Kviteseidbyen – tusenårsstaden for Kviteseid kommune

Kviteseid formannskap valde i 1999 Kviteseidbyen til tusenårsstad for kommunen.

I St.prp. nr. 55 (1997-98) står det mellom anna dette om val av tusenårstader i kommunane.

 Tusenårsstedene skal være møtesteder for samhandling, kulturopplevelser og utfoldelse slik en ser i mange andre land. Tusenårsstedene skal bygge videre på våre egne historiske og kulturelle verdier, hente inspirasjon fra andre kulturer og representere verdier for framtida.

 

Ein får tru at det er nettopp det Kviteseidbyen kan vera. Her kan du finne ein liten historisk bakgrunn for korleis Kviteseidbyen voks fram frå midten av 1800-talet og fram til i dag.

 

 

KVITESEID BRYGGJE

 

I 1852 starta ”St. Olaf” opp med rutetrafikk på vestvatna Flåvatn, Kviteseidvatn og Bandak. Trafikken auka på og det blei behov for dampskipsbryggje inne i Sundkilen. Det var etter kvart her det budde mest folk, og her var det heller ikkje så langt til den første kjøpmannen i bygda Ivar Lemmich Wohl på garden Skibsted inne på Flatin.

         ”Kirkebø brygge” blei utbygd til dampskipsbryggje i samband med vegbygginga frå Sundebrui og til Brunkeberg og stod ferdig i 1871-72.

         I 1892 opna kanalen til Skien og båttrafikken auka kraftig. Trafikken over Kviteseid bryggje var den direkte årsaka til at Kviteseidbyen voks fram. Her kom krambuer, handverkarar, hotell og skyss-stasjonar. Her voks det på kort tid fram ein heil liten ”by”. Husa var små og låg tett saman og på folkemunne blei det kalla ”hyttebyen”.

Over Kviteseid bryggje gjekk passasjerar, varer og post til og frå nabobygdene Brunkeberg, Morgedal, Seljord og vidare. Det møtte eit stort tal skyss-hestar på bryggja kvar gong båtane kom sigande inn Sundkilen.

Vi let Johan Meyer (Fortids Kunst i Norges Bygder) skildre sine inntrykk frå innfarten til Kviteseid litt før 1920:

—øiner Kviteseids ærværdige stenkirke og den store hvitmalte prestegaard i de lysgrønne, skogkranste enger under Roholtkampens vældige svaberg, er vi nær herredets midte. De spredte gaarder nede ved stranden viser sig alle ombygget i ny tid. Kun sjelden øines en enkel bygning med gammelt præg. —-Fra Kirkebø snor sig ogsaa en bred moderne chausse i lange sving opover aasen forbi Brunkeberg kirke.

 

KVITESEIDBYEN VEKS FRAM

            Etter framlegg frå ordføraren i Kviteseid, vedtok amtstinget i 1893:

”At der til Udvidelse af Bryggen ved Kirkebø og Opførelse af en Pakbod sammesteds overensstemmende med Overingeniør Borchrevinks Forslag tillades anvendt af Bryggefondets Midler indtil Kr. 6.400,00 og forøvrig paa de af Amtmanden anførte Betingelser.”

Vedtaket bar bod om at nye tider var kome til Kviteseid.

            Båttrafikken på den nyopna Bandak-Norsjø-kanalen gjekk for fullt. Kyrkjebøbryggja, idag Kviteseid Bryggje, hadde blitt eit sentralt knutepunkt for person- og godstrafikken til og frå både Kviteseid og grannebygdene. Bryggja som vegvesenet hadde bygd eit par tiår tidlegare blei for lita. Utviding av bryggja stod ferdig i 1894 og pakkbua to år seinare. I 1912 blei bryggja på ny utvida og med ny varehall på nordsida.

            Det var båttrafikken på kanalen som var den direkte årsaka til at Kviteseidbyen voks fram. Garveriet og etter kvart hotellet, som hadde vore nokså einslege landemerke ved brygga nokre år, blei på kort tid del av ein heil liten ”by”.

