§1

Kviteseid historielag har til oppgåve å vekkje historisk interesse, auke og spreie kunnskap om Kviteseid gjennom tidene, verne om dei materielle kulturminna i kommunen og berge den munnlege tradisjonen som enno finst om liv og arbeid i eldre tid.

§2

Laget set seg desse arbeidsoppgåvene:

  • vera med å samle inn folkeminne, stadnamn og all slag tradisjon som knyter seg til ætt og heim og arbeidsliv.
  • samle inn or bøker og blad og frå arkiv slikt som har, eller som ein kan tenkje seg vil få, historisk eller kulturelt verd for folket i Kviteseid.
  • samarbeide med bygdesogenemnd og bygdetun-nemnd.
  • arbeide for at heimkunnskap og lokalhistorie får ein sterk plass i skulen, og at lærarane får praktisk rettleiing i faget.
  • skipa til møte om lokalhistoriske emne.

 §3

Laget skal ha eit styre på fem medlemer med tre varamedlemer. Leiaren blir vald kvart år ved særskilt val. Styret vel seg i mellom nestleiar, kassestyrar og skrivar. Det skal veljast ein revisor med varamedlem. Ingen av desse må vera med i styret. Det kan ikkje gjerast lovleg vedtak i styret utan leiaren eller varaleiar og minst to andre styremedlemer – eller varamedlemer er tilstades.

Leiaren, skrivaren og kassestyraren er arbeidsutval for styret. Alle val gjeld for to år når ikkje anna er nemnt.

 §4

Årsmøtet held ein kvart år innan utgangen av mars. Styret gjer årsmøtet forsvarleg kjent i høveleg tid føreåt. I årsmøtet har alle som har betalt årspengar for siste året røysterett.

Styret legg fram årsmelding, revidert rekneskap og dreg opp ramma for lagsarbeidet fram til neste årsmøte.

Årsmøtet vel:

  1. Styret og varamedlemer for desse.
  2. Valnemnd på 2 personar med eit varamedlem.
  3. Revisor med varamedlem,
  4. Redaksjonsnenmd  – årsmøtet fastset talet på medlemer og funksjonstid.

Årsmøtet fastset årspengane til laget.

 §5

Årsmøtet kan med 2/3 fleirtal brigde lagslovane. Framlegg til brigde må vera kome til styret minst ein månad føre årsmøtet, og i tilfelle bli gjort kjent for medlemene samstundes med kunngjering om årsmøtet.

 

Vedteke i møte 10. oktober 1985 med endringar vedtekne på årsmøte 16. januar 2003.