Marcus Henrik Florentz frå Kultursoga03Florentz blei neste fut, og sat i embetet frå 1811 til 1836. Når det gjeld haldningar og interesser hadde han ikkje so lite sams med Cloumann, noko som vel for ein del må tilskrivast at han var oppfostra i huset hjå gamlefuten, og hadde fått si grunnleggjande opplæring i yrket som skrivekar hjå han. Like dugande som læremeisteren sin var han ikkje på langt nær, men det skulle no heller ikkje so lite til.

Florentz var fødd 15.5. 1775 som son av ein tollar i Risør, men hamna 10 år gamal på Moen hjå Cloumann, som gjennom kona si hadde eit visst slektssam­band med mor hans, og som heile livet gjorde seg ein vane av å taka hand om uforsytte embetsmannsborn og andre som trong hjelp.

Berre 15 år gamal byrja Florentz å få opplæring i skrive-handverk og sakshandsaming på kontoret hjå fosterfaren, og han arbeidde her til han i 1797 for til København for å få seg ei ubetala lærlingestilling i Rentekammeret («volon­tør»). I 1799 hadde han lært nok til å framstille seg til juridisk embetseksamen, og oppnådde her beste karakter, men heldt likevel fram som volontør og kopist til 1802, då han for heim til Kviteseid for å bli futefullmektig. I 1808 fekk han prokuratorløyve, og praktisera deretter som sakførar eit par år. I 1810 gifte han seg med dotter av fosterfaren, Elizabeth Adelheid Cloumann, og flutte med henne til Midgarden Gjelstad, som han nett hadde fått kaupe. Året etter drog gamlefuten seg attende frå embetet.

So kunne Florentz taka over som fut (22.7.1811). Berre nokre månader seinare (12.11.) døydde kona hans på barselseng. I 1813 gifte han seg omatt med Anna Dorthea Rye, ei dotter av oberst Rye i Bø. Dei budde på Gjelstad til i 1821, då dei bytte bort denne garden i Roeid, og flutte dit. På Roeid husa Florentz so svært opp at tunet blei av dei gildaste i Sundbygdi. Hovudbygningen hans – oppsett i empire-stil – står enno.

I fylgje Aasmund Olavsson Vinje, som kjende han godt, var han både rettskaffen og på sitt vis ein flink kar, endå om han «ingin reikenskapsmann var, og sumlad ihop det eine med det andre». Tormod Knudsen Borgejordet var inne på det same: «Reknskapane aat gamlefut ser ut som naar du rører i ein lappekopp», sa han. Og ikkje nok med det, fortel Rikard Berge: «Det var so reint for litin styr, og so var han for god i seg». Men medan han var i sin brage, skriv Vinje, hadde han «likso godt grip på at finna ut dei beste hovud, som han hadde hjartelag til at hjelpa deim fram». Millom fullmektigane og skrivekarane sine kunne han difor telje folk som Peter Mandt (sidan lensmann i Lårdal), Tormod Knudsen Borgejordet (sidan ordførar i Kviteseid og stortingsmann) og Åsmund Grave (lensmann i Seljord og stortingsmann). Med slik hjelp kunne det gå godt, men etter vel so 20 år i embetet fekk han visst utrugne undermenn og tenarar, blei mistenkt for underslag og måtte draga seg attende frå stillinga si. Rikard Berge skriv om dette:

«Då han tok avskil, sat han med ei kasseskuld paa mange tusund, er det sagt. De var so fælt som sto ute; styringi lovast til å taka skuldi mot avdrag. Men daa de gjekk 6-7 aar, fyrr de vart noko, var mange restskuldir ikkje til aa faa lenger. Styringi kravde for de, og lyste gardane hans til sals den eine venda etter den andre; men nokon auksjon vart ikkje haldin, og alt dovna burt av sjølve seg. Tormod Borgejorde var nettupp komen paa Stortinge, og de var dei som vilde vita, at han la inn eit godt ord for Gamlefuten».

Soleis kom Florentz forsovidt godt ifrå det,»…men han harmad seg endaa, og trudde seg urettferdig medfaren».

Han kom aldri innatt i embetet. Men han blei buande i Kviteseid all sin dag, blei mykje gamal (d. 19.12. 1869), og var omtykt av bygdefolket, om han enn hadde ord for å vera snøggsinna: «’Han er so snille som nokot Menneske kan vera, denne Gamlefuten, men helle hastige», høyrde du rett som det var», fortel Vinje, og gjev han vidare attest for å ha vore «ein folkelig Mann», som «hadde livt seg so saman med sine Theler i desse tvo Mannsaldrar, han hadde voret der, at han i Tankemaate og Omsorg var som eitt med deim».

Om det ikkje var mykje greie på papirmylla hans, so kunne han då likevel gå i fotefara etter verfaren og fyremannen sin med framstigsstrev og opplysingsarbeid, og «lærde Folket her uppe mange nye Forbetringar, so som i Vegbrjoting, kunstig Eng, Vatsleidingar, Plantingar osv.»

I somt var det likevel ikkje anna råd enn å fylgje gamal, tungvind bygdeskikk: Ei tid åtte han Botnedalen i Mo, og hadde støylsdrift der. Det fortelst at han frakta høy derifrå til Roeid; turen tok 2 dagar opp og 2 dagar ned!

Vinje avslutta minneorda sine om Florentz som fylgjer: «Kort: Eg trur han var so god ein Fut som det paa den Tid var mogelegt at vera, og den betre Folkemeining der uppe var og af sama Tanken, og utan dette kunde han heller ikke hava voret so afhalden, som han var.»

 

****

 

At futane Cloumann og Florentz var «avhaldne» kan no likevel høyrast utruleg. For futen hadde då vitterleg framleis til arbeid å gjera livet surt for folk med å flå dei for skattar og avgifter. Eller var det so at skattane minka i Cloumann og Florentz si embetstid?