Velkomen

.. til nettunet til Kviteseid historielag!Kommunehuset speglar seg i dei gamle vindua på biblioteket (Foto: Siri Johannesen)

Tunet har mange vindauge til fortid, med von om at det du ser
skal vere til nytte i notida og framtida. Å take vare på røynslene,
gode og mindre bra, gjer ein betre rusta til å take gode val for
ein sjølv og andre og dei som tek over!

Bli med i historielaget og form framtida …!

Bygdenamnet Kviteseid har fått ymse tolkingar millom dei lærde; men dei fleste meiner no namnet skriv seg frå den kvite, glitrande fjorden som ein støtt har for auga, (oldn. Hvitstir).

Stadnamn engasjerer

Botolv Helleland heldt eit engasjerande innlegg om stadnamn og tyding av slike namn. (Foto: Anne Sofie Tresland)

Helleland drog fulle hus på Waldenstrøm kafe torsdag 17. januar.
Bort i mot 80 personar møtte fram, men alle fekk kaffe og kaker.
Tema var stadnamn.
Prosjektet er digitalisering av stadnamn i Kviteseid.
Arbeidet går med stormskritt framover noko som ein kan takke Per, Stein og Sverre for, og no også ei stor gruppe andre som er med å får namna inn på digitalt kart.

Gamalt frå Kviteseid 2018 er her

Bort i mot 80 frammøtte fylde salen på misjonshuset i Kviteseid

Torsdag 29. november var det lansering av «Gamalt frå Kviteseid 2018» på misjonshuset i Kviteseid. Bort i mot 80 frammøtte fylde heile salen. Stemninga var god og forsamlinga fekk høyre om Aslak Kolbu som både emigrerte til Amerika, var med i første verdskrigen og kom heim att og slo seg til rod i Kviteseid. Han var også ein habil skihoppar på dei tider. Barnebarnet Kjell Kolbu fortalde om han. Elles blir Anne Jorgrav frå Kilen trekt fram i boka. Ho var ein svært god eventyrforteljar som sat inne med mange eventyr. Rikard Berge fekk samla mange av desse. Jon Berge teikna eventyret Gullfuglen og Johannes fortalde. Elles gjekk loddsalet og boksalet godt, og folk kosa seg med kaker, kaffi og med gode røur.

Kviteseid historielag på busstur i Åsgrend.

Her ser vi på stampa på Øvsttveiten

Onsdag 30. mai stilte Ragnar Haustøl med buss på Brunkeberg sentrum og fylde bussen til siste plass med forventningsfulle passasjerar. Turen gjekk om Garvik før vi snudde attende til Åsgrend. Var innom Øvsttveiten og såg på stampa. Vi var også oppom Åse der vi fekk nyte utsikten saman med ein kopp kaffi. Innimellom desse stoppa fekk vi masse informasjon av Ragnar, som også tok nokre viser.
Ein stor takk til sjåfør, forteljar og kakebakar Ragnar.

Årsmøte 2018

Full aktivitet i pausa med kaffi, loddsal og diskusjon av ymse slag

Tysdag 27. februar hadde historielaget årsmøte i Galleri Louis Moe i Vrådal.  Etter årsmøtesakene var det pause med kaffi, kaker og loddsal. Etter pausa blei det vist over 80 postkort frå Vrådal på skjerm. Resultatet av valet og årsmelding finn du under fana «Om laget». Dette året hadde laget 115 betalande medlemer. Medlemstalet har auka noko for kvart år. Er du ikkje medlem, så meld deg inn no.