Kviteseid historielag
Årsmelding for 2014

 

Torsdag 6. mars 2014 hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafé. Årsmøtet handsama årsmelding og rekneskap utan merknader.
Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, skrivar Åse Irene Pedersen, kasserar Eivind Aasmundtveit, arkivar Sverre Bakken, styrem. Emanuel Riis.
Emanuel Riis døydde våren 2015. Styret takkar han for innsatsen gjennom mange år i laget.
Varafolk: Leif Roholdt, Svein Straumsnes, Dagny Ruud Lie. Redaksjonsnemnd: Tore Skaug og Torfinn Syftestad.
Rep. i styret for støttelaget: Sverre Bakken. Kontaktperson for pilgrimsvandringa: Liv Ravdal og Bodil Hauge.
Valnemnd: Arvid Syftestad, Aasne Straumsnes.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Torgeir Kråkenes.
Ved utgangen av 2014 hadde laget 86 medlemmer. Det er eit mål for laget å få enno fleire medlemmer.
Kviteseid historielag har dette året hatt fem styremøte.

Aktivitet i året har vore:

  1. Den viktigaste oppgåva som laget gjer kvart år, er utgjevinga av ”Gamalt frå Kviteseid”. Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. I år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar. Vi hadde “boklansering” på Sundvang kulturhus den 28. november. Dei frammøtte fekk smakebitar frå boka. Gunstein Draugedalen hadde skrive om far sin. Han las litt av det han hadde skrive, i tillegg framførde han nokre songar. Frammøtet var godt, vel 50 stk. hadde møtt fram.
  2. Historielaget hadde også i år fotoutstilling på Biblioteket I Kviteseid i samband med Kviteseidmarken. I år var temaet: «Grupper av alle slag». Her kunne ein sjå gruppebilete frå 17. maifeiringar til tur på Striplefjell. Det blei også vist flyfoto frå heile Kviteseid på skjerm. Frammøtet var godt trass i det dårlege markensværet. Utstillinga var open både på fredag og laurdag.
  3. Gravhaugen ved Sundvang. Onsdag 2. april hadde vi besøk av fylkeskonservatoren for å ta ei synfaring på det som i daglegtale blir omtala som tinghaugen ved Sundvang. Det ein kan slå fast er at dette er ein gravhaug, ein stor gravhaug. Det kan ha vore tinghaug, men dette er meir tvilsamt. Mykje av haugen er fjerna ein eller annan gong. Den skulle ha vore minst 4-5 meter høg. Haugen er automatisk freda, og dermed er det ikkje så mykje ein kan gjera på haugen. Vi kan rydde, rake og slå. Sverre og 4-5 andre flittige karar gjorde stordugnad på haugen i vår. Seinare i sommar har haugen blitt slått av kommunen, og vi håpar no at kommunen kan stå for det vanlege vedlikehaldet framover.
  4. Søndag 11. mai var vi på plassvandringstur opp og ned langs Skarprudstraumen. Det blei orientert om plassar, folk og hendingar i gamle dagar. Omlag 25 stk. med smått og stort var med på turen. Vi var innom Kremmarkjeringa oppe i Kassnes før det blei mat. På heimtur vandra vi ein del av den gamle ferdselsvegen frå Høysvev til Stigen før vi kom inn i Strauman. I gamle dagar gjekk det store drifter med kretur forbi her på veg frå marknaden i Røldal og Møsstrond til byane Kragerø, Risør og Arendal.
