Kviteseid historielag
Årsmelding for 2016

Torsdag 18. februar 2016 hadde Kviteseid Historielag årsmøte på Waldenstrøm kafe. Til årsmøtet møtte 23 medlemer. Årsmelding og rekneskap blei samrøystes godkjende.
Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, skrivar Åse Irene Pedersen, kasserar Dagny Ruud Lie, arkivar Sverre Bakken, styremedlem Leif Roholdt
Varafolk: Svein Straumsnes, Hans Øy, Sigrid Stråndi Slettemeås
Redaksjonsnemnd: Tore Skaug, Steinar Smeland, Jørgen Moen.
Rep. i styret for støttelaget: Tore Midtsund.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.
Valnemnd: Arvid Syftestad, Aasne Straumsnes.
Ved utgangen av 2016 hadde laget 112 betalande medlemer, ein auke på 10 stk. frå i fjor.
Kviteseid historielag har dette året hatt fem styremøte.

Aktivitet i året har vore:

  1. I år blei endeleg dagbøkene til Ole Blom ferdige. Arbeidet har teke meir enn tre år. Vi har hatt eit svært godt samarbeid med Vest-Telemark Museum om desse bøkene. Resultatet blei eit flott verk i to bind på tilsaman om lag 800 sider. I redaksjonsnemnda har sete frå VTM: Dag Rorgemoen og Per Ormestøyl, frå historielaget: Leif Roholdt og Johannes Skarprud. Bøkene blei lansert i samband med opninga av bygdetunet den 12. juni. Lanseringa starta med eit flott skodespel/tablå om Ole Blom og venene hans i tunet på Kviteseid gard skrive av Svein Dag Midtsund. Framføringa stod han, Marie Midtsund og Gunnar Osen for, og med litt song av Johannes Skarprud. Seinare var det foredrag av Gunnar Bolstad, song ved Ågapet og opning av Ole Blom-utstilling i Utsondhalli. God mat, strålande vær og svært mange frammøtte gjorde dagen til ei flott markering av dagbøkene til Ole Blom.
  2. Det årlege storhendet i laget er utgjevinga av «Gamalt frå Kviteseid» Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar. Vi hadde “boklansering” på Sundvang kulturhus den 22. november. Meir enn 50 menneske møtte opp, og hadde ein triveleg kveld saman med botanikar Inger Nordal som tok oss med på ei spanande blomstervandring med tittel: «Ein dag i Blytts hage. Blomar og historie i lett sommarblanding». Det var også kaker, kaffi og utlodding.
  3. Historielaget hadde også i år fotoutstilling på Biblioteket i Kviteseid i samband med Kviteseidmarken. I år var det bilete frå Landsrennet i 1954 i Kviteseid som var temaet.
  4. Torsdag 26. mai møtte det fram meir enn 30 personar på den gamle kyrkjegarden i Vrådal. Leif Roholdt hadde funne fram takspon, golvplank, panelar og ikkje minst kyrkjedøra frå den gamle kyrkja. Han fortalde om korleis kyrkja hadde sett ut, og historien til både denne og den som stod her før. Like utanfor murane til kyrkja ligg det tre gravhaugar frå vikingtid. To av desse tok vi også ein kikk på. Turen blei avslutta med ein tur bort i tunet på Roholdt der vi såg på det som blir sagt skal vera ein gapestokk. Dei frammøtte kosa seg i det fine været med ei innhaldsrik og svært interessant turoppleving.
  5. I samband med 100-års feiringa av kyrkjene i Kviteseid og Fjågesund hadde historielaget ei lita fotoutstilling med bilete frå desse kyrkjene. Utstillinga stod i pakkbua på bryggja i Kviteseid i sommar.
  6. Sundag 16. oktober var det byvandring i Kviteseidbyen. På tross av litt småregn og hustre vær samla det seg meir enn 70 personar på Waldenstrøm kafè som ville vera med på vandringa. Gunnar Ruud var vegvisar og fortalde om Erik Werenskiold og hans tid i Byen. Vandringa stoppa i hagen til Ruud si forretning og her på Vest-Telemark største storskjerm (på veggen til det tidlegare handelslaget) blei det vist bilete frå liv og lagnad i Kviteseidbyen. Innimellom desse bileta blei det også vist bilete som Werenskiold har måla og teikna frå Kviteseid.
  7. Heimesida vår får stadig nye innslag, og vi oppmodar alle til å koma med stoff som kan ha interesse på denne sida. Bilete er vi særs glade i.
  8. Facebook-sida vår har også blitt godt kjend, og ser ut til å interessere folk.
  9. Styret vil rette ein stor takk til biblioteket for godt samarbeid i året som gjekk. Dette gjeld både utstillingar og ulike arrangement både på biblioteket og andre stader.

For Kviteseid historielag
Februar 2016

Johannes Skarprud
leiar