Kviteseid historielag
Årsmelding for 2013

 

 

Torsdag 5. mars 2013 hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafé. Årsmøtet handsama årsmelding og rekneskap utan merknader.

Etter valet har styret desse medlemene: Leiar Johannes Skarprud, skrivar Gunhild Berntsen, kasserar Eivind Aasmundtveit, arkivar Sverre Bakken, styrem. Emanuel Riis.

Varafolk: Leif Roholdt, Svein Straumsnes, Jakob Olimstad.
Redaksjonsnemnd: Tore Skaug og Torfinn Syftestad.

Rep. i styret for støttelaget: Sverre Bakken.
Kontaktperson for pilgrimsvandringa: Liv Ravdal og Bodil Hauge.

Ved utgangen av 2013 hadde laget 82 medlemer. Det er eit mål for laget å få enno fleire medlemmer.

Kviteseid historielag har dette året hatt fem styremøte.

 

Aktivitet i året har vore:

  1. Den viktigaste oppgåva som laget gjer kvart år, er utgjevinga av ”Gamalt frå Kviteseid”. Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. I år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
    Vi hadde “boklansering” på Sundvang kulturhus den 29. november. Eit av stykka i år var om jordmor Lovise Sanden. Barnebarnet hennar Gunnar Sanden, som hadde skrive stykket var tilstades og fortalde litt om henne.
    Elles fekk dei frammøtte høyre litt meir frå boka, og fekk ein smakebit av flyfoto som historielaget no har i arkivet. Frammøtet var godt, vel 60 stk. hadde møtt fram.

  2. På vintermarken 2013 hadde vi fotoutstilling på Biblioteket. I år viste vi klassebilete frå dei fleste skulane i kommunen. Utstillinga var open både ei stund på fredag og heile laurdagen. I løpet av desse to dagane var det innom mange intresserte. Vi hadde også sal av bøker. Bileta er kopiert i A4-format, sett i ein perm og gjeve til KOS.

  3. Plassevandring i Nedre Dalane. Meir enn 30 fornøgde deltakarar var med historielaget på tur i Nedre Dalane søndag 26. mai. Jørgen Moen var ein engasjert turleiar som fortalde om dei ulike plassane vi for forbi. Vi fekk greie på både folka, og livemåten deira i den tid det var fullt av folk på plassane.

  4. Omlag 70 menn og kvinner hadde funne vegen til Flekstveitstoga onsdag den 26. juni. Støttelaget for bygdetunet og Historielaget hadde invitert til Flekstveitkveld, og frammøtet var over all forventning. Stoga og båe kammersa var stuvende fulle, men stemninga var god då Arne T. Aabø tok oss med til Flekstveit i tidlegare tider. Kaffi og bilete frå bygdetunet for 40 år sidan måtte gjennomførast i Utsundhalli. 

  5. 10. juni er Sondre Nordheim sin fødselsdag. Kvart år blir dette markert i Morgedal av Skimuseet. I år blei det ei ekstra høgtidsam markering ved at Aasmund Kleiv fekk kongens fortenestemedalje. Ordføraren stod for tildelinga av medaljen. Kviteseid Historielag stod bak brevet til kongen som førde til medalje.

  6. Fotoutstilling på bryggja. I år har historielaget markert minnet om flaumen i Kviteseid i 1953 med ei utstilling av bilete på bryggja i Kviteseid. Denne flaumen gjorde stor skade i Kviteseidbyen og i Haukomgrenda. To dødsfall skjedde i samband med denne flaumen.

  7. Søndag 1. september var det kyrkjegardsvandring på Brunkeberg kyrkjegard. Omlag 40 møtte fram, og var med på vandringa. Dagen starta med vanleg messe i Kyrkja. Rett etter messa starta vandringa. Her fortalde Torjus Sandåker om Torjus Hemmestveit, Thor Arne Heggtveit om Sigurd Kolltveit, Jørgen Moen om Gro Årdalen, Steinar Rue om Knut Jensen og Sveinung Opsund om bestefar sin Sveinung Opsund. Etter vandringa var det suppe og kaffi til dei frammøtte i kyrkjekjellaren. Brunkeberg sokneråd stod for serveringa.

  8. Dagbøkene til Ole Blom. Historielaget har saman med Vest-Telemark museum sett ned ei prosjektgruppe som har som mål å transkribere og gje ut dagbøkene etter Ole Blom. Vi har no fått tilgang til dei fire bøkene som er kjende i dag. Målet er å gjeve ut desse bøkene til hausten 2014.

  9. Kviteseid kommune kjøpte på 1980-talet alle flyfoto som Widerøe’s flyveselskap hadde tatt frå Kviteseid kommune fram til 1970. Fram til i dag har desse lege på lager. Tidlegare i år gjorde kommunen og historielaget ei avtale om at historielaget kunne scanne desse, og bruke dei som sin eigedom. Dette har vi no gjort, og no ligg det ute nesten eitt tusen bilete frå nesten alle delar av kommunen. Nesten 500 svart/kvit- bilete og om lag like mange i fargar. Desse bileta er av svært god kvalitet. Bileta kan kjøpast av historielaget som elektroniske filer med svært god oppløysing.

  10. Balladekveld i fjøset. Biblioteket og historielaget hadde saman invitert til balladekveld i Fjøset på Skarprud. Ragnhild Furholt song og Olav Solberg fortalde om dei gamle visekvedarane frå Telemark. Han fortalde med utgangspunkt i boka: «Vil du meg lyde» som han er medforfattar av. Dei frammøtte fekk eit møte med balladar i tone og ord som dei vil ha med seg lenge. Det var leit at ikkje fleire hadde funne vegen til fjøset denne kvelden.

  11. Den årlege slektforskardagen var i år den 26. oktober. Denne dagen  inviterte Kviteseid bibliotek og Kviteseid historielag til samling på biblioteket. Tema for samlinga var Ættesoga på nett. Kviteseid ættesoge ligg på nettet, og blir stadig utvida med nye namn. Geir Håkon Eikland viste ivrige frammøtte korleis ein kan få lagt inn nye namn og bilete. Dei som ønskte fekk også prøve seg på korleis ein kan gjera dette. Fram til i dag har ættesoga blitt utvida med omlag 50% fleire namn. For dei som er interessert er det bare å registre seg, og så vera med å legge inn nye namn.

  12. Heimesida vår. Det blir stadig lagt ut nye bilete på heimesida vår. Sverre er den som har funne flest bilete. Vi oppmodar alle som har bilete som kan ha interesse, om å koma med dei. Vi minner også om at det er ein del anna historisk stoff på sida vår etter kvart.

  13. Vi arbeider framleis med å få til betre merkingar/informasjon ulike stader i kommunen. Vi har også sett litt på den «Kviteseidfilmen» som blei tatt opp på 1970-talet.

  14. Styret vil rette ein stor takk til biblioteket for godt samarbeid i året som gjekk. Dette gjeld både utstillinga og arrangement på biblioteket og andre stader.

     

 

For Kviteseid historielag

Februar 2014

 

Johannes Skarprud

leiar