Gunnar Torvund vart fødd i Nærbø på Jæren i 1948. Sidan 1972 har han budd i Kviteseid.

Kunstutdanninga si fekk Torvund ved Det Kongelige Kunstakademi i København under Gottfred Eckhoff i 1968-70 og ved Statens Kunstakademi under Per Palle Storm i 1970-72.

Torvund debuterte på Haustutstillinga i 1971 med «På flyplassen – eg vil heim», og markerte seg sterkt.

            Han hadde si fyrste separatutstilling i Oslo Kunstforening i 1974. I åra fram til i dag har han hatt eit tretti-tals separatutstillingar her til lands. I tillegg har han hatt separatutstilling i Galleri Lobo i Berlin, i Gallerie Doktor Glas i Stockholm og i ASF Gallery i New York.

Vidare har Torvund delteke i ei lang rekke kollektivutstillingar over heile landet. I tillegg har han teke del i kollektivutstillingar i Sverige, Danmark, Finland, Island, Tyskland, det tidlegare Aust-Tyskland, Nederland, Austerrike, England og Færøyane.

            I 1987 var Gunnar Torvund festspelutstillar i Bergen, og i 1990 var han representert med fleire arbeid på opningsutstillinga for Museet For Samtidskunst i Oslo.

Torvund er kjøpt inn av alle dei faste galleria her i landet: Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Samtidsmuseet, Oslo kommunes Kunstsamlinger, Bergen Billedgalleri, Norsk Kulturråd osv. Likedan er han kjøpt inn av utanlandske galleri.

            Gjennom alle år har Torvund vore mykje nytta til utsmykking av offentlege bygg. Skular og fengsel, teater og museum, T-banestasjonar og ikkje minst kyrkjebygg har fått sitt preg av Torvund si kunstnarhånd.

            Under opphaldet på Kunstakademiet i København vart Torvund inspirert av afrikansk, egyptisk, arkaisk og primitiv kunst. Han arbeidde med eit forenkla figurativt formspråk.

Etter at han hadde markert seg så sterkt på Haustutstillinga i 1971, var utstillingane hans i åra som fylgde med og stadfesta han som ein komande, markant kunstnar. Med utstillinga si i 1977 reknar ein at han for alvor stadfesta sin posisjon som ein av dei fremste og mest originale yngre kunstnarane i Noreg.

            Arbeida hans opp gjennom syttitalet bar preg av hans klare brot med med den naturalistiske skulptur. Gjennom materialval og medveten effektbruk, styrkte han uttrykkskrafta i sine enkle, stiliserte, ofte arkaiske skulpturar. Båtformene, sledane, soklane og dei slipne og avrunda hovuda vart eit kjennemerke.

            Uttrykket hans vart karakterisert som innadvendt og mediativt, mykje grunna bruken av kister og skrin, skåp og hustavler. Mot slutten av 70-talet er arbeida til Torvund ein periode karakterisert som meir utadvendte og levande, mens han noko seinare vender tilbake til det inneslutta og mediative.

Arbeida hans dei siste åra ber i seg kombinasjonen av alvor og leik, humor og ettertanke. «Han leker med tradisjon og historie. Men leken er ikke uten alvor og heller ikke uten mening. Torvund er opptatt av det utsatte og avmektige menneske – av menneske som offer», skriv Gunnar Danbolt i boka si om Torvund (1987).

            Etter utstillinga «Hilsen fra Norge» i København i 1988, der ei rekke norske kunstnarar deltok, vart det slått fast at Torvund framstod som den mest markante. Han var ikkje berre den mest norske, den mest originale, men i heile tatt den som drog lasset på utstillinga. «Hilsen fra Norge» vart til «Torvunds sterke hilsen». På dansk anmeldarhald vart det imidlertid slått fast at det ikkje var «penheten» han tala med.

            Nettopp mangelen på «penhet» i Torvunds kunst har gjort han til ein kontroversiell og omstridt kunstnar. I møtet med «mannen i gata» har mange av arbeida hans utløyst voldsomme reaksjonar. Ikkje minst gjeld dette fleire av kyrkje-utsmykkingane hans.

Anno 1992 står Gunnar Torvund fram som ein av landets fremst bilethoggarar. Han vert rekna som ein banebrytar, som gjennom sitt virke har vore med å bane vegen for nye skulpturelle uttrykksformer i norsk kunst.

 

Gunnar Ruud