Kviteseid historielag
Årsmelding for 2018

Tysdag 27. februar hadde Kviteseid historielag årsmøte i Galleri Louis Moe i Vrådal. Til årsmøtet møtte 21 medlemer. Årsmelding og rekneskap blei samrøystes godkjende.
Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Svein Straumsnes
Varafolk: Hans Øy, Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen
Redaksjonsnemnd: Tore Skaug, Steinar Smeland, Jørgen Moen.
Rep. i styret for støttelaget: Tore Midtsund.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.
Valnemnd: Arvid Syftestad, Petter Wraa
Ved utgangen av 2018 hadde laget 118 betalande medlemer, ein liten auke frå i fjor.
Kviteseid historielag har dette året hatt fire styremøte.

Aktivitet i året har vore:
1. Det årlege storhendet i laget er utgjevinga av «Gamalt frå Kviteseid». Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
Vi hadde “boklansering” på misjonshuset i Kviteseid den 29. november. Bort i mot 80 menneske møtte fram.
I 2018 var det 100 år sidan første verdskrigen tok ende. Dette blei markert i boka i år, mellom anna med eit fyldig stykke om Aslak Kolbu som var med i krigen som amerikansk soldat. Elles teikna Jon Berge til eit eventyr etter Anne Jorgrav, og Johannes Skarprud las.
2. Stadnamn etter Thor Wraa.
I år har ein for alvor kome i gang med å digitalisere, og kartfeste stadnamna som Thor Wraa har samla inn. Historielaget har saman med Vest-Telemark museum søkt og fått innvilga pengar frå språkrådet. Per Ormestøyl frå VTM er prosjektleiar, og saman med han er Stein Larsen og Sverre Bakken svært aktive drivarar av prosjektet. I løpet av året har dei også fått med seg mange «grendemenn» til å vera med på arbeidet. Totalt er det samla inn mellom 9 og 10-tusen namn. Ved årskiftet var om lag fem tusen av desse kartfesta.
3. Historielaget hadde også i år fotoutstilling på Biblioteket i Kviteseid i samband med Kviteseidmarken. I år var det postkort frå Vrådal som var tema.
4. Onsdag 30. mai stilte Ragnar Haustøl med buss på Brunkeberg sentrum og fylde bussen til siste plass med forventningsfulle passasjerar. Turen gjekk om Garvik før vi snudde attende til Åsgrend. Var innom Øvsttveiten og såg på stampa. Vi var også oppom Åse der vi fekk nyte utsikten saman med ein kopp kaffi. Innimellom desse stoppa fekk vi masse informasjon av Ragnar, som også tok nokre viser. Ein stor takk til sjåfør, forteljar og kakebakar Ragnar.
5. Kommunen har sett i gang arbeid med ein kulturminneplan. Historielaget er med på dette arbeidet
6. Aktiviteten på heimesida vår har ikkje vore så stor som tidlegare år. Vi oppmodar alle til å koma med stoff som kan ha interesse på denne sida. Bilete er vi særs glade i.
7. Facebook-sida vår har også blitt godt kjend, og ser ut til å interessere folk.
8. Styret vil rette ein stor takk til biblioteket for godt samarbeid i året som gjekk. Det ser ut til å bli eit godt samarbeid med den nye bibliotekaren.
9. Tore Skaug har vore redaktør for dei 20 siste utgåvene av «Gamalt frå Kviteseid». No har han sagt i frå seg dette arbeidet, og historielaget takkar han for svært dugande arbeid i desse 20 åra.

For Kviteseid historielag
Februar 2019

Johannes Skarprud,
leiar