Skrive av Knut Loupedalen

Stod i «Norig» i februar 1922

Er eit namn som eg tisse er hoste godt te aa koma i gløymeboki. Te de hev han vore telemarkingane og inkje minst kvitseidingen ein altfor god mann. At ”Kosaskulen” (lærarskulen i Kvitseid) kom for de hev me Windfeld og kjeringi aa takke. Ingen annen. Me kjenner alle te, at desse prestefolki gav te denne skulen 1000 riksdaler kvor (i hop 2000 rdl. eller utimot de dei aatte*) Og stort betre hev vel snaut noko pengegaave vore ytt. Maa me ’kje sanne at skulestyrarane Thoresen, Jeremiasen, Taraldsen, Wolff, Hesselberg, Jenssen og Gløersen hev lagt ned eit godt arbeid i Telemarki i dei 70 aar ”Kosaskulen” stod ved lag? Nokle av kons beste menn, prestar og professorar hev byrja skulegonga si der, og ein vil gjønne seia, at sume av dei hev synt seg som manndomsmenn anten me ser dei sessa paa bispe- eller præsidentstolen, paa kathedre, i tingsalen eller i kongens gard. Med desse røyndeting for ouga vilde de vore eit under, um ikkje me telemarkingar hadde desse velgjerdsfolki i kjært minne.

            Windfeld er fødd på Sjælland i 1735. Kom so te Norig i 28-aarsalderen og var huslærar ei tid. I 1767 blei han kapellan hjaa Brochmann i Kvitseid og i 1776 hans ettermann i Kalle. Sama aare han blei kapellan gifte han seg med ”moster” Meldahl, syster te madam Brochmann, ei illbyste av verste slag, han 32 aar gamall, ho 45. Han fekk høyre de andre venda at det var ho som hadde hjelpt han te embætt og livebraud. På prestegarden hadde Windfeld kontore sitt i andre høgdi, og naar ”moster” hadde maten ferdug og dei sille te bords, ropa ho ” Windfeld!” Kom han inkje med de sama, kveste ho i: ”Niels”! Drygdest de endaa før ho høyrde han i troppi, so sette den eitrkveisa te aa rope ”Jute”, so de jalma. Daa var det for ”Juten” aa fote seg (nøyte seg). Ho døydde 71 aar gamol**)  Noko etterpaa gifte Windfeld seg att med Kristence Paus, dotter te sorenskrivaren, og fekk seg daa ei likeso snild og snaal og vellika kjering som ”Sofi moster” hadde vore leid og leidskleg og av all ille lidd. Som gode husfrøya hev ho nok etter vismannens ord ”høyrt seg um etter ull og hørr” (ordt. 31,13) og som ordi gjeng høyrde dei jamleg snella surra inne hjaa ”Kristæns” ”fyr det grydde av dag” ***) Den heimegode kvinna hev ’kje ”ete sitt broud i lete” (v. 27) Men so ser me ho kunde hava noko aa løyve bu og de rett te muns naar stort stod paa. Windfeld døydde i juni 1810 og ligg jorda paa Kvitseid kyrkjegard. Han hadde soleis vore prest i Kvitseid i 43 aar og attaat prost i umlag 20 aar. Han hadde ord for aa vera ein god skulemann, ein flink kateket, men ingen talar. Ein framifraa god jorddyrkar skulde han ou hava vore og hagamann ein av dei bladde. Arkitekt var han ogso, so gjønne ein Børve vilde taka av seg hatten for han. Eg hev sett arbeid av han som hev stade si prøve for fleire domstolar og som houstar vellæte den dag i dag. Fredsmeglar var han ou i ei lang aarrekkje og var vel trudd. Med sin meglar-eid tok han de ’kje lett. Fullgode prov hev me for de. Og so snild og god i seg som han var! Han tolde jamvel ein full brunkeberging ein annandag jol ved Brunkeberg kyrkje køyrde hesten og sleden sin tvert yvi ”Juteslodda” med han sat i (s. vedk. dok. Univerrsitetsb.) Ei tid sidan var de rødur um ein minnestein paa gravi hans. ****) Men no hev de prate svæna ned att. De er vel den aalmenne meining, spaar eg, at den skillingen steinen vilde kosta nyttast betre til slike ”produktive forehavender”  som t.d. soumeskular o.a.d. Med eit gravminne vilde de vel ogso – etter Knut Hamsuns lære – hava blive te de, at fjorde bodordet gjorde vel mykje av seg. Men ein kvitseiding er de daa som hev synt Windfeld si takksemd, og de er husmannssonen Thore Thoresen. Um han nokle radir i neste stykke.

 

*) (Hadde dei pengane vore sette i banken den gong, so hadde vel summen vore paa ymse hundradtusen.)

**) (H.G. Heggtveit. Den norske kyrkje i det nittende aarhundrade.)

***) (Rokken te Kristence med namn og anna er aa sjaa paa Kvitseid bygdesamling den dag i dag. So paakosta rokk er sjella aa sjaa, og med sine gode hundra aar paa baken snur han enno traaden so godt som nokon ny, um de gjeld paa.)

****) Dette er gjort seinare. Lenge etter denne artikkelen er skriven.