Kviteseid historielag
Årsmelding for 2012
 

29. februar 2012 hadde Kviteseid historielag årsmøte på klubbhuset i Vrådal. Årsmøtet handsama årsmelding og rekneskap utan merknader.

Etter valet har styret desse medlemene: Leiar Johannes Skarprud, skrivar Gunhild Berntsen, kasserar Eivind Aasmundtveit, arkivar Sverre Bakken, Emanuel Riis.

Varafolk: Halvor Meinstad, Olav Kjell Lie, Jakob Olimstad. Redaksjonsnemnd: Tore Skaug og Torfinn Syftestad.

Rep. i styret for støttelaget: Sverre Bakken. Kontaktperson for pilgrimsvandringa: Aasne Straumsnes og Bodil Hauge.

Ved utgangen av 2012 hadde laget 91 medlemer. Det er eit mål for laget å få enno fleire medlemmer.
Kviteseid historielag har dette året hatt seks styremøte.

Årsmeldinga i fjor gjekk heilt fram til årsmøtet. Dette er vel ikkje rett, slik at i år er årsmeldinga frå nyttår til nyttår. Det blir litt repetisjon frå i fjor.
 

Aktivitet i året har vore:

  1. Den viktigaste oppgåva som laget gjer kvart år, er utgjevinga av ”Gamalt frå Kviteseid”. Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. I år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar. Vi hadde “boklansering” på Waldenstrøm kafé den 29. november. Eit av stykka i år var ein gammal artikkel om Straumane av Olav Botnen. I samband med dette viste vi ein del bilete frå Straumane og Spjotsodd. Det var også ein artikkel om Henrik Brokke i boka og Reidun Brokke las dikt av far sin. Frammøtet var godt. Vi hadde tinga mat til 35 stk., men innan klokka var “slagen” var det over 50 personar i kaféen.
  2. På vintermarken 2012 hadde vi fotoutstilling på Biblioteket. Utstillinga bygde på den framsyninga som vi hadde i samband med markeringa av bybrannen hausten før. Utstillinga var open både ei stund på fredag og heile laurdagen. Vi hadde opning av utstillinga på laurdag med ein presentasjon av den. I løpet av desse to dagane var det innom om lag 150 stk. som viste stor interesse for bileta. Vi hadde også sal av bøker. Som avslutning på biblioteket markenslaurdagen presenterte Geir Håkon Eikland: ”Ættesoga på kart”. Alle som er i ættesoga er no også plassert på kartet.
    Geir Håkon blei også overrekt eit gåvebrev på eit måleri av Jon Bakken til ein verdi av 10000 kr. Kommunen og historielaget gjekk saman om denne gåva som ein takk for alt det arbeidet han har gjort med ættesoga.
  3. På kulturkvelden som mållaget hadde på markensfredagen, fekk historielaget målprisen. Leiaren tok i mot på vegne av laget. Grunngjevinga for prisutdelinga var fyrst og fremst det arbeidet som er lagt ned i arbeidet med ”Gamalt frå Kviteseid”. Vi takkar noverande og alle tidlegare redaksjonsnemnder for arbeidet med denne boka.
  4. På våren hadde vi ein liten dugnad saman med turgruppa i idrettslaget og fekk rydda ein del i “Kulturminnevegen” frå Kviteseid til Brunkeberg. Saman med turgruppa hadde vi også ein tur frå Brunkeberg til Lundevall litt seinare på våren.
  5. Vi har hatt ein del prøver med QR-kodar ute ved ulike minnesmerke og liknande i år. Det er vanskeleg å veta korleis dette har blitt bruka. Arbeidet med å få ut informasjon om ulike ting i kommunen vil halde fram. Vi håpar at det kan bli ei samordning med informasjon som kommunen skal ha ut.
  6. Før Victoriafestivalen iår fekk vi montert ei fotoutstilling i eit av bryggjehusa. Dette var stort sett dei bileta vi hadde på vintermarken. Utstillinga blei teken godt i mot. Omlag 3000 personar var innom og såg denne utstillinga. Desse bileta, i mindre utgåve, blei sett i ringpermar og gjeve til KOS slik at bebuarane der kan ha glede av dei. Vi hadde boksal på Victoriafestivalen i år også.
  7. Sommarturen i år gjekk til opninga av det nye museumsbygget på Eidsborg. Som vanleg gjekk turen med den gamle FVN-bussen, med Johan T. Straand som sjåfør.
  8. Den gamle “brusteinen” som har lege i Dampedalsåi har Sverre ordna slik at den kom på plass.
  9. Kyrkjegardsvandring på Brunkeberg, og plassevandring i Lundevallsgrend er det tenkt ein del på. Det blir truleg gjennomført i det nye året.
     

For Kviteseid historielag
Februar 2013

Johannes Skarprud
leiar