Torsdag 9. mars 2017 hadde Kviteseid Historielag årsmøte på Skieventyret i Morgedal. Til årsmøtet møtte 24 medlemer. Årsmelding og rekneskap blei samrøystes godkjende.
Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, skrivar Åse Irene Pedersen, kasserar Dagny Ruud Lie, arkivar Sverre Bakken, styremedlem Leif Roholdt
Varafolk: Svein Straumsnes, Hans Øy, Sigrid Stråndi Slettemeås
Redaksjonsnemnd: Tore Skaug, Steinar Smeland, Jørgen Moen.
Rep. i styret for støttelaget: Tore Midtsund.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.
Valnemnd: Arvid Syftestad, Petter Wraa
Ved utgangen av 2017 hadde laget 115 betalande medlemer, ein liten auke frå i fjor.
Kviteseid historielag har dette året hatt fire styremøte.

Aktivitet i året har vore:
1. Det årlege storhendet i laget er utgjevinga av «Gamalt frå Kviteseid». Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
Vi hadde “boklansering” på Sundvang kulturhus den 28. november. Meir enn 50 menneske møtte opp.
I 2017 var det 200 år sidan Maren Ramskeid blei fødd. Dette blei markert med eit lite stykke i årboka i år. Kari Lønnestad frå folkemusikkarkivet i Telemar fortalde om henne og song utdrag frå Draumkvedet sæleg i tradisjon etter Maren. Arne T. Aabø fortalde om spelemannen Lars Målar, og Torunn Raftevold Rue spela slåttar etter han og andre.
2. Kviteseid historielag saman med Vest-Telemark museum fekk i 2017 Rikard Berges pris for lokalhistorie for Telemark. I grunngjevinga for pristildelinga heiter det mellom anna:
Historielaget har, i samarbeid med Vest-Telemark museum, lagt ned eit stort arbeid for å leggje til rette dette materialet for prenting. Gunnar Bolstad har skrive ei innleiing, både til verket og til stoffet for kvart enkelt år, og fleire personar har arbeidd med å utforme eit forklarande noteapparat. Transkripsjonane, som var eit omfattande arbeid, vart også gjennomførde ved dugnadsinnsats. I søknaden frå historielaget blir ein person, Eva Mandt, framheva i dette arbeidet. Utan hennar innsats ville ikkje dagbøkene blitt utgjevne.
Med «Ole Blom – Dagbøker og brev 1809 – 1846» har vi fått ei viktig og rik kjelde om Bratsberg, og særleg Kviteseid-samfunnet, første del av 1800-talet. Arbeidet med å gjere dette stoffet godt tilgjengeleg og leggje det til rette for historisk kunnskap, fortener Rikard Berges pris.
3. Historielaget hadde også i år fotoutstilling på Biblioteket i Kviteseid i samband med Kviteseidmarken.
I år var det ein ny runde med skulebilete som var tema.
4. Tysdag 23. mai var historielagt på tur til Vrådal og såg på slusemuseet.
Leif Roholdt fortalde om slusemuseet, og om liv og virke langs heile vassdraget. Om lag 30 frammøtte fekk ein triveleg kveld med både ny kunnskap, og ei matpause i den finaste vårkvelden ein kan tenkje seg.
5. Kyrkjegardsvandring i Fjågesund. På tross av store nedbørsmengder tidlegare på dagen var det bort i mot 15 som trassa været og møtte fram på kyrkjegarden i Fjågesund onsdag 7. juni. Her fekk vi interessante forteljingar om folk som hadde hatt sitt liv og virke i Fjågesund. Gunnhild Gravir og Karin Maria Larsen fortalde om slekt og andre kjentfolk frå Fjågesund. Etter kyrkjegardsturen blei det ein tur inn i kyrkja. Her fekk vi ei innføring i korleis kyrkja blei bygd, og liv og virke i dei hundre åra etter. Dei aller mest hardføre avslutta turen nede på bryggja med kaffi og kaffimat.
6. Også i år fann historielaget fram bilete til utstilling på bryggja i Kviteseid. Bileta er no kopiert opp i ei solid utføring. Desse bileta kan henge oppe nokre år. Truleg kan det vera lurt å skifte nokre av dei litt etter kvart.
7. Båttur med «Fram». Onsdag 30. august hadde Kviteseid historielag invitert til båttur med «Fram» i Vrådal. Nesten 60 var med på turen, og dei storkosa seg i det fine vêret denne kveldsbeita. Gode gaidar losa forsamlinga rundt i øylandskapet i Vrådal. Det blei også tid til både diktopplesing og songinnslag.
8. Heimesida vår får stadig nye innslag, og vi oppmodar alle til å koma med stoff som kan ha interesse på denne sida. Bilete er vi særs glade i.
9. Facebook-sida vår har også blitt godt kjend, og ser ut til å interessere folk.
10. Styret vil rette ein stor takk til biblioteket for godt samarbeid i året som gjekk. Vi vil takke Anne Brit Borgen som no har pensjonert seg, for eit godt samarbeid gjennom mange år. Vi vonar på eit like godt samarbeid med den nye bibliotekaren.

For Kviteseid historielag
Februar 2018

Johannes Skarprud,
leiar