Damtjønn-Kviteseidvatn-rennaRenna Damtjønn-Kviteseidvatnet
(Lindestadvassdraget)

Oppe på heia mellom Vrådal og Kviteseid ligg eit lite vatn, Damtjønn, med utlaup gjennom Lindestaåi ned til Kviteseidvatnet. Her vart det bygd ei 4 km lang renne allereie i 1845. I renna gjekk det tømmer som det frå naturen si side ville ha vore naturleg å fløte ned til Arendal.

Arendalsvassdraget var på denne tida eit vanskeleg og lite utbygd fløytningsvassdrag med mange fossar. Dette, samen med at plankeadelen i Arendal betalte dårleg for tømmeret, gjorde at bøndane i Vrådal og Øvre Nisser fann ei raskare og meir effektiv transportåre fram til nye oppkjøparer, trelasthandlerane i Skien. I staden for å fløte tømmeret ned til Arendal, drog dei det opp til Damtjønn på heia mellom Nisser og Kviteseidvatn. Herfrå bygde dei ei tømmerrenne ned til Kviteseidvatnet. Derfra vart tømmeret fløta ned til Ulefoss og Skien.

«For en 7 a 8 Aar siden rev dog Øvre Nissedal og Vraadal seg løs fra Arendal og bykte Render over den ½ Mil brede og bratte Hvideseidhei til Hvideseidfjorden. Det svarte endda godt Regning at føre Tømmeret derover og sælge til Skienshandlerne end til Arendalerne«(Aasmund Olavsson Vinje, 1853)

Fløytningen stansa: Ukjend.
Lengde: Omkring 4000 m.
Eigd av lokale skogeigarar.Kjelde: Einar Østvedt: Fløtning i Telemark gjennom 300 år, Skien 1963