            Nå blei det krambuene og landhandlarane som kom til å setje sitt preg på byen. Ein av dei fyrste landhandlarane som starta opp var August Bjerk. Han var født i Skien og gift i Lårdal, og kom til å drive mange år i Kviteseid-byen. Som mange av dei andre som starta opp på denne tida, hadde han eit allsidig driftsgrunnlag. Sjølve handelsverksemda var truleg ikkje nok til å livberge ein familie. Han var representant for ”Laurdals Uldspinderi”, som det heitte den gong. Hjå Bjerk kunne då kviteseidingane levere inn ull og filler, og sidan hente ferdigvarene. Bjerk blei også postmeister i Kviteseidbyen.

Ein annan av dei fyrste handelsmennene var Johannes Sørensen. Han hadde vore ei tid i Amerika, men kom heim att. Sørensen dreiv krambu tett ved brygga, og var med å setje sitt preg på byen dei fyrste åra. I tillegg til landhandelen dreiv han med skogshandel.

            I 1893 kom apoteket i drift i byen. Frå starten av som filialapotek under Ulefoss Apotek, seinare som eige apotek. Fyrste apotekar var A. Hesselberg. Før det blei bestemt at det nye apoteket i Vest-Telemark skulle ligge i Kviteseid, stod det strid om plasseringa. Kviteseid blei av mange sett på som ein avkrok. At Sundkilen fraus til tidlegare om hausten enn vassdraget elles, og at isen låg lenger om våren, var viktige argument som tala mot Kviteseid. Likevel blei det vurdert slik at Kviteseid var staden eit apotek hadde størst sjanse til å klare seg.

            Det fyrste meieriet var så smått i gang i byen i 1893. Meieridrifta var dei fyrste åra privat, ofte kombinert med landhandleri. Fleire av kjøpmennene prøvde seg med meieridrift. Fyrst eit stykke ut på 1900-talet slo kviteseidbøndene seg saman og danna andelsmeieri, og meieriet utvikla gjennom tiåra til eit moderne meierianlegg.

            I 1893 fekk Kviteseid-byen sakførarkontor. Gunleik Dalen hadde vore ute og fått utdanning, og etablerte seg nå i heimbygda. Kontoret hans låg sentralt i gata rett opp for brygga.

            Ein tysk skreddar hadde slege seg ned på Kyrkjebøen. Ein dag kom det spørsmål frå skrivaren om skreddaren kunne koma til skrivargarden for å sy eit par bukser. Då svara tyskaren: ”Når jeg vil ha tak i den Skriver, da reiser jeg til den Skrivergård. Når den Skriver vil ha tak i meg, da kommer han til Kirkebø.”

            Utover i nittiåra var det fleire handverkarar som etablerte seg i byen. Mange handverkarar reiste tidlegare rundt på gardane og utøvde faget sitt der. Nå blei dette etter kvart snudd på hovudet. Folk måtte oppsøkje fagfolk i byen når dei skulle få noko gjort.

Oppstarten av dei mange ulike handverksverksemdene gjorde at byen fram mot hundreårsskiftet fekk eit breitt samansatt næringsliv.

 

BYBRANNEN

Hausten 1911 rasa den store bybrannen i Kviteseid.

            Det hadde vore fest i kommunelokalet søndag 15. oktober. Blikkenslagar Furulund var på festen, og det blei seint på natta før han kom heim derifrå. Han tende ei parafinlampe på kvistrommet sitt over verkstaden, og gjekk så ned og kikka gjennom nokre aviser. Då høyrde han det knitra oppe.

            Han sprang opp og oppdaga at det brann. Han greidde ikkje å sløkkje, og sprang ut for å varsle naboane. ”Kom ut, det er brann!!”, ropa han til folk som låg og sov i nabohusa tett ikring. Det blir sagt at fleire høyrde han ropa, men dei synest han ropa ”kom ut og få ein dram!!”.

Dette var dei visst ikkje særleg interesserte i, så sløkkje og bergingsarbeidet blei noko seinka!

            Brannen la rundt 20 hus i oske og gjorde 50 menneske huslause. Ingen omkom eller blei alvorleg skada. Dei materielle skadane var store. Mange hadde liten eller ingen forsikring.

