Utdrag frå Bankbok for Kviteseid – av Tore Skaug

 

Politikaren, diktaren og bygdemannen Tormod Knudsen Borgejorde var blant dei seks som heradsstyret 27. februar 1850 hadde valt inn i banksty­ret (talet på styremedlemer blei redusert til tre frå 1853).

     Tormodstøtta omlag 1950 lite  «Tormod var med aa skipa sparebanken i Kvitseid og var med i styre. De var ein som søkte um banklaan, han vilde hava pengane til aa druste og handle for. Mange var for. «De stemmer eg imot», sa Tormod; «daa vi» me hell» lata folk faa dei, som vi» koupe saafræ». Og so vart det.»

       Det er Rikard Berge som omtalar bankmannen Tormod Knudsen på det­te viset i boka «Tormod Borgegjorde og visune hans» som kom ut i Kristiania i 1907.

       Tormod Knudsen blir rekna som grunnleggjar av banken, sjølv om ein i ettertid kanskje like gjerne kunne ha gitt Ole Blom på Neset denne æra. Men Tormods framlegg i 1848 fekk saka ut av daudvatnet, og i bakken opp mot «gamlebanken» møter vi Tormodsstøtta, Gunnar Utsonds portrett av han, som eit klart uttrykk for den tids oppfatning i bygda: Det var Tormod Borgejordet som grunnla banken. Men vi tek med oss Rikard Berges modi­fiserande utsagn om at han var ein av fleire som skipa sparebanken. Både sorenskrivar Munthe og lensmann Chr. Blom var med i utgreiingsarbeidet, og i det første styret sat dessutan Torjus Lundevall, Ole Holtan og Eilef Jensen Haugland.

       Tormod Knudsen Borgejordet (1797-1868) kunne ikkje fått ein betre bio­graf enn Rikard Berge, tidleg på 1900-talet lærar i Kviteseid, seinare folklo­rist nr 1 i Telemark:

       «Me hev ikkje raad til aa gløyme Tormod, og me hev ikkje rett til de heller. Han var ein folkediktar av Guds naade; songane hans liver like friske enno, um dei er 80-90 aar gamle.»

       Eit århundre har runne ut sidan Berge skreiv boka om Tormod og visene hans, og like godt lever dei nok ikkje lenger. Men framleis dukkar Tormod-viser opp i bøkene — som «Til kvòr stand og til kvòr alder», «Gråmannhusen» og andre. Diktarevnene hadde han frå mor si, for Berge pyntar ikkje mykje på det når han skildrar familiebakgrunnen til Tormod:

       «Far deira var de ikkje so mykje ved, og ikkje brødrarne hans Tormod heller; dei var soso gangbare folk med medels vit. Men mori var eit klokt og gaaverikt kven­de, og henne ætta Tormod mest paa.»

       Den gåverike småguten kom under vengene til sokneprest Jens Zetlitz, som sjølv har fått ein plass i norsk litteraturhistorie. Soknepresten «oppda­ga» Tormod då han gjekk og las, lånte han bøker og rekna med at her had­de han å gjera med ein framtidig skulemeister. Zetlitz sende han på «vida­regåande» hos prost Kaurin i Seljord, og attesten som Tormod fekk med seg, var ikkje av det vanlege slaget, men eit vers i god Zetlitz-stil:

 

«Jeg herved dig sender
en dreng som jeg kjender,
og som jeg tror kan holde skole istedenfor Ole.
Du skal erfare uden studsen
at drengen heder Tormod Knudsen.»


I 1825 blei han skrivekar for futen på Roeid. Då «Gamlefut» (Markus Henrik Florentz) tok avskil i 1836, fekk Tormod tilsetjing på sorenskrivarkontoret og arbeidde der til han kjøpte Borgejordet i Tveitgrend og flytta dit. Frå 1844 var han ordførar i mange år. I 1845 blei han vald inn på Stortinget frå Bratsberg amt og var stortingsmann fram til 1858. I tillegg markerte han seg som skribent, både i Vinjes «Dølen», der han skreiv om «Embætsmenner og bøndar», men mest i «Morgenbladet» som i følgje Berge var det beste folkebladet på den tida.

       Han blei sjølv omtala i «Dølen» — av bladstyrar A. O. Vinje:

       «Thormod Knudsen Borgegjorde er ein af desse, som ganga framom dei andre i Bygdi og tenkjer for mange. Og Folket trur honom godt, for han hever aldri lovat meir, enn han kunne halda, og han er heller ikkje af desse som er Karlar heime og Stakkarar burte.»

       Og det er sant, skriv Rikard Berge, som vandra rundt i Telemark og høyrde ordet som gjekk om Tormod:

«I heimbygdine trudde dei stort um Tormod, og han var raadsmannen dei tydde til i stort og smaatt, ikkje einaste i Kvitseid, men i Seljord og Nissedal og Fyrisdal, ja, i Laardal og Mo-sokn og Øyfjøll. Han var liksom den som alle smaafolki tydde til; han tala alltid deira sak. Og han vyrde ikkje aa setja dei store paa horni, naar det galdt paa. Han og presten Folkestad kom i kast i fatigstyre ein gong; presten totte fatigkassa hadde ikkje raad til yte so mange pengar til kaffe, fatigfolk var so reint for fæle til drikke kaffe. Men Tormod tetta honom soleis: «D’æ uvandt i fe meg aa deg, som hev nok aa taka av av alle ting. Men d’æ kje so fe dei, som kanskje kje hev ana hell glo-kakur aa trøste seg mæ. Nei, eg tenkjer, sat presten i dei fatiges stad, so sa’n inkje so».»

