Kviteseid historielag har til oppgåve å vekkje historisk interesse, auke og spreie kunnskap om Kviteseid gjennom tidene, verne om dei materielle kulturminna i kommunen og berge den munnlege tradisjonen som enno finst om liv og arbeid i eldre tid.

Laget blei stifta i eit konstituerande møte 10. oktober 1985 etter initiativ frå Arne Nordskog. Han og eit arbeidsutval gjorde det førebuande arbeidet, slik at det alt i dette møtet blei det vedtatt lovar og arbeidsoppgåver for laget. Det blei óg valt styre der Olav Ibrekk blei den første leiaren. Han fekk med seg initiativtakaren, Arne Nordskog, Torleiv Lid, Anne Roholdt og Torvild Dalen.