I 1988 kom kong Olav til Morgedal og avduka det vakre minnes­merket over skipioneren Sondre Norheim. Seinare, i samband med bygginga av Norsk skieventyr, blei Knut Skinnarlands skulp­tur flytta slik at Sondre nå står og ser «heimeover» — mot Øverbø. Men dette Sondre-minnet er ikkje det einaste i Morgedal — og ikkje det første. Alt i 1925 fekk Sondre Norheim ein minnestein, og her følgjer soga om Sondresteinen, samla og nedskriven av «gamlekarane» i Morgedal.

 

Opptaket

Det er ikkje heilt klart kvar initiativet kom frå, men i årboka til «Foreningen til Skiidrætens Fremme» for 1924 har Bj. Sandaaker skrive ein artikkel om Sondre Norheim. Der les me mellom anna: «Naar man nu tænker at reise en minnestøtte over skiløperen Sondre Nordheim fra Morgedal, saa tror jeg nok at «Foreningen til Skiidrætens Fremme», der har gjort og gjør sa meget for at utbrede og fremhjælpe denne herlige, friske og utmerkede sport, da tror jeg og haaper jeg at denne forening selv best vet, hva den skylder mindet om en skiløpet av Sondre Nordheims rang og klasse.»

            I årboka for 1925 skriv K.Vilh. Amundsen, sekretær for styret i ski­foreninga: «Tanken om at hedre Sondre Nordheims minde var ikke fremmed i Telemark, men utgiftsspørsmaalet hadde stilt seg i veien. Vor forenings beslutning om at reise ham en minnesten vandt udelt tilslutning i Morgedal, hvor det paa vaar anmodning blev nedsat en arbeidskomité bestaaende av Nils Schjødt, lærer Torjus Hemmestveit, gaardbruger Svein Sollid og gaardbruger Sigurd Sandaaker.» Når Torjus Hemmestveit i referatet frå avdukingshøgtida den 14. juni 1925 skriv (også det står å lese i 1925-årboka) at «det har lenge vore eit ynskje i Morgedal å få reist ein minnestein yver skiløyparen Sondre Nordheim. Men det har blive med tanken», så kan ein vel trekkje følgjande slutning: Det var frå Morgedal tanken om eit Sondre-minne kom, men først da skiforeninga blei trekt inn, blei det fart i saka.

 

100-årsdagen

Meininga var å få steinen avduka på 100-årsdagen for Sondre Norheims fødsel 10. juni 1925. Av referatet til Hemmestveit går det fram at inge­niør Schjødt på Vatnlian blei valdt til leiar for arbeidsnemnda. «Han planla arbeidet på beste måte, gjorde utkast og teikningar av steinen og fekk arbeidet i sving. Etter planen skulde steinen utbrjotast og hoggast i Morgedal og setjast upp på ein høveleg plass i bygdi. Bjørgulv Vassend tok på seg arbeidet. Alt låg soleis vel til rette», skriv Hemmestveit og held fram:

            «Men granittstein på godt og vel fire meter var ikkje lett å finne i Morgedal. Der finst ikkje granittfjell. Etter mykje strev lukkast det likevel å finne eit passeleg emne på Hauge. Ei stor, rund granitt-kule, halvt nedsøkkt i jordi, slipa og skura i fornaldrar og istid. Ut frå denne runde granittkula vart Nordheimsteinen utsprengd. Steinen låg slik til at det var uråd å få han framkøyrd med hestehjelp. Snøen hadde reist òg. Det såg mest vonlaust ut.

            Då gjekk bodstikka rundt i bygdi, og på fastsett tid samla morge­dølane seg og drog den 5-6 tonn tunge steinen fram på berr mark. Det var ein vegstubb på vel tre kilometer. Dette visar best kor interessera sambygdingane av Sondre var i tiltaket. Alle var so hjarteleg einige i at han var verd eit minne. Eit synleg minne, som saman med det som levde i segn og sogu om han, kunde slå fast at Sondre Auverson Nordheim var meister og fyregangsmann for vår nyare, herlege, nasjonale skiidrott.

            Steinen vart reist tett ved ungdomshuset 10. juni 1925, men av prak­tiske grunnar vart han ikkje avduka fyrr sundagen etter den 14. juni. Det var høgtid i Morgedal då. Flagga blakra frå alle stenger. Folk strøymde til frå alle kantar. Like frå Oslo og Ringerike kom dei. Frå Foreningen til Skiidrettens Fremme møtte formannen, major Qvale. Morgedal Idrottslag skipa fyrst til festmiddag hjå Eivind Berge i dei rosemåla stovene hans. Her var major Qvale, ingeniør Schjøtt, for­mann i Telemark distriktslag for idrott, Trygve Feilberg, og mange andre. Millom dei òg dei gamle skilauparane frå bygdi: Mikkel Hemmestveit, Svein Sollid, Olav Bjåland og Sigurd Sandåker.

