Rikard Berges pris 2017 for lokalhistorie i Telemark til Kviteseid historielag og Vest-Telemark museum

Bilete frå Varden
F.v.: Per Ormestøyl VTM, Johannes Skarprud Kviteseid historielag og Tor Kjetil Gardåsen som stod for utdelinga.

Prisen blei overrekt under Telemark historielag sitt årlege seminar som denne gong hadde temaet NS i Telemark og blei halde på Brekkeparken kafe i Skien laurdag 22. april.

Grunngjeving for tildelinga:

Rikard Berges pris for 2017 blir tildelt Kviteseid historielag og Vest-Telemark museum for utgjevinga av «Ole Blom – Dagbøker og brev 1809-1846». Utgjevinga har skjedd i samarbeid med Telemarksarkivet, der  nokre av bøkene vart arkiverte og i si tid sikra av Rikard Berge etter at han hadde vore lærar i Kviteseid, og budde på Neset der Ole Blom heldt til i 29 år.

Materialet som for det meste omfattar to dagbøker for tidsromet fram til slutten av 1840-åra, er nedteikningar Ole Blom gjorde i sitt liv som storbonde, med omfattande verksemd i jord-og skogbruk, og med mange tenarar og dagarbeidarar, og som sentral tømmeroppkjøpar og sagbruks-forvaltar i amtet. Som aktør i trelastnæringa utvikla han stor ekspertise som skribent, vist m.a. gjennom omfattande korrespondanse med i første rekkje handelseliten i Bratsberg. Han fekk også posisjonar som utøvande embetsmann, som forlikskommissær og to gongar som stortingsmann. Uten sjølv å vere embetsmann, tilhøyrde han eliten i amtet.

Dagbøkene og breva er, ikkje minst på grunn av Bloms sterke evner som skribent, ei rik kjelde til Vest-Telemarks og Bratsbergs historie i det omhandla tidsromet. Materialet gjev god kunnskap om samhandelen mellom dei vestre og øvre bygdene og kystdistrikta og byane, men gjev sjølvsagt også godt innsyn i Kviteseid-samfunnet.

Historielaget har, i samarbeid med Vest-Telemark museum, lagt ned eit stort arbeid for å leggje til rette dette materialet for prenting. Gunnar Bolstad har skrive ei innleiing, både til verket og til stoffet for kvart enkelt år, og fleire personar har arbeidd med å utforme eit forklarande noteapparat. Transkripsjonane, som var eit omfattande arbeid, vart også gjennomførde ved dugnadsinnsats. I søknaden frå historielaget blir ein person, Eva Mandt, framheva i dette arbeidet. Utan hennar innsats ville ikkje dagbøkene blitt utgjevne.

Med «Ole Blom – Dagbøker og brev 1809 – 1846» har vi fått ei viktig og rik kjelde om Bratsberg, og særleg Kviteseid-samfunnet, første del av 1800-talet. Arbeidet med å gjere dette stoffet godt tilgjengeleg og leggje det til rette for historisk kunnskap, fortener Rikard Berges pris.

Komiteen for prisen:
Olav Rovde, styret Telemark Historielag (leder av komiteen)
Sigrid Bø, Høgskolen i Sør-Øst Norge, Institutt for kultur og humanistiske fag
Tor Kjetil Gardåsen, Telemark Museum, kontaktperson for prisen, tlf 938 36 389

Om Rikard Berges pris:

Rikard Berges pris er ein pris til fremje av godt lokalhistorisk arbeid i Telemark. Prisen deles ut av Telemark Historielag. Prisen er på kr. 5000,- i tillegg til ei plakett. Meir om Rikard Berge, pris og vedtekter på Telemark Historielags hjemmesider: