Årsmelding 2011

1. mars 2011 hadde Kviteseid historielag årsmøte på Skieventyret i Morgedal. Årsmøtet handsama årsmelding og rekneskap utan merknader.

Etter valet har styret desse medlemene: Leiar Johannes Skarprud, skrivar Gunhild Berntsen, kasserar Eivind Aasmundtveit, arkivar Sverre Bakken, Emanuel Riis.

Varafolk: Halvor Meinstad, Olav Kjell Lie, Jakob Olimstad. Redaksjonsnemnd: Tore Skaug og Torleif Omtveit.

Rep. i styret for støttelaget: Sverre Bakken. Kontaktperson for pilgrimsvandringa: Aasne Straumsnes

Ved utgangen av 2011 hadde laget 85 medlemer. Dette er ein monaleg auke frå i fjor. Det er eit mål for laget å få enno fleire medlemmer.

Kviteseid historielag har dette året hatt fem styremøte.

Aktivitet i året har vore:

  1. Den viktigaste oppgåva som laget gjer kvart år, er utgjevinga av ”Gamalt frå Kviteseid”. Boka har dei siste par åra fått ”stiv” perm og farge på omslaget. Dette har blitt tatt godt i mot, og gjer boka enno meir lesevennleg. Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka.
    I år gav vi ut ”Kvanndagsliv i dei dagar” i ny utgåve. Dette var i samarbeid med ”gamlekarane” i Morgedal.
  2. Sommarturen i samarbeid med styret for bygdetunet gjekk i år til Åmdals Verk. Vi  fekk omvising i gruvene, og hadde matstopp i kafeen. Turen gjekk så vidare til Eidsborg og museet der.
    Som i fjor hadde vi veteranbuss frå FVN med Johan T. Straand som sjåfør.
  3. Kviteseid historielag var også i år med på pilegrimsvandringa til Røldal. Aasne Straumsnes er kontaktperson.
  4. Geir Håkon Eikland har lagt ned eit stort arbeid med å få Ættesoga lagt ut på internett. Vi har halde to kurs for dei som ønskjer å få meir kjennskap til korleis ein kan bruke dette. Dette var 21. februar og 22. oktober. Det er no mange som brukar denne ættesoga. No er også gardssoga kopla opp mot ættesoga på nettet.
  5. På sommarmarken hadde vi ”stand” ved brygga og selde gamle bøker. Salet gjekk bra.
  6. Sverre Bakken har i løpet av sommaren friska opp skrifta på ”Dyrsku-steinen” og ”årstalet” i Brunkebergbakkane. Flaummerket på brygga frå 1927, og litt informasjon om flaumen har kome på plass.
  7. 16. oktober 2011 var det 100 år sidan den store ”bybrannen” i Kviteseidbyen. Historielaget tok tak i dette og fekk til ei markering i samarbeid med biblioteket, Sparebanken Sør og næringslaget. Vi fekk til eit program i tre delar: Framsyning av gamle bilete frå byen på Waldenstrøm kafe, ei byvandring og ei utstilling på biblioteket/gamle banken som viste litt frå den gamle bankdrifta.
    Frammøtet var over all forventning (120 – 130 stk.). Det var så mange at ikkje alle fekk plass på kaféen til biletframsyninga, så vi måtte dele i to grupper.
  8. Presentasjon av årboka for 2011 på Skieventyret. Mange møtte fram. Dei fleste av ”gamlekarane ” var tilstades. Aanund Olsnes kåserte om framveksten av husmannsvesenet i Kviteseid. Eit par viser etter Torvild Bjåland blei framført og Innsvingen kafé diska opp med god mat.
  9. Arkiv/arkivar. I fjor fekk vi ny arkivplass på Veksthuset. Styre valde i år ein av styremedlemene til å ha ansvaret for dette arkivet. Sverre Bakken blei vald, og denne ordninga ser ut til å fungere godt.
  10. Vintermarken 2012. I år hadde vi fotoutstilling på Biblioteket. Utstillinga bygde på den framsyninga som vi hadde i samband med markeringa av bybrannen. Utstillinga var open både ei stund på fredag og heile laurdagen. Vi hadde opning av utstillinga på laurdag med ein presentasjon av den. I løpet av desse to dagane var det innom om lag 150 stk. som viste stor interesse for bileta. Vi hadde også sal av bøker.
    Som avslutning på biblioteket markenslaurdagen presenterte Geir Håkon Eikland: ”Ættesoga på kart”. Alle som er i ættesoga, er no også plassert på kartet.
    Geir Håkon blei også overrekt eit gåvebrev på eit måleri av Jon Bakken til ein verdi av 10000 kr. Kommunen og historielaget gjekk saman om denne gåva som ein takk for alt det arbeidet han har gjort med ættesoga.
  11. Vi har starta opp eit arbeid med å få til informasjon/informasjonstavler på ulike stader i kommunen. Vi har så langt hatt eit par møte med Ole Dalen på Vest-Telemark næringsutvikling og med Torunn Raftevold Rue på kommunen. Dette arbeidet vil halde fram i året som kjem.
  12. Tanken om kyrkjegardsvandring blei teken opp i år. Dette blei utsett, men blir truleg teke opp til våren.
  13. På kulturkvelden som mållaget hadde på markensfredagen, fekk historielaget målprisen. Leiaren tok i mot på vegne av laget. Grunngjevinga for prisutdelinga var fyrst og fremst det arbeidet som er lagt ned i arbeidet med ”Gamalt frå Kviteseid”. Vi takkar noverande og alle tidlegare redaksjonsnemnder for arbeidet med denne boka.

For Kviteseid historielag
Februar 2012

Johannes Skarprud
leiar