            Major Qvale avduka steinen. I ei gild tale slo han fast det verd Nordheim’en hev havt for skiidrotten både i Telemark og elles i landet. Han gav steinen til Morgedal Idrottslag. Formannen i laget takka. Han lova å taka vare på minnesteinen, noko som han såg som ei kjær plikt for laget i komande tider. So tala sogneprest Bergland lenge og godt um Sondre Nordheim. Det er nok ingen som kjenner meisterlåmene av Sondre so godt som han. Han hev då òg i studentdagane skrive mange fine dikt om Nordheim’en, liksom han i barneåri so mang ein gong var saman med Sondre i skibakken. Han var som ein kåt, glad gutunge trass i sine 40-50 år. Og gildaste stundene hans var visseleg når han saman med smågutane og ungdomen fekk lære dei og syne dei gleda ute i bakkar og ufsedrag ein kald, snøkvit vinterdag, kom det tydeleg fram i Berglands foredrag.

            Etter avdukingi spela Kjetil Flatin og Jørgen Tjønnstaul mange springarar, gangarar og hallingar på fele. Dette var med og laga stemning og fest yver stemna. Minst 1000 menneske var med, og alle totte like seg. Mat og drikke var det sytt for, so ingen leid naud i so måte heller. Alt i alt var avdukingshøgtida sers vellukka. Og steinen er fin og godt fråseggjord. Han er 4,18 m høg, og midt på steinen er innhogd ei malmplate med innskrift, ei gåve frå kammerherre Cappelen på Ulefoss», heiter det i referatet til Torjus Hemmestveit, dagsett Morgedal, august 1925.

 

Song for steinen

Ein av «gamlekarane», Eivind Strondi, var millom fire og fem år den gongen. At eg minnes dette, er vel på grunn av at eg voks upp i nær­leiken og at dei eldre syskeni mine var på plass og fylgde med på det som foregjekk, fortel Eivind og skriv vidare om den store «steinflyttar­dugnaden»:

            «Mor og eg sat på ein haug hit for Versto og såg denne transporten då den runda Bruhaugsvingen. Det var då att berre om lag 100 meter til plassen der steinen skulle stande, midt framom den gamle Dølehalli. For at alt skulle fungere, måtte karane arbeide godt saman. Alle måtte bruke kreftene samtidig. Difor måtte ein av dei mest erfarne «syngje» på steinen. Det vil seia at han med ord og uttrykk fekk alle til å taka tak samtidig. Han la gjerne ein eigen tone til, slik at det lyddes som ein song. Her var Bjørgulv Vassend ein erfaren kar. Han hadde ei djup og kraftig røyst som høyrdes lang veg.

            Korleis steinen blei reist og korleis alt gjekk føre seg er ute av minne, men eg hugsar godt avdukingi som skulle ha vore 10. juni på 100-årsdagen, men for å få lagt denne høgtidsdagen til ei helg gjekk avdukingi føre seg sundag 14. juni. Denne avdukingi var eit storhende i ei liti bygd, og Sondre fekk eit solid og varig minnesmerke.»

 

På flyttefot

Sondresteinen fekk ei sentral plassering, ved riksvegen midt framfor Dølehalli. Men så kom utbygginga av Sondre Kro midt på 60-talet, og då vart det veg på ei side og parkeringsplass rundt på baksida. Så kom Bjålandsmuseet. Det vart bygt i 1965 og opna vinteren 1966. Tanken om å flytte Sondresteinen dit var nokså nærliggjande. Så våren 1968, etter 43 år, vart minnesteinen flytta opp til museet. Denne gongen slapp ein å bruke muskelkraft, flyttinga skjedde ved hjelp av ei kran­vogn frå Furuholmen, entreprenør ved utbygginga av Sundsbarm Kraftverk.

            Nå hev steinen stade framfor Bjålandsmuseet i 40 år, nesten like lenge som han stod der han fyrst var reist. Dette er nok ei finare plas­sering, så her får ein vone at steinen blir standande.

 

«Skjønnhetspletten»

På Sondresteinen er det ein mørk flekk, og mange undrar over korleis denne «skjønnhetspletten» kan ha oppstått. Spørsmålet er lagt fram for den kjende geologen Johannes Dons som meir enn nokon kjenner seg heime i Telemarksgeologien. Han skriv:

            «Minnesteinen over Sondre Norheim, reist i 1925, er av bergarten granitt. Det betyr at den består av synlige mineralkorn av feltspat, kvarts og mørk glimmer.

            Høyt oppe på bautaen er det en mørk flekk. Det er et kantet stein­stykke av basisk lava som en gang lå og fløt i granitt-smeltemassen før den størknet. Andre steder har slik smeltemasse kunne oppløse lig­nende steinstykker, slik at det bare ble igjen en skygge av dem.

Hellene nede rundt steinen er antakelig hentet vestfra, fra området vest for Mostøyl, hvor det geologiske kartet viser Eidsborg kvartsski­fer (den som også ble brukt som brynestein). Hellen i det ene fremre hjørnet har svake bølgeslagmerker, strømriller. De ble dannet ved at finsanden som ble til heller, fikk en overflate med et stripe- eller bøl­gemønster ved rennende vann eller bølgeslag nær strandkanten.»

 

(I «Gamlekarane» som kjem saman med jamne mellomrom for å «utforske» Morgedalssoga, møter me: Eivind Strondi, Torleif Omtveit, Styrkår Berge, Olav L.Berge, Aasmund Kleiv, Bjørgulv Sandaaker, Gunnar T. Råmunddal.)