramskeid sin versjon, kan det ikkje vere tilfeldig dikting eller nokre improvisasjonar over stevrekkjer. Det må vera eit personleg diktverk.

Presten M.B. Landstad og Jørgen Moe var dei første som publiserte Draumkvedet. Og den fyrste gongen det blei skrive ned var i Telemark kring 1847. Her i Telemark har Draumkvedet levd lenge i ein munnleg tradisjon. På den tida Landstad og Moe skreiv balladen ned, var det mange som kjende til einskildstrofer eller nokre få vers. Båe skreiv ned ulike variantar, og dei fekk hjelp av Olea Crøger, som var prestedotter og huslærer i Telemark. Men det var einaste ei kvinne som kunne syngje eit fullstendig Draumkvede som hadde ein sammenheng frå byrjing til slutt, og dette draumkvedet hadde 30 vers. Hadde no Draumkvedet blitt lagt i ruin som den munnlege tradisjonen hadde lagt etter seg? Presten M.B. Landstad tek opp att seg når han i samband med Draumkvedet seier at «Man kommer for sent».

Visst er Draumkvedet ein merkeleg ballade på den måten at det har ein svært tynn episk tråd Likevel finst det ei ramme som held kvedet på plass Det var kvinna Maren Olavdotter Ramskeid (Heggtveit) frå Åsgrend i Kviteseid, Telemark

Kven var så denne kvinna, eller «piken Maren O. Ramskeid», som presten Landstad i boka «Norske folkeviser» frå 1853 gjer greie for kven som har sunge Draumkvedet for han»« Og når Draumkvedet blir debattert eller det kjem ut i nye bokverk, er namnet til «piken» Maren eit gjennomgåande namn i så måte.

Maren Olavsdotter Ramskeid lærde Draumkvedet av sin far, og han hadde i si tid lært det av far sin, og han song det ofte i sin einsame alderdom, slik Landstad forklarer det «I et skriv om Draumkvedet som har kommet meg i hende, skriver noen at Maren hadde lært balladen av sin farfar, som der igjen hadde lært den av sin farfar. Dette er fullstendig feil, siden hennes farfar døde 13 år før hennes fødsel, og dermed er det en umulighet »

Maren Olavsdotter Ramskeid blei fødd på Nordigard Heggtveit i Åsgrend i Kviteseid, 30. juni 1817 som nummer seks i ein barneflokk på til sammen sju som voks opp. Ho hadde då Heggtveit som etternamn. Faren, Olav Gunnleikson Heggtveit, som blei fødd i 1757, dyrka denne garden etter ei deling frå Heggtveit midtre med bror sin i 1790- åra. I året 1800 gifte han seg med Gunnhild Halvorsdotter Aase i Åsgrend. Ho blei fødd i 1780, og var 20 år då ho gifte seg med far til Maren. Olav G. Heggtveit gifte seg derimot i mildt sagt i ein vaksen alder av 43 år. Olav var då 23 år eldre enn Gunnhild, Då Maren blei fødd, hadde far hennar nådd å bli 60 år, og då minstebarnet blei fødd, var han 64 år.

I året 1828 skjer det ei endring for familien Heggtviet som også fører til at dei tek til å skrive seg for Ramskeid. Far av Maren sel då garden, som han med eigne hender dyrka fram, til ein Steinar Halvorson Berge. Sjølve flutte dei så til Ramskeid, ein plass under same garden, altså Nordigard Heggtveit. Sonen Gunnleik, fødd i 1803, flytte seinare til garden Aase, der hans mor kom ifrå. Han skulle vera ein likande visediktar. Det mest kjende av dikta hans er truleg «Sveinkallvisa» som blei utgjeven i skriftet «Lauvduskar» som er utgjeve på Det norske Samlaget i 1887-VI. Kan vi så ut ifrå det diktet sjå ei viss redsle for det han fekk kjenne på kroppen heimanfrå, eller kva.

