(Illustrasjonsbilete)
Erik Werenskiold, Lensekara, 1938. Motivet frå Kviteseid pryda hundrekroner-setelen til Noregs Bank. I bruk frå 1949 til 1979.

Erik Werenskiold, Lensekara, 1938. Motivet frå Kviteseid pryda hundrekroner-setelen
til Noregs Bank.
I bruk frå 1949 til 1979.

Småstraum og Storstraum i Vrådal, med Noregs eldste nåledammar, er bygd i 1913-14. Slusene er dei høgaste i sitt slag i Nord-Europa og bind saman innsjøane Nisser og Vråvatn (lengd 65 km).

 
Slusemuseum
Ved Småstraum er det laga eit museum og det fortell historia om slusene og dammar, fløting av tømmer og reiseliv langs Nisser og Vråvatn frå midten av 1800-talet.

Elva og vassvegen var viktig for kommunikasjon og transport på den tida. Lova om fri ferdsel på vatn frå 1854, vart laga av omsyn til dette. Dermed kunne og alle som trong det, nytte elvene til fløting. På same tida starta staten arbeidet med å få i stand tvungen fellesfløting i dei største vassdraga. Begge desse tiltaka førde til at dammane og slusene vart bygd i Små- og Storstraum.

Av omsyn til fløting av tømmer, vart det laga nåledammar (eller fløtingsdammar). Dette er dammar bygd med ståande plankar (nåler) som nedst (i damfoten) ligg åt mot ein liggande botnsvill (treskel) og øvst (i damkrona) mot ein bjelke (nåleputa). Dermed kunne ein raskt opne og lukke dammen.

Sjå filmen Med tømmer fra hei til hav (16 minutt) med m.a. scener frå Storstraum og Fram.

 

Historikk

Omlag 1850

Tanken kom om å gjere elva mellom Nisser og Vråvatn farbar med båt.
Vegane var dårlege eller mangla langs vatna på denne tida.

1865 Canaldirektøren la fram forslag om «Farbargjørelse av Strømmene mellom Vraavand og Nisservand».
Staten løyva dei naudsynte pengane.
1867 Slusa i Storstraum og utdjuping av elva var ferdig.
1867

D/S Dølen bygd i Kristiania i delar og satt saman i Nordbygda, Nissedal
Eigare var Aktieselskapet Nisser og Vråvand Dampskibsselskap
Båten, som var på 70 fot, ei dampmaskin på 10 hestekrefter og plass til 120 passasjerer, vart sett i trafikk mellom Treungen og Vråliosen, og vart bruka til sleping av tømmer over vatna, men og til frakt av passasjer og gods.

1883

D/S Nissen bygd i Porsgrunn i delar og sett saman i Vrådal.
Båten, som var på 55 fot og plass til 80 passasjerer, vart satt i passasjer- og godstrafikk mellom Treungen og Vråliosen, men mest nytta til sleping av tømmer. D/S Dølen vart no for det meste nytta til passasjertrafikk.

1909

D/S Fram bygd i Fredrikstad i delar og satt saman i Vrådal.
Transportert med båt, nesten 69 tonn og over 1000 kolli, til Smeodden i Kviteseid og opp dei bratte Kviteseidkleivane med hest og vogn.
Båten satt i drift for sleping av tømmer. (sjå meir informasjon)

 1912 Arendals Vassdrags Brukseierforening fekk konsesjon til å regulere både Vråvatn og Nisser.
Høgdeforskjellen mellom vatna kunne no bli opp til 4,2 meter.
Av denne grunn blei Småstraum sluse og dammar bygd.
Dimmensjon på slusene skulle vere som i Telemarkskanalen, derfor måtte ein byggje om Storstraum sluse.
1913

D/S Dølen ombygd og modernisert
D/S Nissen fekk ny motor – no M/S Nissen
D/S Fram fekk ny motor – no M/S Fram

 1914 Kanalen, dammar og slusene stod ferdig
1919 M/S Nissen solgt til John J. Nordbø og bruka som malmbåt for Syllestad gruver til Treungen
1921 M/S Nissen lagt i opplag i Treungen
1937 Passasjer og godstrafikken med D/S Dølen vart lagt ned
1939 D/S Dølen solgt til Olaus H. Dale og bruka som fraktbåt
1947 D/S Dølen solgt på auksjon i Porsgrunn
Frakta over heia til Smeodden i Kviteseid og sjøsett i Telemarkskanalen
1970 Sleping av tømmer på vatna opphøyrde. Frå no vert tømmeret frakta med tømmerbil.
1970 M/S Fram solgt til Jacob J. Nordbø
Vart nytta til privat tømmersleping, men vart snart lagd i opplag ved Nordbygda i Nissedal
og deretter på Fossøy i Vrådal
1986 Stiftelsen “Venneforeningen Magnus”, med Johan Straand i spissen, kjøpte M/S Fram.
Namnet etter Magnus Tveitane, skipper på M/S Fram frå 1929 og som tok vare på båten i opplagstida
1987 M/S Fram ferdig restaurert og bygd om til turistbåt.

 

Fram, veteranbåt frå 1909
Den 12. mai 1909 blei Fram sjøsett som dampbåt på innsjøane Nisser og Vråvatn. Båten vart brukt som slepebåt for tømmer på innsjøene. Den vart bygd i Fredrikstad og frakta i delar opp Telemarkskanalen til Smeodden i Kviteseid. Derifrå førd opp kleivane og over heia til Eidsto i Vrådal med hest og kjerre, ein utruleg transport med ei samla vekt på 69 tonn.

På bilete er turistbåten Fram i slusa i Småstraum.

Veteranbåten Fram Veteranbåten Fram
Video: Bli med turistbåten M/S Fram frå Vrådal til Vråliosen