nov
21
tor
Lansering av «Gamalt frå Kviteseid»  ·>> Misjonshuset i Kviteseid
nov 21 kl. 19:00 – 21:00

Gamalt frå Kviteseid 2019, inneheld som vanleg mykje godt og variert stoff. Dette vil du få små smakebitar av denne kvelden. Du får høyre litt om Kviteseid Misjonslag og Fredheim før og etter 1932. Telemarksongar vil du få nokre smakebitar av, og ikkje minst vil vi markere at no har alle stadnamna etter Thor Wraa kome på nett. I boka finn du mykje meir.
Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe. Det blir servert kaffi og småkaker. Gratis inngang. Utlodding

Alle hjarteleg velkomne!