            Det var ikkje berre fullt av folk i husa ikring, her var hestar, kyr og grisar. Ein hest blei berga ut i siste liten med full fyr i mana. Grisane blei bera ut, og skyssa vekk frå brannstaden. Grisane til ein av kjøpmennene søkte stadig inn att mot flammehavet, og midt under den store brannen fann han ingen annan utveg enn å slakte grisane.

            Blikkenslagar Furulund fekk 50 kroner i bot for å ha stifta brannen!

 

KVITESEIDBYEN REISER SEG OR OSKA

            Den kommunale reguleringskommisjonen med Nils Botnen i spissen ivra sterkt for å regulere området før byen blei bygd opp att. Han omtala den gamle byen som ”eit kaos av hus, slik bygde, at fekk elden tak i eitt, så tok han alle”. Det ville vera ein samfunnsbate om dette blei retta på, meinte han.

            Departementet påla Kviteseid kommune å regulere byen før den blei bygd opp att. Gatene blei gjort breiare, dei nye husa blei mykje større. Fleire av dei nye husa var arkitektteikna, og tok seg svært godt ut. Stilmessig var dei tilpassa kvarandre, og dei blei fint ordna i samsvar med reguleringsplanen. Det gjekk gjetord om den nye byen som voks fram i Kviteseid.

            Den nye byen som reiste seg etter bybrannen, var ikkje lenger nokon hytteby med småhus tett i tett.

            Bybrannen hadde forvandla hyttebyen ved Kviteseid bryggje til Kviteseidbyen.

Bakartradisjonane i Kviteseidbyen går heilt tilbake til framveksten av byen på slutten av 1800-talet. Lukta av ferske bakarvarer har i alltid vore ein del av dagleglivet i byen.

            Fleire av kjøpmennene kombinerte krambudrifta med bararverksemd. Etterkvart kom meir reine bakarverksemder til.

            Bakar Jacobsen hadde drive nokre år i byen då den store bybrannen la bakeriet, bakeruiutsalet, bustaden og uthus med stallar, fjor og grisehus i ruinar. Bakarfamilien blei huslause, levebrødet blei rive bort i løpet av nokre timar. Bakarsveinane som budde på trevet over stallane stod på bar bakke.

            Bakar Jacobsen var ein av dei som ivra mest for å koma i gang med å bygge opp att. Berre nokre veker etter bybrannen var han i gang med gjenoppbygginga.

Lekterar med byggematerialar kom opp kanalen frå Skien. Det blei sagt at då ein av lekterane, som kom til byen i månadene etter brannen, la inntil brygga, så hoppa det eit par rotter i land. Slik kom rottene til Kviteseid!

            Ikkje berre nye bakeriet og bakeriutsal/bustad var arkitektteikna. Bakar Jacobsen fekk også landskapsarkitekt til å teikne og anlegge hagen. Hekken langs gata, smijernsgjerdet langs eigedomen og den vakre, kinesisike syrinen i svingen er synlege teikn – snart hundre år etter.

            I eit par-tre tiår framover var no Kviteseidbyen på sitt beste. Trafikken var stor og Kviteseidbyen var det største handelssenteret i Vest-Telemark. Dette var glanstida for Kviteseidbyen.

 

NATURSKADER

I 1927 kom det ein storflaum. Vatnet steig kraftig. Ein meter på eit døgn på det verste. Bryggehusa stod halvvegs under vatn. Hjå Torp Hansen stod vatnet heilt oppunder golvplankane i butikken og folk la i land med pråmane sine ved bakeriutsalet til Jacobsen. Folk rodde i gatene og fiska i hagane.

Alle brannane i perioden etter bybrannen i 1911 gjekk hardt ut over dei ”opphavelege husa” i byen. Eit etter eit brann dei ned. I 1952 brann Kviteseid Hotell ned til grunnen. Dette var ein av dei siste gamle bygningane (frå ca 1870), og brannen gjorde eit særskildt inntrykk på folk avdi ein av hotellgjestene brann inne.

I 1953 for det eit kraftig skybrot over bygda. Selandbekken svulma opp, reiv med seg riksvegen, og store mengder grus og stein fløymde nedover gata. Haugestøyl sitt hus blei totalskadd.

