Den gamle ferdselsvegen mellom Sundbygdi og Brunkeberg blei kåra til Kviteseid kommune sitt kulturminne i kulturminneåret 1997. Vegen er også med som turveg nr. 20  i ”På tur i Kviteseid”.

Omtala av kulturminnevegen har henta opplysningane frå mange kjelder. Noko er henta frå Harald Oppebøen sine historiske opplysningar om den gamle ferdselsvegen. Litt er henta frå ”På tur i Kviteseid”. Litt frå Svein Olav Thoresen om Kåsaskulen, og om Brunkeberg kyrkje er stoffet stort sett henta frå eit jubileumsskrift for Brunkeberg kyrkje av Tor J. Skarprud.
Elles er ein del munnleg tradisjon om stader langs vegen.

 

 Vi håpar at dette kan inspirere både fastbuande og tilreisande til å ta denne turen mellom Sundbygdi og Brunkeberg.

Men fyrst let vi Aslak Bergland fortelje korleis han opplevde vegen då han var gut. Han voks opp i Morgedal før dei nye vegane frå Kviteseid til Brunkeberg, og frå Brunkeberg til Morgedal  blei laga.

Nå ligg der fin og jamn veg gjennom bygda anten du kjem frå Sundbygdi eller frå Seljord. Men den gongen var det ikkje slik. Vegen frå Sundbygdi gjekk då frå Dampedalen opp forbi Slóte med svære lange bakkar opp mot Grovegardane, og aller brattast til slutt opp til Brunkeberg kyrkje. Så bar det nedover att frå Veslestaul forbi Omtveitgardane nordover til Jøronsprang.

 

1. Kviteseid bryggje Etter båtferdsla kom i gang på Vestvatna i 1850 åra, blei bryggja eit viktig knutepunkt. Etter kvart voks det fram eit sentrum med handel, handverkarar og industri. På folkemunne blei den kalla hyttebyen fordi dei fleste husa var heller små.
16. oktober 1911 brann over 20 hus ned til grunnen i den store ”Bybrannen”. Etter dette reiste ”Byen” seg i ei finare drakt enn den hadde vore før. No var etter kvart båttrafikken på sitt største, og Kviteseid bryggje var det viktigaste trafikk-knutepunktet i Vest-Telemark. Du kan lesa meir om historien til Kviteseidbyen
2. Garveribekken Mylle, sag, garveri, skifabrikk, metallsmelteri m.m
Lenger oppe låg også det elektrisitetsverket i Kviteseid (1915)
3. Kyrkjebø

Kviteseid seminar frå 1845 til 1889
Kviteseid sparebank skipa her

4. Hamaren /

Kyrkjehamaren

Frå gamalt – Plassen Hamaren

Kviteseid kyrkje frå 1915

5. Bakselbakk Vegen frå Kyrkja mot Moen.
Kjem av: Baksølt, dvs. lite sol
6. Gamle kommunehuset Kommunehuset blei bygt så stort at seminaret fekk to klasserom i andre høgda. Kommunehuset blei ferdig i 1857 og fastskulen for skuleborna flytte dit. Seminaret blei lagt ned i 1889 og skulen kunne då bruke alle rom i andre høgda. Kommunesalen vart bruka av kommunestyret og andre som hadde behov for møterom. Her blei det halde gudstenester når vêr og føre var slik at det var vanskeleg å koma til Kviteseid gamle kyrkje. Her i kommunehuset hadde og Kviteseid Sparebank sine lokale til dei flytte inn i eige bygg i 1911.
I kommunesalen hadde Myllarguten konsert, det er den einaste konserten Myllarguten har halde i Telemark. Han var her tilfeldig på auksjon etter Chr. I. Munthe på garden Moen. Etter konserten blei han med til Nørstrud der dei dansa heile natta. Dei henta fela til Aslak Gotuholt som Myllarguten spela på. Aslak Gotuholt var ein god spelemann og laga fleire slåttar som enno blir spela. Me hev ein slått etter han som er kalla «Gotuholten»
7. Tinghaugen Tett ved ungdomshuset Sundvang i hotten her ligg ein gamal gravhaug. (Tinghaug) Den er svært stor og har ein diameter på om­lag 25 meter. Den er steinsett i ringen rundt haugen, men no har steinsetjinga tildels sokke ned. Folk frå Oldsaksamlinga har registrert haugen, og fann at gravhaugen var frå Romertida, med ein liten gravhaug oppå som skriv seg frå Vikingtida.
8. Dyrsku-steinen På andre sida av bygdevegen ligg ein minnestein om den første utstilling for ein norsk fe-rase som blei halde på Moen 19.  september 1856. Her stod Telemarksfeet fram som eigen rase.
Hundreårsjubileet blei halde med ei historisk tilstelling 18. september 1956. Steinen blei avduka av Kronprins Olav.
9. Teglverket Om lag der husa på Nordbø ligg låg teglverket (1785 – ca. 1850) til futen Cloumann, noko stor industri var ikkje dette, men mange i bygda fekk Cloumannstein på taka sine. Ved sida av vegen er det merke etter omnen.
10. «Eksempelen» Lenger nord på nordsida av eigedomen til Rinden bygde futen Cloumann eit hus av stein med bustad i den eine enden og stall og fjøs i den andre, med høyloft.
-Slik skulle bøndene bygge husa sine, meinte han. Dette skulle vera til eksempel for andre.
Men det fall ikkje i smak for bøndene, så det kom seinare til å bli brennevinshandel.
Me hugsar replikken av Tormod Knudsen Borgejordet då han hadde smaka litt for mykje på flaska og stod utanfor Eksempelen i eit nødvendig ærend. Presten kjem nett forbi og Tormod seier : «Me turar her i dag prest, å me tenkjer gudforlåte meg på å halde på au!»
11. Avrettarsteinen Ute i enden av eigedomen Ståland var i gamal tid rettarstad. Den siste som blei avretta var ei ung jente. Ho blei lagt på steile og hjul. Det vil seia at hovudet blei sett på ein stake, og kroppen lagt på marka rundt stolpen. Denne jenta hadde så ljost og fint hår, og seinare då plassen blei oppdyrka fekk den namnet «Ljosåker». Her kom og til å ligge ein husmannsplass med same namn.
12. Skibsted Ivar Lemmich Wohl dreiv landhandel. Han var den første som dreiv landhandel her i Kviteseid og kanskje i heile Telemark.
I 1858 kjøpte Opplysningsvæsnets fond garden. Frå denne tid har soren­skrivaren i Vest-Telemark halde til her med kontor og bustad fram til 1980.
13. Skiparsteinen

