I Tokke Historielags årsskrift 1987 blir det fortald meir om den framsynte morgedølen:

Aasmund Nordgaard 02Han vart fødd på Gjersund i Morgedal, son av Saamund Saamundsson Gjersund og Tone Torjusdotter Lundevall. Saamund Saamundsson hadde halvbroren Eivind Dalen og sonen hans, Olav Dalen, var soleis syskenbarn til Aasmund Nordgaard. Denne Olav Dalen var bestefar til Knut Knutson Oftelid.

 

Aasmund Nordgaard vart i 1805 omtala av Pram som ein framifrå metallarbeidar og urmakar, og for futen Cloumann i Kviteseid laga han ei maskin til å lage potetbraud med. I ung alder kom han til Jacob Aall på Nes Jernverk, og der bygde han m.a. ein masovn. Han vart gift med husjomfrua der, Lovise Dorothea frå Berge ved Grimstad. Ho var fødd i 1776 og døydde i 1859 på Dalen. Jacob Aall hjelpte Nordgaard til å få sjå Trollhättankanalen i Sverige.

 

I 1814 vart Aasmund Nordgaard vald til det fyrste storting, og han kom med i den viktuge 15 mann sterke «forhandlingskomiteen» som vart sett saman av dei mest dugande tingmenn. Her var Nordgaard og Erik Nord frå Nordfjord dei einaste bønder, båe med liknande utrusting og interessor.

Dei var og båe tvo med i deputasjonen som 10. oktober tok i mot Christian Fredriks fråsegn i Bygdøy Kongsgård, der danskeprinsen seier ifrå seg den norske trona. Dei var likeins med i sendeferdi til Stockholm på 7 mann der og millom andre Christia og Neumann var med. Dei drog frå Christiania 29. november og kom til Stockholm 11. desember. Dei skulde bera fram for kon­gen den endra Grunnloven og valakti.

 

I eit samtidig upprit frå denne ferdi heiter det: «Den 13. des. var det gallagjestebud hos Kongen, og her var samlet det fornemste og fineste av Sveriges aristokrati og adel, riddere i røde fløyelskåper, hoffmenn i lyseblå og damer i hvit silke. Stjerner og ædle stener glimtet og lynet i krystalkroners glans. Festens midtpunkt var den norske delegasjonens medlemmer, der trods sine endeframme manerer og beskjedne dragter, viste en mandig optreden og ikke var i minste maade forlegne, ikke engang i kongefamiliens nærvær. Denne optreden imponerte alle. Særlig var den statelige Christie og de to bøndene Nord og Nordgaard i sine enkle, prunkløse, stilfulle nasjonaldrakter gjenstand for megen opmerksomhed.

 

Erik Nord var klædt i samme slags dragt som han hadde på tinget: hvid vadmelstrøye med sølvknapper og grønne taggede kantinger, sort vest, sort knebukse med sølvknapper og sølvspenner ved knærne, spriklede sokker og lave sko med sølvspenner i. Det fortelles at dronningen ved gallafesten hendvendte sig med et par naadige, om end ikke netop særlig aandrike — ord til Nord:

«Hår år mycket varmt.»

«Ja», svarede Nord, «det trengs varme naar to riker skal sveises sammen».

 

 

Deputationen var i Stockholm nesten en maaned og feiret julen der. Kongens naadesol bredte sit milde skin over utsendingene. Ordener og ærestegn dalede ned over dem. Her viste Nord sig som den beskjedne. Han afslo Vasaordenen som Kongen tilbød ham. I stedet for ordenen fik han en guldmedalje med kjede. Paa medaljen var indgraveret Kongens navn og billede på den ene siden, Nords navn og ærinde på den anden. Han fik desuden en gulddaase med diamanter, værd 1000 kroner.»

 

Dette sitatet om Erik Nord er teki frå Jens Haugen: «Slektsregister Haugen -Nord», utgjeve 1948. Det som elles er nedskrivi her om Aasmund Nordgaard, er henta frå ættesoga for Kviteseid, og frå eit inserat i Varden 12. februar 1957. Det syner at Nordgaard fekk same gåvor av Carl Johan som Erik Nord fekk. I Varden heiter det vidare: «Planene om kanalisering av vassdraget fra Skien var fullt ferdige… fra Norgaards hånd».

 

Og sonen hans, skipsreidar Simon Norgaard, skriv: «At han var den første som fremkastet ideen til sluseverket ved Løveid, vil vel ingen bestride. Jeg har selv sett modellerne dertil, de var fullstendige og detaljerte, utførte og oppstillede i Sagbekken (skal vel vera Sagabekken. red. merkn.) på Dalen. Jeg tror ogsaa han var i Kristiania med modellene, men han var forut for sin tid og ingen heftede seg ved dem. Foruten modeller til sluseverket gjorde han også modeller til vogner som gikk på jernbaneskinner og skulde være til at fragte gods over Geiteryggen. De var endrettet saaledes at naar den ene vogn gik op, gik den andre ned. Ogsaa denne modellen erindrer jeg at have set.»

 

Desse utkast av Nordgaard vart det ikkje noko av, men i alle høve synte han dei styrande i Telemark at det trongst betre transportvegar. Det gjekk enno 30 år før slusene ved Løveid vart ferdige, i 1861, og 60 år innan Bandakkanalen vart opna.»