 

ETTER KRIGEN

På sekstitalet var det ny byggeverksemd i byen. Det nye kommunehuset vert sett opp. Bygget var stort, mange meinte alt for stort. Er sidan utvida monaleg. Kviteseidgata endra utsjånad i takt med den nye tida. Nye fasadar kom på dei fleste gamle husa og nye blei bygde i ny stil.

Meieri utvida med fryseri og potetkokeri, og den første spira til ”Kviteseidsmøret” blei lagt.

No var det biltrafikken som blei viktig. Tømmerbilane tippa lassa sine i fjorden ved bryggja. Frå kornsiloen blei kornet frakta med lastebil til lastebåtane.  Folk samlast i gata og såg på fjernsyn som var utstilt i radio/TV-forretninga. Etterkvart fekk kafeane fjernsyn.

 

DEN NYE TID I KVITESEIDBYEN

Rivinga av mylla og kornsiloen i oktober 1986 innleia ei ny tid i Kviteseidbyen. Heile strandområdet frå bryggja og nordover til ”Kyrkjehamaren blei endra. Utfylling blei gjort, og ”Mylletomta” blei symbolet på den nye tida i sentrum. I dette området reiste det seg etter kvart nytt bankbygg, apotek og fleire andre forretningsbygg. Ny gjestebrygge kom, og gang- og sykkelvegen frå sentrum, forbi Kyrkjehamaren til skulen blei bygd.

Midt på åttitalet starta tradisjonen med sommarmarken opp som eit tillegg til den tradisjonsrike Kviteseidmarken i februar. På 90-talet og framover er dette arbeidet ført vidare med meir parkområde og ulike monument ved bryggja.

 

KVITESEIDMARKEN

            Vintermarken i Kviteseid har tradisjonar langt tilbake til 1700-talet. Det var hest som grunnen til dette.

            Eit interessant særpreg ved bygda var at det knapt fanst ein fole i heile Kviteseid. Bøndene bruka hesten dei åtte i arbeid året rundt, i skogen om vinteren og på garden sommarstid. Å drive oppal av hest var det ingen som såg seg tid eller råd til. Handel med hest var derfor viktig for kviteseidbøndene. Alt av hest måtte kjøpast inn utanfrå, og det var avgjerande med praktiske møteplassar der seljar og kjøpar kunne treffast. Kviteseidmarken var ein slik viktig møteplass.

            Det var vestlendingane, eller Normennene, som i hovudsak forsynte kviteseidingane og grannebygdene elles med hest. Trafikken over fjellet går langt tilbake i tid. Spesielt er Røldal nemnt som opphavsstad for mykje av hestehandelen. Til marken kom hestane i lange rekkjer, den eine bunde fast i rova på den andre. I 1794 låg prisen for ein fjording opp mot 20 dalar, og blei det omsett dølahest, så var prisen om lag det doble. Dei få dølahestane som blei selde på marken, hadde kome oppover bygdene via marken i Skien og på Kongsberg, der gudbrandsdølane stilte opp med hestedrifter. Rundt denne hestehandelen og tråvkøyringa utvikla det seg og eit rikt folkeliv.

            Dei gamle kviteseidingane var innbarka hestekarar, og tråvkøyringa utvikla seg frå eit tidleg tidspunkt nettopp i Kviteseid. Det var gjerne på kyrkjeveg vinterstid, med fleire hestar i fylgje, at konkurranseinstinkt og vinnarvilje utvikla seg til tråvsport. Slik også for kviteseidbøndene. På Sundkilisen låg alt til rette for kapping hestane i mellom. Rundt kilen låg gardane plassert, Midtbøen og Syftestadgardane, Moen og Lundevall, Oppsund, Kyrkjebøen og Midtsund. Kvar messesundag vinterstid kom sledane glidande ut på Sundkilisen, og ferda mot kyrkja ute ved storfjorden tok til. Sundkilen hadde også den fordel at isen la seg tidleg om hausten og låg lenger utover våren enn i vassdraget elles. Sesongen her varde lenger.