Straks nordom Skibsted ligg ein stor firkanta stein.
Segna fortel at ein gong gjekk Sundkilen hit og her batt dei båtane sine.
Det er og ei anna segn at den kjente spåkvinna Sibylla skal ha sagt at byen skulle nå hit til Skiparsteinen.
Mest tuleg kjem namnet av «å skipe om» d.v.s. endre. Dette viser til last ein hadde med, anten det var på ryggen i sekk, eller på kjerre eller slede for hesten. No skulle ein opp bratte bakkar mot Brunkeberg. Då var det lurt å endre litt på vektfordelinga på lasset.

14. Mylla Eit stykke ned for Skiparsteinen låg Mylla ved Skibsted. Denne mylla blei bygt i 1854. Då stod ho litt lenger vest enn ho kom til å stå seinare. I 1884 blei den rive, og ny mylle reist av Svenkesen, far til professor Utsond. Seinare åtte sorenskrivar Wettergren mylla og eigarane skifte framover. Den siste eigaren var Tor Steinarsen. Mylla blei rive i 1946.
   
15. Gotuholt Ved Skiparsteinen gjekk vegen opp gjennom tunet på Gotuholtgardane. Øvre Gotuholt var hovudbøle og vart i 1845 delt likt slik at båe gardane fekk omlag 50 mål innmark.
På nedre Gotuholt budde Aslak Gotuholt. Han var født på Kviteseid gard i 1814 og døydde på Gotuholt i 1895.
Aslak Gotuholt var ein kjend spelemann, og hadde ei namngjeten hardingfele som fekk namnet «Kjempa» Den var bygd av Eirik Jonsen Helland frå Bø i 1864-
Ein gamal gravhaug som vart utgraven i 1915 hyste mange verdfulle minne frå Vikingtida. Her fann dei bruksting av jarn og kopar, bronsenykel og bronsespenne. Elles er det kome mange ting til Oldsaksamlinga. Det hev blive drive mykje myrmalmbrenning, det syner alle dei restar av slagg.
På 18-hundretalet var det drive ei kledes­stampe, På garden stend eit gamalt loft frå mellomalderen. Gangjarna i den indre døra har drake­motiv, og gamal overtru syner tjørukrossar over døra. Det første formannskapsmøte vart halde her på Gotuholt 27. november 1837.

