Sundkilen bru eller «Sundebrui» er ei svingbru som stod ferdig i 1901.
Brua er rundt 75 meter lang og har dekke av tre. Den har fem bruspenn. Når den blir opna, svingar to av bruspenna 90 grader slik at båtar kan passere.

Sundkilen bru er ein av to slike bruer i Noreg. Den er bevart og freda.

Dei totale byggekostnadene for denne brua var 74 122,13 kr

 

 

 

 

 

Den fyrste brua i sundet var bygd i tre. Den stod litt lengre ute enn svingbrua, og blei truleg bygd omlag 1840. Dette var ei fast bru.
Då båttrafikken kom i gang på vestvatna, stengde denne brua for båten. Brua blei difor: «forsynet med en Vippeindretning for Passage af Dampskibe. Arbeidet udførtes 1860 – 1862» 
Den blei stengd for trafikk  i 1897og riven fordi den var så dårleg, og blei erstatta med ei midlertidig ferge til den nye brua stod ferdig. Når vatnet er lågt nok, kan du sjå restar av brupilarane på vestsida av sundet den dag i dag.
 
 Dette bilete er frå 1871 og teke av Knud Knudsen.