 

ISHUSA I KVITESEIDBYEN

            Etterkvart som Kviteseidbyen voks fram, var det mange som hadde bruk for kjøling sommarstid: Hotell, bakeri, apotek, meieri. og etterkvart også landhandlarane. Dei fleste skaffa seg eige ishus, som dei fylte opp vinterstid med is frå Sundkilen, og som ga dei tilgang på is heile sommarhalvåret i gjennom. Meieriet i Kviteseid, eller ”tjerneriet” som det blei kalla ved oppstarten tidleg på 1890-talet, var kanskje den av verksemdene som hadde størst trong for kjøling sommarstid. Ishusa var ofte enkle byggverk, kledd utanpå med hon. Isen blei lagra i midten, og isolert med store mengder sagmugg.             Issaging på Sundkilen blei såleis i mange år ein fast tradisjon. Det blei nærmast eit fag, der ein hadde utvikla eigne reidskapar og arbeidsteknikkar. Isen blei saga i store blokkar, og frakta opp til dei ulike ishusa i byen med hest og slede. Tradisjonen var at lensekarane tok seg av arbeidet. Seland, Midtbøen og Sudbø er kjente navn som går att.            

Ved hjelp av isen frå ishusa kunne ein laga fløteis heile sommaren gjennom. Fleire produserte is for sal, mellom andre Jacobsens Bakeri.

 

UTFLYTTARMONUMENTET

            Hausten 1991 dukka ideen opp om å reise ein utflyttarbauta i Kviteseid. Gjennom generasjonar hadde folk flytt frå kommunen og busett seg annan stad. Kor var dei blitt av? Utflytte kviteseidingar blei etterlyste over heile landet. Etter kvart som dei blei spora opp, blei dei bedne om å bidra med stein til bautaen. Målet var ein stein frå kvar kommune der utflytte kviteseidingar var å finne. Responsen blei overveldande, og etterkvart strøymde steinane til Kviteseid.

            Bilethoggar Gunnar Torvund blei spurd om han ville ta på seg oppgåva, og han tok i mot utfordringa. Han tykte tanken bak prosjektet var spesiell, og blei etterkvart overvelda av den store interessa utflyttarane viste. Men han tok ikkje berre på seg oppgåva; innsatsen hans skulle vera ein del av dugnaden bak tiltaket! I sitt tjugande år som kviteseiding, ville han gjera dette som ein gest til Kviteseid kommune! Han har sidan tidleg på syttitalet budd og arbeidd i Kviteseid.

            18. juli 1992 blei Torvund sitt verk, BYLGJE, STEIN, SØYLE, avduka ved brygga i Kviteseid sentrum. To søyler, støypt i betong, symboliserar utflyttinga. I den minste, husforma søyla ser me kviteseidingen. På veg ut av heimen, bygda. Den store verda står framfor og lokkar. Mange er dei som reist før. Kva ventar der ute? Torvund har nytta dei hundretals einskildsteinane symbolsk. Som så ofte i arbeida sine nyttar han både feminine og maskuline linjer. Han gjev rom for ettertanken i arbeidet sitt. I fargebruken har han tilpassa arbeidet det nære miljøet ikring.  I den gule hovudsøyla er det stein hovudsakleg frå Noreg. I den svarte er det stein frå utlandet.

            Med dette verket har Kviteseid fått eit flott monument laga av ein av våre fremste bilethoggarar Gunnar Torvund!

Her kan du lesa meire om steinane i Utflyttarbautaen!

 

SKULPTUREN TELEMARKSKYRI

            17. juni 2006 var ein stor festdag i Kviteseidbyen. ”Telemarkskyra” ein skulptur av Trygve Barstad frå Flatdal blei avduka av landbruksministeren ved Kviteseid bryggje i samband med feiringa av 150-årsjubileet for telemarkskyra og første rasefesjået som blei halde i Kviteseid i 1856.

            Det var fesjået i Kviteseid i 1856 som for alvor definerte telemarksky­ri som ein eigen og særprega rase. Dette første rasefesjået i landet «var grunnleggjande for det arbeidet som no byrjar for aa utvikla det heimealne feet i Telemark til ein sjølvstendig og sermerkt ferase.»

