Bylgje – stein – søyle

ved Kviteseid bryggje
laga av Gunnar Torvund

Hausten 1991 dukka ideen opp om å reise ein utflyttarbauta i Kviteseid. Gjennom generasjonar hadde folk flytt frå kommunen og busett seg annan stad. Kor var dei blitt av? Kjende dei tilknytning til den gamle heimkommunen sin? Eller til garden og grenda der forfedrane ein gong reiste frå?

            Utflytte kviteseidingar vart etterlyste over heile landet. Etter kvart som dei vart spora opp, vart dei bedne om å bidra med stein til bautaen. Målet var ein stein frå kvar kommune der utflytt kviteseidingar var å finne. Responsen vart overveldande, og etterkvart strøymde steinane til Kviteseid.

            Bilethoggar Gunnar Torvund vart førespurt om han hadde høve til å ta på seg oppgåva. Torvund vert rekna blant landets aller fremste bilethoggarar, og har sidan tidleg på sytti­talet budd og arbeidd i Kviteseid.

            Torvund tok i mot utfordringa. Han tykte tanken bak prosjektet var spesiell, og vart etterkvart overvelda av den store interessa utflyttarane viste. Men han tok ikkje berre på seg oppgåva; innsatsen hans skulle vera ein del av dugnaden bak tiltaket!

I sitt tjugande år som kviteseiding, ville han gjera dette som ein gest til Kviteseid kommune!

            18. juli 1992 vart Torvund sitt verk, BYLGJE, STEIN, SØYLE, avduka ved brygga i Kviteseid sentrum. To søyler, støypt i betong, symboliserar utflyttinga. I den minste, husforma søyla ser me kviteseidingen. På veg ut av heimen, bygda. Den store verda står framfor og lokkar. Mange er dei som har reist før. Kva ventar der ute? Torvund har nytta dei hundretals einskildsteinane symbolsk. Som så ofte i arbeida sine nyttar han både feminine og maskuline linjer. Han gjev rom for ettertanken i arbeidet sitt. I fargebruken har han tilpassa arbeidet dei nære miljøet ikring

            Med verket BYLGJE, STEIN, SØYLE har Kviteseid fått eit flott monument laga av ein av våre fremste bilethoggarar. For dette vil me fyrst og fremst takke Gunnar Torvund! Likedan takk til kvar og ein av utflyttarane som skaffa stein! Me skuldar Kviteseid Kommune ein stor takk for all hjelp i arbeidet med å verkeleggjera bautaplanane! Vidare takk til Telemark Fylkeskommune for støtta til prosjektet! Me takkar og alle kommunane rundt om i landet for stetta til Utflyttarbautaen! Og, ikkje minst, takk til det lokale næringsliv og alle einskildpersonar som har vore med og hjelpt til

Bautakomiteen
Sommaren, 1992

 

Steinane i bautaenBautakart

På bautakartet til høgre kan du:

  • Dra musa over ein stein for å få informasjon om
    • Bergart
    • Kor den kjem frå
    • Kven som gav den.
  • Klikke på ein stein
    • Syner eit vindauge med utvida informasjon

Du kan og sjå heile lista med bidragsytarar og steinar, gruppert etter fylke, der kvar stein har sitt nummer som du finn att på bautakartet.