  5. Grunnlovsjubileet Kviteseid kommune valde hausten 2013 ei nemnd til å ta seg av grunnlovsjubileet for Kviteseid. I denne nemnda hadde historielaget to medlemmer (Johannes Skarprud, leiar og Gunhild Berntsen), kyrkja eit medlem (Olav Mosdøl), skulen eit medlem (Jan Rune Bjørnson) og ein politikar (Trygve Straumsnes). Elisabeth Lid var sekretær. Nemnda la ned eit omfattande arbeid våren 2014, og fekk til eit fyldig program søndag 15. juni. Programmet starta med messe i gamlekyrkja. Presten Zetlitz (Johannes Skarprud) tok så med seg bygdas 12 «beste mænd» (Mannskoret Ågapet) over til den gamle prestegarden. Her var det eit lite opptrinn med val av valmenn frå Kviteseid i 1814. Gunnar Bolstad heldt så eit interessant foredrag om det politiske livet i Kviteseid på denne tida. Etter dette heldt feiringa fram på bygdetunet. Alle skuleborna frå 1. til 4. klasse var med og song, alle kora og hornmusikken var med, og alle lag og organisasjonar var inviterte til å vise seg fram denne dagen. Innimellom alt dette var det også tid til mat, drøs og nokre andre underhaldningsinnslag. Når også været viste seg frå si beste side, blei dette ein minneverdig dag for dei meir enn 400 som var tilstades.
  6. I pakkbua på Kviteseid bryggje blei det sett opp ei ny delutstilling med foto. Tema var: Lensa ved Bryggja og i Ågapet. Utstillinga viser små glimt frå liv og virke på lensa.
  7. Kviteseiddagen i år blei den store jubileumsdagen. Tre jubileum blei markert her. Sanitetslaget i Kviteseid 100 år. Tore Skaug skriv om dette i Gamalt frå Kviteseid i år. Han fortalde litt om dette på denne dagen. Aslaug Vaa 125 år. Her hadde biblioteket og Kviteseid historielag fått til eit jubileumsprogram. Steinar Smeland fortalde om Aslaug Vaa, Johannes Skarprud song nokre tonsette dikt saman med Ljupcho Sopov som spela bass. Gunnar Utsond 150 år. Ny utstilling og mykje ny kunnskap om mannen blei presentert av Tilman Hartenstein. I husmannstova på bygdetunet var det også høve til å få hjelp til slektsforskning.
  8. I 1914 flytte Jakob Naadland Telemark folkehøgskule frå Seljord til Kviteseid. Han kjøpte garden Utsund, bygde ny skulebygning og starta opp skuledrift her. I 40 år dreiv skulen gjennom gode år i mellomkrigstida, til skulen var ute av drift i krigsåra og til slutt i magre år etter krigen. Telemark folkehøgskule slutta drifta si på Utsund i 1954. Historielaget laga til ei lita fotoutstilling på biblioteket om denne perioden av Telemark folkehøgskule.
  9. I samband med 100-årsjubilet for grunnlova i 1914 blei det gjeve ut ein 2-kroners minnemynt. Mynten blei laga av Gunnar Utsond, med motivet «Mor Norge». Mor Norge fann han i Dalane på husmannsplassen Haugen, og ho heitte Birgit Haugen. Med minnemynten, og bibelen etter Birgit laga vi ei «miniutstilling» om denne hendinga. Denne vesle utstillinga slår tre jubileum saman: 200-årsjubiletet for grunnlova, 100-årsjubileet for mynten og 150-årsjubileet for Gunnar Utsond
  10. Dagbøkene til Ole Blom blei ikkje ferdige i 2014. Vi reknar med at dei blir ferdige i 2015.
  11. Heimesida vår. Det blir stadig lagt ut nye bilete på heimesida vår. Sverre er den som har funne flest bilete. Vi oppmodar alle som har bilete som kan ha interesse, om å koma med dei. Det kjem også inn anna historisk stoff på denne sida av og til.
  12. I haust laga vi også ei side på Facebook. Her har vi lagt ut bilete etter kvart. Somme av desse bileta har hatt svært mange «treff».
  13. Styret vil rette ein stor takk til biblioteket for godt samarbeid i året som gjekk. Dette gjeld både utstillingar og arrangement på biblioteket og andre stader.

 

For Kviteseid historielag
Februar 2015

Johannes Skarprud
leiar