Etter framlegg frå den svenskfødte stats­agronomen Johan Lindeqvist blei det semje om at telemarkskua skulle vera slik:

«Let og fint Hoved med store fremstaaende Øine, flin Hals, og lang­strakt Krop. De maa have fiine, fremad, udad og opad bøiede Horn. Af Farve maa de være rødsidede, lyst brandsidede eller vakkert røddroplede, samt have fint rødspraglet Hoved med enkel rød Farve omkring Øine og Mulen».

            Bygdene i Kviteseid har lange og rike tradisjonar innan husdyrbruk. Alt på 1700-talet finn ein opplysningar om telemarksfeet. Telemarkskua og Kviteseid er nært knytt til kvarandre. Med rette kan ein kalle Kviteseid for Telemarkskuas eiga heimbygd.

            Aanund Olsnes skriv i kultursoga for Kviteseid: ”Det var gode kyr i Kviteseid, og folk visste at dei var gode. Då telemarkskyrne for alvor kom i vinden kring midten av 1800-talet, var det soleis mykje Kviteseid-kretur som gjekk inn i dei såkalla stamhjordane.”

            Det er kjent at det frå gamalt blei laga mykje godt smør i Kviteseid. Det var mjølk og fløte frå dei framifrå telemarkskyrne i Kviteseid som var råvara då det fyrste ”kjerneriet” starta opp i Kviteseidbyen i 1892. Det var telemarkskyrne som skaffa råvarene då det fyrste produsenteigde meieriet såg dagens ljos i Kviteseidbyen i 1923.

            Det var Kviteseids telemarkskyr som la grunnlaget for eit av Norges aller beste smør: Kviteseidsmøret.

Her kan du lesa meire om Telemarkskyri!

 

ERIK WERENSKIOLD OG KVITESEIDBYEN

            Erik Werenskiold hadde mange og lange opphald i Kviteseidbyen. Fleire av dei mest kjente måleria og teikningane hans har motiv frå Kviteseidbyen og miljøa rundt.

            Werenskiold kom fyrste gong til Kviteseidbyen våren 1892. Han hadde skaffa husrom for seg og familien hjå sakførar Christoffersen på Kyrkjebøen. Werenskiold hadde høyrt det skulle vera så vakkert i Kviteseid. Han vona å finne det urørte, norske landskap her.

            Til Kviteseid kom han saman med ein målar kollega, og det fyrste møtet med bygda blei nærast eit antiklimaks. Fyrsteinntrykket var at nokon verre stad å vera målar hadde dei ikkje vore. Kollegaen drog straks frå bygda, medan Werenskiold kom til å bli verande. Han såg likevel den fyrste sommaren i Kviteseidbyen som heilt bortkasta. Vêret i Kviteseid denne våren og sommaren var svært kaldt og blåsete, og han blei ille plaga av revmatisme og hovudpine. Han tok stadig gytjebad, og bruka lang tid kvar morgon for å mjuke seg opp. Varer han tinga frå byen kom sjeldan fram i rett tid. Ein rull med lerret tinga i Skien måtte han vente i vekevis på.

            Utover hausten betra helsa og humøret seg. Han oppdaga fleire interessante modellar, han teikna mykje og byrja på nokre landskapsmåleri. Før han drog frå Kviteseid midt i september hadde han bestemt seg for å koma attende året etter.

            Våren etter var han tilbake, og 1893 skulle bli året Werenskiold verkeleg knytte seg til Kviteseid, og blei den fremste blant alle ”Kviteseid-målarane”. Han var svært produktiv denne sommaren, og sa sjølv at han fekk gjort dobbelt så mykje som han normalt bruka å få gjort. Han skaffa seg pråm dette året, han rodde mykje på Sundkilen, og oppdaga fleire motiv som skulle koma til å oppta han i mange år framover. Han gjorde mellom anna ei stor teikning av nokre trytefiskarar som låg på lensa og fiska. Året etter fekk han ferdig eit måleri med same motiv. Dette selde han til stortingsmann Gunnar Knudsen som vitja Kviteseid då.

Werenskiold var ikkje kjent for å vera blant dei kunstnarane som arbeidde raskast. Utover hausten 1893 arbeidde han med fleire måleri som han vona å få ferdig før han måtte ut av husveret i slutten av september. I eit brev fortel han korleis omstenda gjorde at han fekk nokre ekstra arbeidsdagar i bygda: ”Egentlig skulle vi reist i morgen tidlig, og det meste er pakket. Christoffersens skulle flyttet inn i leiligheten med det samme vi flyttet ut. Men så fikk fru Christoffersen en liten gutt i dag formiddag, og da kan de ikke, så blir vi nogle dage, hvorved jeg sparer meg at reise hit igjen for at male den gutten som ikke er ferdig på det billedet.”