Det sanne, demokratiske hjartelaget til Tormod har i ettertida langt på veg kome i skuggen av dei anekdotiske overleveringane som fortel om rangle­fanten, alkoholmisbrukaren. Han som ikkje fann plassen sin i stortingssa­len av di han skulle ha vore noko omtåka, og som først berga situasjonen med replikken: «Her æ nok fleire naut hell her æ baasur her.» Så ville dei hjelpe han til å setja seg i president-stolen. «Nei, der skå ein større stut sita hell eg.» (Berge)

Og iallfall periodevis var Tormod den første til å vedgå at brennevinet var nær ved å ta makta frå han. I jolehelga 1857 hadde han ein slik periode, og Berge fortel om korleis Tormod med naud og neppe unngjekk å hamne i jolelag på Lundevall, der Torjus «hadde eit utifraa lag til å bjode»:

«Tormod fór der, og Torjus kom ut og baud og baud. Tormod sa so «mange takk», sette fingrane i øyro og sprang av garde undan Torjus. Sudpaa vegen med Skiparstein møtte han Olav Vinje, halvbror til Aasmund Vinje; Olav var daa hus­lærar i Kvitseid. «Hòrr skò du ette?» sa Tormod. Olav skulde til Lundevall, sa han. «Ja, der æ gjestebo der. Dei ville hav» meg inn, men eg sprang ifraa dei, » sa Tormod. «Jaso, men der ha» du treft baade venir aa kjenningar.» «Aa øl og brennevin», sa Tormod. «Ja, æ de’kji godt alt i hop?» «Jau, for eg og mange are, men inkje for meg, som du vel veit. Naar rusdrykkjen kjem innom tennane, so fygjer faen mæ. Eg vyrer «kje sjave meg lenger, og bli eit beist. Eg sprang onda’n Torjus so fort eg konna.»»

Men bankprotokollen frå 1850 til 1868, det året Tormod døydde, fortel at han aldri melde forfall til «direktionsmøtet». Ikkje ein einaste bankdag var han forhindra frå å møte, korkje av sjukdom eller fyll og fanteri. Kvart ei­naste referat fram til 15. juni 1868 ber signaturen til Tormod Knudsen. 12. september dette året døydde han heime på Borgejordet, og han vart grav­lagd den 19., fortel Rikard Berge — ein skribent som vi har sett såvisst ikkje var høfleg i utrengsmål:

       «Der møtte so mykje folk, at ingin hadde sett slik likferd i Kvitseid; der var 31 hestar i ferdi. Daa visa det seg dei var glade i honom alle.»

 

Tormod-minne

I 1917 blei tanken om eit minnesmerke over Tormod teken opp i forstan­darskapen, og det blei løyvt 300 kr på vilkår av at støtta blei plassert ved bankbygningen. Ti år gjekk før saka kom opp på nytt. I 1927 fekk banken brev frå Hallvard Lid som etterlyste ein minnestein, og i forstandarskaps­møtet 28. april blei T. Smeland, Sigurd Kolltveit og Bjørgulv Tveit valde til å arbeide for å få reist eit minnesmerke og dessutan med spørsmålet om eit skrift til 80-årsjubileet i 1930.

       Det gjekk berre sju år før Hallvard Lid på nytt minte om saka. Forstandarskapen bad Lid om å bli med i ei nemnd saman med Tarald Kaasi, Andreas Utsond og Enok Opsund. Nemndas oppgåve skulle vera å samle inn midlar, utarbeide eit kostnadsoverslag og få fram eit utkast til minnestein eller byste. Banksjef Hans Lundevall erstatta etter kvart Tarald Kaasi i nemnda, og på eit møte i forstandarskapen i 1936 fekk nemnda full­makt til å gjera avtale med bilethoggaren Gunnar Utsond.

       Hallvard Lid hadde fått saka på gli, og i januar 1937 blei det vald ei fest­nemnd til avdukingshøgtida med både sakførar Lien, apotekar Feilberg og lensmann Sandvik og jamvel fruene Bjørnstad, Krog, Lien og Midtsund som medlemer. I april blei det løyvt 400 kr til festivitas ved avdukinga, og då seremoniellet vel var overstått, fekk «Tormod-nemndi takk for arbeidet og ein særleg takk til lærar Halvard Lid» frå styre og forstandarskap. «… og banken vernar um bysta», som det heiter til slutt i protokollen.

       Nå skulle ein trudd at saka var ute av verda, men ti år seinare – i 1947 – skreiv Hallvard Lid endå ein gong brev om Tormodstøtta. «Det er alt anna enn fint framom Tormodbysta», skriv han og minner om skikken med å leggje ned blomar og seie nokre ord på 17. mai om han som bysta minner om. Etter ei purring året etter fekk banksjefen pålegg om å ordne opp på beste måte, og seinare har ein visst «verna um bysta» på beste måte.

       80-årsskriftet blei det ingenting av, men då 100-årsjubileet nærma seg, blei det avsett 5000 kr til eit festskrift. Det kom ut til jubileumsfesten, og i møtet 13. februar 1951 takka formannen Sveinung Gotuholt for velgjort ar­beid med 100-årssoga. «Forstandarskapen slutta seg til dette ved å reise seg», fortel protokollen.