Sokneprest Landstad – skulle vera godt kjent med skikkane i Telemark, men det er likevel døme på at han kunne få eit rangt bilete, slik som han skriv om første gong han hadde messe i Brunkeberg 2. joledag

16. «Gotuholteika» Når ein kjem gjennom tunet på Gotuholt ved foten av gamlevegen står «Gotuholteika» som er svært gamal og har ein omkrins på omlag 5 meter.
17. Slóte Vegen vidare går oppetter Gotuholthagen, over Linflóti og til plassen  Slóte, der me kan sjå restar etter huset.
18. Berge og Vasskupa Lenger framme delar vegen seg. Ein avstikkar går mot Vasskupa ved vegskilet til Holte, ein annan opp til plassen Berge, der mor til den kjende skulemannen Asbjørn Knudsen var frå. Han stifta den første private ungdomsskulen i Noreg.
19. Namnesteinen  På venstre side av vegen ligg Namnesteinen
20. Vegdele

Vegen delar seg ved ein stor kraftig mur. Under muren går vegen til Husmannsplassen Bekkhus. Frå Bekkhus kan du ta ein stikkveg vidare over bekken og til jordet på Ni-Kosi.
Vegen mot Brunkeberg går rett fram.
Muren skal vera etter ein gamal grisegard.

21. Rullerud/ Rulleteig

Ved nedre Groven låg husmannsplassen Rullerud/Rulleteig der Sterke-Nils vart født i 1721. Det seiest at Nils blei oppfødd på hestemjølk og at det var difor han blei så uvanleg sterk. Det blir sagt at han blei fødd under eit stort asketre nede i havni på Groven, og denne asken blei seinare kalla «Nilseasken» i lang tid.
Foreldra flytte til Ramskeid. Som ung gut kom Nils som tenestegut hjå presten i Seljord. Som vaksen rudde han opp ein plass han kalla Langedal, som ligg i Trollebotnen på Seljordshei.
Sterke-Nils blei drepen av ein som heitte Eivind Napasto. Eivind fekk slaveri på livstid, men han hadde fleire rike skyldfolk som skreiv til kongen og til slutt fekk dei kjøpe han fri.
Sterke-Nils var ein snill og godmeint kar som aldri bruka kreftene sine til det som var unyttig. Det var einast når han blei beden om ei handsrekking at folk fekk sjå dei svære kreftene han sat inne med. Han var heller liten av vekst, men støttande og breidaksla. Leggene var stutte, men han hadde lange armar. Han var ikkje noko skuleljos, sein til å lære, seiest det.
Jørund Telnes har skrive eit hefte som han hev kalla Sterke-Nils.

Han kom til verdi, denne karen,
På vesle plassen Rulleteig
i Brunkeberg på Grovegarden,
det er endå den som Olav eig.
No er har innåtlagd til jorde,
men tufti kan du enno sjå,
– Og sannsagt gjenge no det ordet,
at ………. kom derifrå.

Plassen heitte Rullerud, men Jørund Telnes ville ha rim i verset sitt og dermed blei det: …. Rulleteig —> som Olav eig

22. Nytt vegdele

 Me går på nedsida av jordet Møybring på Groven og fylgjer vegen ned til venstre langs bekken og ned til Ni-Kosi, der Kviteseid seminar starta undervisninga i 1819. Her er det ny veg eit stykkje.
Tidlegare gjekk vegen over bekken litt lengre nede, og det gjekk veg opp til Brunkeberg under kyrkja.

23. Kosa-skulen

Ni-kosi

Ved testament av 11. september 1798 gav då­verande sokneprest i Kviteseid Niels Windfeld, 1000 rd. Som skulle nyttast til ein fast skule som utdana omgangsskulelærarar for Øvre Telemark. Dette kom til å bli den fyrste lærar­skule i landet.
Windfeld let bygge eit skulehus på Kåsa i Brunkeberg som då låg under Kyrkjegroven. Vidare sende han seinare semenariebestyrar Thoresen til Blågård seminar i Danmark og heldt han her i 3 år.
Enka til sokneprest Windfeld gav ved testament av 30. juli 1810 1000 rd. Slik at samla rente skulle nyttast til lærarens løn. Då denne renta som fylgje av pengeskifte blei redusert, vedtok skulekommisjonen i øvre Telemark prestegjeld i året 1818 å yte det som læraren skulle ha i løn omtrent 250 spd. Ved sida av 8 tunner bygg. Læraren skulle ha fritt hus og ved og nytte jorda på garden Kosi i samband med ein «undervisningsanstalt» for lærarar i Øvre Telemark under tilsyn av soknepresten på staden.
Thoresen blei tilsett som styrar, og byrja 18. januar 1819 med 14 elevar, og seinare frå 10­ – 20 og enkelte år fleire.
I 1845 blei seminaret flytt ned til Sundbygdi. Det blei gjort eit makeskifte med eigaren av Kyrkjebø. Skulestoga på Ni-Kosi blei flytt til Kyrkjebø, og teke i bruk til seminaret der.
24. Amerika Plass under Omtveit
Vegen gjeng mot Omtveit, og snur så opp til kyrkja.
25. Kyrkja i Brunkeberg

Frå Groven kjem ein opp til Brunkeberg kyr­kje. Den krosskyrkja som står der i dag blei vigsla 20. oktober 1790. Dette er den tredje kyrkja på Brunkeberg.

Meir om Brunkeberg kyrkje