            Guten han då heldt på å måle var han som leier hesten etter luggen nede ved stranda på eigedomen Lunden  rett ved Kviteseid bryggje. Ferdig blei han likevel ikkje, så måleriet blei fullført då han var attende i Kviteseid sommaren 1894.

            Sommaren 1895 var vêret så umogeleg at ingen av landskapsmålarane fekk gjort noko særleg. Heller ikkje Werenskiold. Han bruka mesteparten av dei to månadene sine i Kviteseid til å studere tømmertrafikken. Han følte etterkvart at han kjente emnet godt, han fann utal motiv og var svært opptatt av dei voldsame stillingane, krafta og motsetnadene innan temaet. Eit stort måleri han byrja på dette året fann han ut han berre måtte kassere, eit anna fullførte han, og dette sendte han til ein russar i St. Petersburg som ville ha eit bilete av han.

            Kvar haust kom han til å ha ståande halvferdige måleri i Kviteseidbyen og våren etter var han attende og arbeidde vidare på dei. Dette var nettopp i den tida utbygginga i Kviteseid-byen gjekk raskast, og motiva hans endra seg av og til drastisk innan han rakk å fullføre måleria. Sommaren i Kviteseid 1896 blei såleis ein stor skuffelse for han. Han rekna landsbyen som heilt øydelagt då han fekk sjå alt som hadde skjedd sidan han reiste frå byen året før. På brygga hadde det kome ny pakkbod, nytt meieri var bygd og mykje av vegetasjonen og buskane i byen var fjerna. Ei rad med tre som hadde stått langsetter stranda var hogne. Eit motiv som han hadde starta på året før var så og seia forsvunne. Så trist synest han dette var, at han ingenting fekk gjort. Han braut over tvert, og reiste frå byen.

            I mai 1897 freista han å fullføre eit måleri han hadde hatt ståande. Med full sommarvarme og ein natur som endra seg frå dag til dag, følte han at han kappmåla med naturen. Han lova seg sjølv, at blei han ferdig med måleriet denne våren, så ville han ta farvel med Kviteseid for alltid, og søke seg nye jaktmarker, som han sa. Han måtte likevel gje tapt for naturen i den sterke varmen, og måleriet blei ikkje ferdig.

            Og tilbake til Kviteseid skulle han koma fleire gonger.

Werenskiold skildra stemninga i Kviteseidbyen ein 17. mai midt på 1890-talet på denne måten: ”Det er et rigtig strålende 17de mai veir i dag, småungene flyr med gamle filler av plag, og en skipper som dundrer og skyder hele dagen, så ekkoet ruller bortmellom fjeldene. Her er hårdt og skarpt , med utallige fjeldheier op mot himelen, på de øvre fjelde ligger sneen dyp. Det er såvidt det har begynt at sprette. Stor moro er det egentlig ikke i dette hul.”

            Sommaren 1897 hadde Werenskiold selskap med fleire andre målarar i Kviteseid. Både Stadskleiv, Egedius, Erichsen og Thorne var her. Dei var

Erik Werenskiold, Lensekara, 1938. Motivet frå Kviteseid pryda hundrekroner-setelen til Noregs Bank frå 1949.

Erik Werenskiold, Lensekara, 1938. Motivet frå Kviteseid pryda hundrekroner-setelen til Noregs Bank frå 1949.

særskildt opptekne av frodigheten som fylgde av flaumen og sommarvarmen denne sommaren. I eit brev frå Kviteseid på denne tida skriv Werenskiold: ”Vi er 5 malere her… så Kviteseid skal blive ordentlig gjennomarbeidet, kan du tro, der skal ikke blive sten tilbage på sten som ikke blir malt.”

            Og slik kan ein sei det gjekk. Utallige er dei motiv desse kunstnarane, med  Werenskiold i spissen, festa til lerretet.