Det har ikkje kome fram kva tid mor hennar Maren døydde, men noko kan tyde på at ho døydde i barselseng sidan den yngstejenta blei kalla oppatt etter sin mor. Det kan sjølvsagt vere andre årsaker og, men i alle fall må far til Maren ha blitt enkjemann her. Landstad skreiv jo at faren «ofte sang Draumkvedet i sin ensomme alderdom», og at det var nok derfor Maren kunne den. Det tyder difor på at Maren tidleg blei morlaus, og ho var 11 år då dei flytte til Ramskei.

Med sju stykke i ein syskenflokk på ein liten husmannsplass, og attpå til med ein så stor alders-skilnad frå den fyrste til den minste måtte det vere vanskelige tilhøve av og til. Då faren døydde i 1834, ser det ut til at nokon reiste frå Ramskeid etter kvart. Maren var 17 år då ho nå blei foreldrelaus som det no ser ut til. Ho flytte no til Sandland i Brunkeberg i Kviteseid. Der tok ho namnet Maren Olavsdotter Sandland. Dette namnet skreiv ho seg også for då ho gifte seg.

Marens morsyster (tante) Hilleborg Halvorsdotter Aase, hadde gift seg med Endre Guttormson Sandland og som hadde Sandland søndre. Endre døydde i 1821, slik at tanta var enkje då Maren kom til Sandland. Om Maren var tenestejente der, eller om ho blei adoptert, veit ein ikkje, men det var lite truleg at ei tenestejente fekk ta namnet til garden ho tente på. Her finn vi nok også forklaringa på kvifor M. B. Landstad skreiv møte med Maren  som «Piken». Ut frå dette ser det ut til at presten Landstad møtte Maren på Sandland og ikkje på Ramskei. Men han skreiv Ramskeid og ikkje Sandland. Nokon argumenterer med at presten brukte det namnet som ein blei fødd med. Men dette kan heller ikkje stemme heilt her, siden Maren blei fødd Heggtveit, og at det fyrst då ho var 11- åring blei brukt namnet Ramskeid.

Hilleborg, den eine systera til Maren kom også til Sandland noe seinare, men ho kom til plassen Nyhus som høyrer til Sandland søndre. Hilleborg som var den som var fødd i 1806, gifte seg i 1837 med Eivind Halvorsen Skogen. Fyrste barnet deira blei fødd i 1837 på Ramskei, medan nr. 2 blei fødd på Nyhus. Tanta må såleis ha hatt ei viss omsut for familien Ramskeid.

I året 1848 gifter Maren seg med den to år yngre enkjemannen Olav Bjørnulfson Fossheim og flytter til Heimdal i Tveitegrend i Kviteseid. Fyrste kona til Olav heite Mari. Med henne fekk han ei dotter i 1843, og ho fekk namnet Mari etter mor si. Med Maren fekk han også ei dotter, i 1850 på Heimdal. Ho og fekk namnet Mari. Så her blei det to born med same namnet som båe var oppkalla etter fyrste kona til Olav.

Amerikafeberen herja også der i garden som hjå så mange andre på den tida, og i det Herrens år 1882, som det heiter, reiser Maren og Olav med sine to «Mari’er» til Amerika. Vi har prøvd å finne ut kva som der hende, men vi finn ikkje noko om det. Ikkje eingong gjennom kontakt med nokon «over there» har ein greidd å få greie på noko om Maren Olavsdotter Ramskeid der. Vi skulle så gjerne ha funne ut kvar den siste kvilestaden hennar finst, men vi endar opp utan noe resultat.

Barbro, den 6 år eldre systera til Maren, hadde gifta seg med Knut Ivarson Fiskarbekk frå Seljord. Ho og Knut reiste med fire born etter Maren til Amerika i 1861.

Som før nemnt, skulle bror til Maren vere ein god visediktar. I «Sveinkallvisa» lyder det slik:

«Dei trur vel eg tregar at eg Sveinkall gjeng,
denne trui ska eg slekkje.
Eg kann au som andre spela på den streng,
som kan elskhugselden vekkje,
Men det er ein ting eg slettes ikkje tor,
Ser so mang ein mann gjerne det han kann-
fæler næringssuti konne bli for stor
endaa vi de ikkje rekkje,—»