Kviteseid historielag
Årsmelding for 2015

Fredag 6. mars 2015 hadde Kviteseid historielag årsmøte på Sundvang. 20 frammøtte. Årsmøtet handsama årsmelding og rekneskap utan merknader.
Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, skrivar Åse Irene Pedersen, kasserar Dagny Ruud Lie, arkivar Sverre Bakken.
Varafolk: Leif Roholdt, Svein Straumsnes, Hans Øy.
Redaksjonsnemnd: Tore Skaug, Steinar Smeland, Jørgen Moen.
Rep. i styret for støttelaget: Tore Midtsund.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Torgeir Kråkenes.
Valnemnd: Arvid Syftestad, Aasne Straumsnes.
Kontaktperson for pilgrimsvandringa: Eivind Aasmundtveit og Håkon Heggtveit.
På grunn av ei misforståing blei det ikkje vald noko nytt styremedlem etter Emanuel Riis.
I første styremøte etter årsmøtet rykte Leif Roholdt opp som fast medlem i styret.
Torleif Omtveit døydde våren 2015. Styret takkar han for innsatsen gjennom mange år i laget.
I 2015 blei laget registrert i «Enhetsregisteret» i Brønnøysund. Ved utgangen av 2015 hadde laget 102 betalande medlemmer. For første gong er vi over 100 medlemmer, men vi tek gjerne mot fleire.
Kviteseid historielag har dette året hatt fem styremøte.

Aktivitet i året har vore:

  1. Den viktigaste oppgåva som laget gjer kvart år, er utgjevinga av ”Gamalt frå Kviteseid”. Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. I år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar. Vi hadde “boklansering” på Sundvang kulturhus den 17. november. Meir enn 80 menneske møtte opp, og hadde ein triveleg kveld saman med spelemann og felemakar Ottar Kåsa som fortalde og spela. Elles var det flaumbilete både frå hausten 2015 og frå 1927. Kaker, kaffi og utlodding
  2. Historielaget hadde også i år fotoutstilling på Biblioteket i Kviteseid i samband med Kviteseidmarken. I år var det postkort frå Brunkeberg og Morgedal som var temaet.
  3. mai hadde historielaget tur til krigsminna ved Reinskås i Vrådal. Birger Skipar var med som informant og kjentmann. Om lag 30 deltakarar fekk ein minnerik tur i det fine vårveret. Sjå meir om krigsminna i Gamalt frå Kviteseid 2015
  4. I samband med 75-årsmarkering for krigsutbrotet og 70-årsmarkering for freden, hadde historielaget ei lita utstilling på bryggja om hendingar knytt til krigsåra i Kviteseid. Utstillinga stod i pakkbua på bryggja i Kviteseid i sommar.
  5. På bygdetunet i Utsonhalli, hadde historielaget i samarbeid med Vest-Telemark Museum ei utstilling av bilete om bruene i Spjotsodd- og Sunde-sundet. Sjå meir om historien til desse bruene i Gamalt frå Kviteseid 2015.
  6. august hadde historielaget ein felles tur med Seljord sogelag på heia ved Heivatn. Harald Smeland var med som informant og kjentmann. Bra frammøte.
  7. Arbeidet med dagbøkene til Ole Blom er no inne i «sluttfasen». Våren 2016 kjem boka ut. Det som no står att er den siste korrekturen og plassering av illustrasjonar og liknande. Arbeidet har vore ganske omfattande. Vi fann også meir stoff til boka i år, det siste var ein protokoll med brevkopiar av Ole som blei funnen i kyrkjearkivet på Kongsberg.
  8. Heimesida vår får stadig nye innslag, og vi oppmodar alle til å koma med stoff som kan ha interesse på denne sida. Bilete er vi særs glade i.
  9. Facebook-sida vår har også blitt godt kjend, og ser ut til å interessere folk.
  10. Styret vil rette ein stor takk til biblioteket for godt samarbeid i året som gjekk. Dette gjeld både utstillingar og ulike arrangement både på biblioteket og andre stader.

For Kviteseid historielag
Februar 2016
Johannes Skarprud
leiar